Fernand Braudel Center, Binghamton University
http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
Comment nr. 118. Aug. 1, 2003
Har
Saddam Hussein tapt?
Hadde du
vore Saddam og visst at du kom til å tape den andre Golf-krigen, kva hadde du
gjort då?
Har Saddam Hussein
tapt?
Svaret er opplagt, seier styresmaktene i USA. Paul Bremer,
den amerikanske siviladministratoren i Irak, sa nyleg: «Død eller levande,
denne mannen er ferdig i Irak.» Feilen med denne analysen er at han kjem frå
det smale perspektivet til ein som er vant til ein styrkeposisjon i det
geopolitiske spelet, og som derfor måler siger og tap i eit svært kort
perspektiv. Det geopolitiske spelet ser annleis ut frå ein underlegen posisjon,
for då må du sjå lenger framover. La oss sjå korleis krigen i Irak kan sjå ut
for Saddam Hussein.
Arabisk einskap
I 1979
gjorde Saddam Hussein eit blodig kupp mot onkelen sin, og vart sjølv herskaren
i Irak. Han starta på ei vedvarande utreinsking av motstandarar.
Kva ønskte Saddam, utanom rett og
slett å halde seg ved makta? Han ville styrkje den arabiske rolla i
verdspolitikken. Han var tilhengar av større arabisk einskap, og såg nok seg
sjølv som den naturlege leiaren for den arabiske verda, den nye Saladin.
Utvilsamt fanst det andre som tenkte seg den rolla, men ingen var så sterke
etter at Nasser [president i Egypt 1952-1970, o. a.] var ute av biletet.
Dessutan har Bagdad, saman med Kairo, alltid sett seg sjølv som midtpunktet i
den arabisk-muslimske verda.
Saddam såg
det som eit mål å ha mange fiendar. I den arabiske verda var hovudfiendane
kommunistane og islamistane, og begge hata Saddam. I resten av verda var
hovudfiendane Iran og Israel, som hata Saddam, og USA og Russland, som begge
håpa at Saddam hata den andre mest.
Saddam kunne ikkje slåst mot alle fiendane
sine på ein gong. Utan
å kutte banda til Sovjet innleidde han ei stillteiande semje med USA på Ronald
Reagan si tid. Ingen ringare enn Donald Rumsfeld kom til Irak for å skrive
under avtalen.
Kva gjekk
avtalen ut på? Irak angreip Iran. Dette var dels for å vinne land, dels for å
svekkje sjia-motstanden inne i Irak, dels for å få panarabisk prestisje, dels
for å styrkje sitt eige militærvesen.
USA, som på
den tida såg Iran som hovudfaren for interessene sine i Midt-Austen, tykte
dette var ein framifrå idé, og gav (direkte og via allierte som Saudi-Arabia)
militært utstyr, biologiske og kjemiske våpen og etterretningsstøtte til Saddam
Hussein. (Sant nok hadde Frankrike noko tidlegare gjeve irakarane det første
puffet framover med å skaffe seg atomvåpen, men i mellomtida hadde Israel bomba
desse anlegga.)
Sovjet forsvann
Irak-Iran-krigen
var ein fiasko frå Saddam sitt synspunkt. Etter åtte år med strid var alle
tilbake der dei starta, men etter massive tap av liv og ressursar. Men krigen
heldt iranarane opptekne, og det var eit pluss for USA. Saddam kravde lønn for
strevet, men både USA og Saudi-Arabia var trege med å svare. Akkurat på denne tida braut Sovjetunionen saman. Den kalde krigen var over. For
Saddam Hussein var dette ei stor bør som vart borte. Rett nok hadde Sovjet jamt
og trutt skaffa Irak våpen, men prisen for det var at Irak ikkje kunne gjere
noko som ville skade forholdet mellom USA og Sovjet. Endeleg var Saddam
kvitt det hinderet.
I 1990 var
Irak i økonomiske vanskar. Prisen på olje var låg på verdsmarknaden, og krigen
med Iran hadde kosta mykje. Kuwait insisterte på at krigslåna skulle betalast
tilbake.
Saddam rekna
nok omtrent slik: Å invadere Kuwait vil utvilsamt bli kalla aggresjon. Men kan
eg sleppe unna med det? Kven vil
svare? Berre USA kunne vere i stand til å gjere noko seriøst, og USA
hadde lenge vore tvitydig i forholdet til Irak.
Kom til å tape
Dersom
USA veik unna, hadde Saddam vunne. Dersom det svara, vart det krig. I
verste fall ville Irak truleg kome ut utan å tape, for USA ville ikkje våge å
invadere Irak. Ein invasjon ville ha kosta for mange amerikanske liv, og
okkupasjonen ville ha kosta for mykje politisk.
Så etter
den første Golf-krigen fekk Saddam våpenkvile omtrent der han hadde starta.
Nokre tap hadde han lidd. Delar av hæren og luftvåpenet var borte. Ein de facto
kurdisk stat var oppretta i nord, men ingen sjia-stat i sør. Han var underlagt
eit FN-regime for å gjere ende på masseøydeleggingsvåpna sine. Då han var i
stand til å utvise FN-inspektørane i 1998, var det meste av
masseøydeleggingsvåpna borte.
Då George
W. Bush kom til makta, visste Saddam at han var i vanskar, sidan dei fleste av
rådgjevarane til Bush hadde offentleg gått inn for å kaste Saddam berre nokre
år før. Så kom 11. september. Saddam må ha visst at han sjølv, ikkje Osama bin
Laden, måtte svi for dette. Så han sleppte inn att FN-inspektørane i vissa om
at dei ikkje kunne finne noko, sidan han tydelegvis hadde øydelagt eller ikkje
erstatta dei øydelagde masseøydeleggingsvåpna. Snart vart det likevel klårt at
ingen ting Saddam kunne gjere, kunne stoppe den amerikanske invasjonen, sidan
poenget med den var å fjerne Saddam og opprette amerikansk herredømme i
regionen.
Men dersom
han ikkje lenger hadde masseøydeleggingsvåpen, kvifor sa han ikkje frå? Vel, faktisk gjorde han det, men
ingen trudde på han. Så kva kunne han gjere? Han visste at hæren hans
ikkje var særleg sterk, og han visste at han kom til å tape den andre
Golf-krigen.
Førebuingar
Hadde du
vore Saddam og visst at du kom til å tape den andre Golf-krigen, kva hadde du
gjort då? Jau, du hadde sjølvsagt førebudd den tredje Golf-krigen. Korleis då?
For det første måtte du sikre at flest muleg av dei relativt få innbitne lojale
styrkane dine overlevde. Derfor lét du motstanden bryte saman tidleg og
dramatisk. Det andre du måtte gjere, var å skape massiv uorden gjennom
systematisk plyndring. Det tredje var å starte geriljakrig, først retta mot
amerikanske soldatar og så mot kollaboratørar.
Så kunne du ta det med ro og vente
på slitasjen i den amerikanske maktposisjonen. Med tida kunne du rekne med at
opinionen ville snu på to avgjerande stader: I USA ville støtta til operasjonen
smuldre bort med det jamne tapet av liv, dugløysa med å få ordna opp i Irak og
avleiingsmanøvrane frå Bush-regimet. I Irak ville biletet av torturisten
Saddam med tida vike for biletet av den nasjonale motstandshelten Saddam. Sjølv
om USA skulle greie å finne og drepe Saddam, kunne dette biletet av han
overleve. Og biletet av USA, frigjeraren, ville i alle fall falle saman.
Dette er
ikkje heilt som å vere Saladin, den naturlege leiaren for den arabiske verda,
men i knipa må du ta til takke med det du kan få. Bush trur at dersom han
feller Saddam, så har han vunne. Men Saddam trur at dersom han feller Bush, så
har han vunne. Vi får sjå kven som får rett.
Immanuel Wallerstein
Copyright Immanuel Wallerstein. Alle rettigheter er
reservert. Det er lov å laste ned, sende videre elektronisk eller
eposte til andre og til å sende denne teksten til ikke-kommersielle
idealistiske internettsider, såfremt teksten forblir inntakt og
copyright-meldingen er med. For å oversette teksten, publisere den i trykt og/eller
andre former, inkludert komersielle internettsider og utdrag, kontakt
forfatteren på iwaller@binghamton.edu;
fax: 1-607-777-4315.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett,
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries