Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

Comment nr. 119 Aug. 15, 2003

"Blir kyrkja delt?"

 

Debattar om ordinasjon av anglikanske biskopar har sjeldan særleg interesse for dei som ikkje er anglikanarar sjølve. Men debatten om ordinasjonen av ein opent homofil prest, kannik V. Gene Robinson, til biskop av New Hampshire i den episkopale kyrkja i USA, har vore førstesidestoff i USA denne månaden, og har skapt bølgjer i heile verda. Då utnemninga vart godkjend av eit fleirtal av biskopane, liksom av lekfolksutsendingane i den episkopale kyrkja, vart erkebispen av Canterbury, Rowan Williams, tilskunda til å kalle saman eit spesialmøte for overhovuda i alle dei anglikanske kyrkjene i verda for å diskutere kva denne hendinga ville føre til.

 

For dei som røysta for Robinson, var saka enkel. Det var slik Gud ville gje kyrkja takhøgde. I dag innsåg folk det som tidlegare generasjonar ikkje skjøna: takhøgde ville seie å akseptere at homofile og lesbiske utøvde kjærleiken mellom menneska på ein annan måte. Kva for seksuell haldning ein prest hadde, var derfor irrelevant for om han eller ho kunne bli vigd til biskop. For dei som var mot denne idéen, var det klårt at Skrifta rekna homoseksualitet som synd. Dermed var det utenkjeleg at nokon med eit uapologetisk syndig levesett kunne bli vigd til biskop i kyrkja.

 

Eg foreslår ikkje å føre den teologiske debatten her. Det overlèt eg til dei som er med i den anglikanske kyrkjelyden. Men vi bør merke oss at dei to sidene i debatten ikkje er tilfeldig fordelte. I dei anglikanske kyrkjene i Nord (det vil i hovudsak seie USA, Storbritannia, Canada, Australia og New Zealand), er det ei kløft mellom dei som ønskjer takhøgde (og som ser ut til å vere i fleirtal i dag), og ei mindre, men svært sterk gruppe av såkalla "konservative", som er høglydt mot denne utviklinga. På den andre sida ser dei anglikanske kyrkjelydane i Sør (Latin-Amerika, Afrika og Asia) ut til å falle tungt ned på den "konservative" fløya i denne saka, med Sør-Afrika som einaste unntak. Erkebispen av Nigeria, Peter Akinola, har opent truga med å bryte sambandet med alle anglikanske kyrkjer som tolererer homoseksualitet. Det er på grunn av dette og liknande trugsmål at erkebispen av Canterbury har kalla saman dette møtet, for å sjå om han kan unngå ei muleg formell deling av den anglikanske kyrkja.

 

Vi bør spørje oss sjølve kvifor det finst ein slik geografisk skilnad i haldning, kva røter han har og kva han varslar om framtida. Blant alle verdsreligionane er det berre kristendommen som i dag har nokolunde balanse mellom tilhengarar i Nord og Sør. Utan tvil kjem dette av den europeiske koloniseringa av verda dei siste fem hundre åra, men kor som er, utgjer det ein sosial røyndom i det tjueførste hundreåret. Av den anglikanske versjonen av kristendommen finst mest alle tilhengarane i det som ein gong var det britiske imperiet, men det var det geografisk mest utbreidde av alle dei europeiske imperia.

 

I Nord er usemja blant anglikanarar om denne saka ei svært gammal historie. I fleire hundre år har somme kristne i kvar av dei ulike kyrkjene kjempa for ei meir "moderne" forståing av tru og etikk. I den andre halvdelen av det tjuande hundreåret dreia hovudspørsmåla seg om kjønn og seksualitet: sølibat, kvinnene si rolle i kyrkja, å sleppe kvinner til i prestestillingar og no sist homoseksualitet. I det siste hundreåret har mest alle kyrkjene i Nord sett medlemsstokken sin smuldre bort, stort sett fordi dei mest verdsleg innstilte har trekt seg ut av aktivt medlemskap.

 

Trass i dette fråfallet har dei fleste som har halde seg aktive, jamt og trutt prøvd å innføre og praktisere nye tolkingar av tru og morallære. I det nittande hundreåret oppstod ei veldig rørsle kjend som "liberal protestantisme". Pave Johannes 23. innførde ei "aggiornamento" (ajourføring)  av den romersk-katolske kyrkja i Det andre vatikankonsilet. (Liknande tendensar har det sjølvsagt vore i dei fleste andre verdsreligionane.)

 

Det har kome ein reaksjon på slike revisjonar av teologi og praksis. Den har stått fram som evangeliske rørsler eller insistering på å gå tilbake til "ortodoksien". I mange høve har desse reaksjonsgruppene skipa sine eigne religiøse institusjonar. Men mange har også vorte att innafor dei såkalla "hovudstraumskyrkjene", og har halde fram med å slåst frå innsida. Dei anglikanske "konservative" er såleis berre ein variant av eit mønster som er utbreidd, om enn (i mange kyrkjer og mange land) i mindretal. Men kvifor har det "konservative" synet vore ei minoritetsrørsle i så mange kyrkjer i Nord?

 

Svaret er utvilsamt den samla påverknaden av verdsleg modernitet og velstand. Reformistane innafor kyrkjene meiner sjølve at dei prøver å tilpasse kristendommen til å overleve i den moderne verda. Dei konservative tykkjer at reformistane tynnar ut kristendommen og kanskje skadar han grunnleggjande.

 

Saka ser noko annleis ut i Sør. Kven er aktive i dei kristne kyrkjene i Sør? I Asia og Afrika er dei for det meste omvende eller etterkommarar av omvende som definerte kristendommen på gamlemåten, som å gje avkall på "heidenskapen". Det som dei vart omvende til, var misjonærane sin kristendom. Slik den vart presentert, likna han ikkje mykje på verdsleg modernisme. For slike kristne er det religiøse livet heile tida ein kamp mot heidenske skikkar, og slike avgjerder som den om kannik Robinson, ser dei som svik mot kampen sin. På toppen kjem ei kjensle av moderne nasjonalisme; dei tykkjer kyrkjene i Nord ser ned på dei og seier at ein dag (når dei er meir "utvikla") vil dei "forstå" kor klokt dette med takhøgde er.

 

Det finst eit tredje moment. I Nord kjem medlemmene i hovudstraumskyrkjene (og særleg dei anglikanske) for det meste frå elitesjiktet - økonomisk, politisk og sosialt. Desse folka er trygge på seg sjølve. Dei er "respektable" menneske som kjenner sterkt på at dei må vere romslege og aksepterande mot medkristne. I Asia og Afrika er dei kristne nokså ofte eit mindretal i land med muslimsk, buddhistisk eller hinduistisk fleirtal, eller eit folkefleirtal som i praksis held seg til lokale religionar. Dei kristne kyrkjene kjenner seg i forsvarsposisjon, og medlemmene er kanskje mindre sjølvsikre. Medan kristne i Nord kan ottast fråfall til verdslege livssyn, kan kristne i Sør ottast fråfall til andre religiøse rørsler med meir "tradisjonelle" sosiale skikkar.

 

Situasjonen er noko annleis i Latin-Amerika. Der har protestantiske minoritetskyrkjer i framgang trekt til seg medlemmer frå den katolske kyrkja. Dei spelar på reformasjonen og avviser dei mektige og rike, som har dei talrike helgenane sine til "avgudar". Men dei reformene som protestantiske kyrkjer i Nord talar for, ser også her ut til å vere langt unna det dei lokale treng og eit svik mot den religiøse kampen deira.

 

Endeleg: Sør-Afrika har vore eit svært spesielt tilfelle innafor Sør. Kampen der samla fleire rasar mot apartheidregimet, som var grunnlagt på ein svært konservativ versjon av protestantismen. Denne kampen oppmuntra ei open haldning til religiøs reformisme som ikkje finst i dei fleste andre landa i Sør.

 

Det kan godt hende at den anglikanske kyrkja blir delt. Og sjølv om ho ikkje blir det, vedvarer spenninga, og sannsynlegvis blir det framleis ei geografisk slagside. Det same kan også hende i den romersk-katolske kyrkja.

 

Kva varslar dette om framtida? Kjem kyrkjene i Sør til å utvikle seg i same retning som kyrkjene i Nord, slik reformatorane i Nord håpar og trur? Kanskje ikkje i det heile. Faktisk kan vi sjå den same delinga innafor Nord, der tradisjonelle og mektige etnisk kvite grupper er langt opnare for å "reformere" moralske haldningar enn dei aktive i kyrkjer som tilhøyrer "minoritetssamfunna".

 

Det dette viser, er at doktrinar som "reformisme" i seksuelle spørsmål blant dei mektige, og "samling om kjerneverdiane" hos dei mindre mektige, slett ikkje treng føre dei to gruppene saman. Og med å overføre dette til andre saker, kan vi sjå at kvar av dei som i breiaste forstand er med i familien til ånda av Porto Alegre [møtestad for Verdas sosiale forum, merknad frå omsetjaren], har eit stykke att før dei kan forstå og tilpasse seg til det dei andre i denne familien treng.

 

Immanuel Wallerstein

 

Omsett av Lars Staurset

 

 

Copyright Immanuel Wallerstein. Alle rettigheter er reservert. Det er lov å laste ned, sende videre elektronisk eller eposte til andre og til å sende denne teksten til ikke-kommersielle idealistiske internettsider, såfremt teksten forblir inntakt og copyright-meldingen er med. For å oversette teksten, publisere den i trykt og/eller andre former, inkludert komersielle internettsider og utdrag, kontakt forfatteren på iwaller@binghamton.edu; fax: 1-607-777-4315.

 

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter, men de lange linjer.

 

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage