Fernand Braudel Center, Binghamton University
http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
166. August 1, 2005
Ein
siger for diplomatiet?
Kva logikk ligg eigentleg attom det
nye samarbeidet mellom USA, India og Kina, spør Immanuel Wallerstein.
18. juli i år sendte USA og India ut ei felles erklæring for å markere det nye strategiske samarbeidet dei imellom. Tri dagar seinare skreiv den kinesiske regjeringa opp yuanen mot amerikanske dollar, noko finansministeren i USA, John Snow, hadde etterlyst ei tid, og som han lovpriste overstrømmande. Begge hendingane inneber markante skifte i den geopolitiske stoda i verda. Dei er nærare knytt i hop enn det som går fram av verdspressa, og ingen av hendingane er heilt det dei ser ut som.
I USA vart begge hendingane hylla som diplomatiske sigrar for landet. Var dei det? Og kva gjør desse hendingane spesielle? India og Kina utgjør til saman halve befolkninga i verda. Likevel hadde ikkje USA verkeleg gode tilhøve til nokon av desse maktene i siste halvdel av det tjuande hundreåret då USA var den dominerande makta i verda. Har det endra seg?
Den kinesiske soga er på mange vis best kjent i USA og betyr mest for kongressen, media og ålmenta i USA. Då dei kinesiske kommunistane gjekk inn i Shanghai i 1949 og så proklamerte Folkerepublikken Kina, såg den regjeringa i USA på det som ein stor fare for dei nasjonale interessene til USA. Ikkje bare var deira politiske allierte, Chiang Kai-shek, tvungen til å trekke seg attende til Taiwan, men dei nye kinesiske leiarane vart sett som fortroppen for verdskommunismen. I 1950 underteikna Kina ein militær allianse med Sovjetunionen. Då Koreakrigen starta seinare på året, fann USA seg snart i kamp med kinesarane på slagmarka, og ikkje med særleg hell, må ein legge til.
Gjennom 50-tallet var Kina og USA konstant fiendslege til kvarandre. I 1960 oppfatta verda brått at det var splitting mellom Kina og Sovjetunionen. Ho hadde mange årsaker, men vart påskynda då Sovjetunionen ikkje lenger stod ved løftet om å hjelpe Kina med å skaffe seg atomvåpen. Dei skaffa Kina seg likevel på eiga hand i 1964. I tiåret som følgte byrja USA og Kina, mest umerkande å ta like standpunkt i mange spørsmål; det kulminerte i den oppsiktsvekkande visitten Richard Nixon gjorde til Beijing i 1972 for å møte Mao Zedong. Kina og USA såg gjensidig fordel i å motarbeide Sovjetunionen, og gjekk inn i det ein kan sjå som ein avgrensa allianse.
På 1980-tallet starta Kina ei stor reorganisering av økonomien, som gav dei høve til å bli ein del av verdsmarknaden, med aukande tyngde som produsent og handelspartnar. Seint på 1990-tallet var den økonomiske veksten i Kina blitt den store saka i verdsøkonomien. Det vekte svært blanda respons i USA.
På den eine sida representerte Kina nå eit hovudområde for potensielt store profittar for foretaka i USA, som hadde fått ein ny og svært viktig kanal til eksport og særleg til investeringar. I tillegg vart den aukande mengda av US-dollar i Kina, skapt av eksportoverskottet til Kina, investert mest bare i statsobligasjonar i USA, noko som gav Bushadministrasjonen høve til å dekke det enorme betalingsunderskottet.
Underskottet var eit resultat av skattelettene til Bushadministrasjonen, dei ufattelege kostnadene til Irakkrigen, og den minkande vareeksporten. Det betydde mykje for mange folk i Washington profitt for amerikanske selskap, sentralbanken i USA kunne sette ei låg rente som oppmuntra til høgt forbruk i USA og ei kraftig bustadboble, som i sin tur heldt oppe sysselsettinga i USA. Og på den geopolitiske scenen freista USA få avgjørande hjelp frå kinesarane i forsøka på å hindre dei kjernefysiske ambisjonane til Nord-Korea.
På den andre sida hadde nært samkvem med Kina mange motstandarar i USA. For det første såg dei den stadig minkande sysselsettinga i vareproduksjonen i USA som eit resultat av kinesiske eksportfordelar på grunn av ein undervurdert yuan. Ennå viktigare for den militaristiske delen av Bushadministrasjonen var det faktum at kinesarane nytta den økonomiske veksten til å investere tungt i ei militær oppgradering, noko som kunne gjøre Kina til ei militær stormakt på verdsbasis i løpet av dei neste 20 åra. Og då det kinesiske statsselskapet CNOOC la inn eit bod på det amerikanske oljeselskapet Unocal i år, braut hysteriet laus i kongressen i USA, med mykje snakk om ein langsiktig trussel mot oljeforsyningane i USA.
Bushadministrasjonen var fanga mellom to fløyer av støttespelarar, og freista manøvrere ved å konsentrere seg om å presse kinesarane til å revaluere yuanen. Det ville truleg forbetre utsiktene for vareeksport frå USA, og kunne på vegen avgrense den kinesiske pengebruken til militære formål. Og i tillegg byrja USA gjøre tiltak for å styrke banda til India, til ein viss grad for å vege opp for veksande kinesisk styrke i Asia.
Soga om tilhøvet mellom USA og India er mindre kjent i USA, men ikkje mindre tvitydig og samansett enn den mellom USA og Kina. Då India vart uavhengig i 1948, såg USA i prinsippet på det som eit framsteg avkolonisering av det største koloniområdet i verda, og ei regjering som tillot vanlege politiske val. Men India gjekk nesten straks inn i rolla som den leiande nøytrale (seinare kalla alliansefrie) makta i den kalde krigen, og USA likte ikkje det i det heile tatt. Få år seinare kom utanriksministeren til Eisenhower, John Foster Dulles, med den berømte fråsegna om at «nøytralitet er umoralsk».
Den moralske misnøya til USA plaga ikkje leiarskapen i India på nokon måte.
Dei heldt hardnakka fram i si sjølvpålagde rolle, utvida ho til og med. India
var eitt av dei fem landa som var med på den afro-asiatiske konferansen i
Bandung i 1955, og saman med Egypt og Jugoslavia grunnla dei få år seinare
nettverket av alliansefrie land i Asia, Afrika og Latin-Amerika. Vidare,
ettersom India ikkje kunne kjøpe tyngre militærutstyr i USA, gjorde dei det i
Sovjet. Då det kom til ein kort, men kraftig krig mellom Kina og India i 1962,
stod Sovjetunionen saman med India, ikkje Kina. USA byrja tenke på India som de facto partnar
med Sovjetunionen.
I mellomtida pleidde USA eit nært samband med Pakistan, som ganske konstant var i konflikt med India om ei rad med spørsmål. India gjennomførte si første kjernefysiske sprenging i 1974, Pakistan i 1987. Ingen av landa underteikna ikkjespreiingsavtalen om kjernefysiske våpen, og begge landa var omfatta av militære restriksjonar frå kongressen i USA. Like fullt var det klart for alle at USA var alliert med Pakistan og ikkje India. Etter 11. september vart banda mellom USA og Pakistan sterkare. Men USA byrja å få mistanke om at dei ikkje kunne stole på den pakistanske alliansen, verken på kort eller viktigast på lengre sikt. Dei byrja sjå meir positivt på India, særleg ettersom det var slutt på den kalde krigen og dermed den sovjetiske trusselen.
Var då den nye felles erklæringa mellom India og USA ein siger for diplomatiet i USA? Her godtar USA for første gong India som kjernefysisk makt, ved å love India at dei «vil arbeide for å få til fullt samarbeid om sivil bruk av kjernekraft med India, ettersom dei godtar måla landet har sett for å fremme kjernekraft og for å sikre energitilgangen». Det var sjølvsagt ei kolossal svekking av den allereie svake stillinga til USA i kampen mot dei kjernefysiske ambisjonane til Iran, sidan det India fekk frå USA er nettopp det Iran har hevda som sin rett, «full sivil kjernefysisk forsyning».
Og kva fekk USA tilbake? Eit løfte om «å kjempe kvilelaust mot terrorisme». Ettersom India alt gjorde det, var det ikkje stort. I mellomtida held India ved like nært samband med Iran og Russland, og jamvel (på papiret) ein strategisk allianse med Kina. Viktigare er at India held fram med Project Seabird, der målet er å bli den viktigaste militærmakta i Indiahavet. Det gjør sjølvsagt ikkje kinesarane særleg glade, men det burde ikkje USA vere heller, sidan det for tida er USA som er den viktigaste militærmakta i Indiahavet.
Når det gjeld den kinesiske revalueringa av yuanen, var ho bare på 2,1 prosent, og det ser ut som kinesarane vil halde seg der ei stund. Langt viktigare er det faktum at yuanen ikkje lenger er knytt til US-dollaren, men til ei valutakorg. Det betyr slutten på at kinesarane vil garantere for underskottet i handelsbalansen til USA. Ein sterkare yuan vil gjøre det billegare for kinesarane å kjøpe oljeselskap i USA. Revalueringa vil snautt merkast på vareeksporten frå USA. Men den vil bety mykje for at bustadbobla i USA vil halde fram. Når bankrenta aukar nok, kan kongressen byrje sjå alvorleg på finanskrisa til regjeringa i USA, og kongressen sin vilje til å halde fram med det vanvittige utgiftsnivået til krigen og til skattelette vil bli eit akutt spørsmål.
Sluttrekneskapen for alt saman blir: India er godkjent som ein militær spelar på verdsbasis, og Kina som finansiell spelar. USA har fått papirfordelar tilbake for begge godkjenningane, ikkje verd det papiret dei er skrivne på.
by Immanuel Wallerstein. Omsett av Gunnar Danielsen.
Copyright Immanuel Wallerstein. Alle rettigheter er
reservert. Det er lov å laste ned, sende videre elektronisk eller
eposte til andre og til å sende denne teksten til ikke-kommersielle
idealistiske internettsider, såfremt teksten forblir inntakt og
copyright-meldingen er med. For å oversette teksten, publisere den i trykt
og/eller andre former, inkludert komersielle internettsider og utdrag, kontakt
forfatteren på iwaller@binghamton.edu;
fax: 1-607-777-4315.
Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner
rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle
overskrifter men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries