Fernand Braudel Center, Binghamton University
http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
167. August 15, 2005
USA
har tapt krigen i Irak
Bush er fanga i eit uløyseleg
dilemma, skriv sosiologen Immanuel Wallerstein.
Det er over. Skal USA vinne krigen i Irak, krevst tri ting: Dei må nedkjempe den irakiske motstandsrørsla; det må opprettast ei stabil USA-vennleg regjering i Irak; dei må oppretthalde støtta frå folket heime utan at dei to første krava er innfridde.
Ingen av krava ser ut til å la seg oppfylle lenger.
For det første trur ikkje militærstyrkane til USA lenger på at dei kan
nedkjempe motstandsrørsla. For det andre er det bortimot null utsikt til at
irakiske politikarar kan bli samde om ei grunnlov, og derfor er det svært lite
sannsynleg med ei stabil sentralmakt. For det tredje vender ålmenta i USA seg
mot krigen fordi dei ikkje ser noko «lys i enden av tunnelen».
Som ein følge av det er Bush-regimet i ein umogleg situasjon. Dei ønskar å trekke seg ut på ein verdig måte, og gi inntrykk av at dei har sigra. Men om dei freistar å gjøre det, vil krigstilhengarane heime kjenne seg svikta og bli svært rasande. Og om dei ikkje gjør det, blir dei heime som vil trekke landet ut svært rasande. Dei vil ikkje gjøre nokon av partane tilfredse, tape ansikt straks, og få eit ettermæle med skam og vanære.
La oss sjå på det som skjer. Førre månad ymta general George Casey, øvstkommanderande for USA i Irak, at ein kanskje kunne redusere troppane til USA med 30.000 neste år, om styrkane til den irakiske regjeringa vart betre i stand til å handtere stoda. Nesten straks gjekk krigstilhengarane til åtak på fråsegna, og Pentagon pynta på ho med å seie at det kanskje ikkje ville skje, ettersom dei irakiske styrkane kanskje ikkje var i stand til å handtere situasjonen ennå, noko ein trygt kan slå fast. På same tid dukka det opp historier i leiande aviser som antyda at opprørsstyrkane jamt og trutt var blitt merkbart dyktigare, militært. Og det aukande tallet på drepne amerikanske soldatar syner at det er rett.
I diskusjonen rundt den irakiske grunnlova er det to hovudproblem. Det eine i kva grad grunnlova skal bygge på islamsk lov. Det er tenkeleg at det med tilstrekkeleg tid og tillit kunne bli eit kompromiss som meir eller mindre ville tilfredsstille dei fleste. Men det andre problemet er vanskelegare å handtere. Kurdarane ønskar framleis ein uavhengig stat, og vil ikkje godta mindre enn ein føderal struktur der dei får garantert sjølvstende, at dei kan oppretthalde militsen, og behalde kontrollen over Kirkuk som hovudstaden sin og oljeressursane her som bytte. Sjiamuslimane er for tida delte mellom dei som lik kurdarane ønskar ein føderal struktur, og dei som vil ha ei sterk sentralmakt så sant ho kan vere islamprega. Og sunnimuslimane vil desperat oppretthalde ein sameina stat, ein der dei som eit minimum får sin del, og iallfall ikkje ein stat styrt etter sjiavarianten av islam.
USA har freista oppmuntre til eit kompromiss, men det er vanskeleg å sjå kva det kan vere. Derfor er det to tenkelege utgangar nettopp nå: irakiske freistnader på å dekke over usemja, som ikkje kan vare lenge, eller at forhandlingane bryt saman nesten straks. Ingen av dei to dekker behovet til USA. Det finst sjølvsagt ei løysing som kan få saka ut av bakevja. Dei irakiske politikarane kan slå seg saman med motstandsrørsla i ein felles front mot USA, og slik iallfall i det minste samle den ikkjekurdiske delen av befolkninga. Ein kan ikkje sjå bort frå ei slik utvikling, og det er sjølvsagt eit mareritt for USA.
Men for Bush-regimet er det verste scenariet av alle på heimefronten. Støtta til måten Bush fører krigen i Irak på har gått ned til 36 prosent. Tallet har gått jamt ned ei tid og vil halde fram med det. For stakkars George Bush må nå finne seg i demonstrasjonen til Cindy Sheehan. Ho er ei 48 år gammal mor til ein soldat som vart drepen i Irak for eit år sidan. Rasande over fråsegna til Bush om at soldatane frå USA døydde for ei «edel sak», bestemte ho seg for å dra til Crawford, Texas og kreve å møte presidenten, slik at han kunne forklare kva for «edel sak» sonen hennar døydde for.
Sjølvsagt har ikkje George W. Bush hatt mot til å møte henne. Han sendte andre. Ho sa at det ikkje var nok, at ho ønska møte Bush personleg. Ho seier nå at ho vil bli utanfor heimen til Bush til han vil møte henne, eller til ho blir arrestert. Først vart ho oversett av media. Men nå kjem andre mødrer til soldatar i Irak for å slutte seg til henne. Ho får moralsk støtte frå fleire og fleire som tidlegare støtta krigen. Og riksmedia har gjort henne til ein viktig person, nokon samanliknar henne med Rosa Parks, den svarte kvinna som nekta å sette seg bak i bussen i Atlanta for eit halvt hundre år sidan, og slik vart gnisten som gjorde støtta til kampen for rettane til dei svarte til eit vanleg standpunkt.
Bush vil ikkje møte henne fordi han veit han ikkje har noko å seie til
henne. Å møte henne er å tape. Men
det er det au å ikkje møte henne. Kravet om tilbaketrekking frå Irak blir nå
allemannseige. Det er ikkje fordi ålmenta i USA deler synet om at USA er ei
imperialistmakt. Grunnen er at det ikkje ser ut til å vere noko lys i enden av
tunnelen. Eller snarare at det er eit lys, lyset som ein såg i ein kvass
kanadisk karikaturteikning i Calgary Sun nyleg. Teikninga viser ein USA-soldat
i ein mørk tunnel som nærmar seg eit menneske som har ei rad eksplosiv festa
til kroppen. Lyset kjem frå ei fyrstikk han held fram mot veiken og som vil få
alt til å eksplodere. I månaden etter åtaka i London og dei høge amerikanske
dødstalla i Irak er det detta lyset ålmenta i USA byrjar å sjå. Dei vil ut. Bush er fanga i eit uløyseleg
dilemma. Krigen er tapt.
Immanuel Wallerstein. Omsett av Gunnar Danielsen.
[Copyright by Immanuel Wallerstein,
distributed by Agence Global. For rights and permissions, including
translations and posting to non-commercial sites, and contact:
rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is
granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the
essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author,
write: immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse kommentarene, publisert to
ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige
verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange
linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries