Fernand Braudel Center, Binghamton University
http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
170. Oct. 1, 2005
«Exit
strategy»
Bush-regimet har ikkje bare tapt
krigen på bakken i Irak, skriv sosiologen Immanuel Wallerstein.
Debatten har endra seg i USA. Han går ikkje lenger på kva invasjonen i Irak har ført til. Nå dreier det seg om når og korleis USA kan trekke troppane ut av Irak, det som blir kalla «exit strategy».
George Bush held stadig talar for ultra-vennlege forsamlingar der han seier at å trekke seg ut nå ville styrke terroristane. Men eg trur ein her skal legge merke til ordet «nå» i det han seier. I alle høve blir ikkje retorikken hans særleg godt mottatt.
Jamvel blant dei mest ihuga tilhengarane hans seier mange at det er tomt snakk, og at det ikkje blir lagt fram konkrete prov på militær eller politisk framgang for USA i Irak. I røynda ser stoda verre ut for kvar dag, når jamvel sjia-tjenestemennene til den USA-støtta irakiske regjeringa arresterer britiske soldatar i Basra, og dei så må reddast med militærmakt.
Ein må følge med når hovudtalerøyret til makteliten på utanrikspolitiske spørsmål i USA, bladet «Foreign Affairs», trykker ein artikkel der forfattaren hevdar at «Bush-doktrina har kollapsa», og at regjeringa derfor ikkje har noko anna val enn å «godta realitetane» og gjøre ein «pragmatisk snuoperasjon».
Og trass i gjentatte fråsegner frå ulike personar om at troppane frå USA kan bli til 2009 eller lengre, så seier generalmajor Douglas Lute, som er operasjonsleiar i overkommandoen i USA (som har oppsynet med okkupasjonen i Irak) offisielt at USA vil trekke ut «store troppestyrkar frå Irak dei neste tolv månader trass i vedvarande vald».
Eg trur det sterkaste teiknet på at stemninga snur i USA er at ein av dei republikanske presidentkandidatane til nominasjonen i 2008, senator Chuck Hagel frå Nebraska, seier at USA «kjører seg meir og meir fast i Irak», at presidenten bør møte Cindy Sheehan, og at Det kvite huset er «frikopla frå røyndommen og taper krigen».
Det er ikkje viktig om Hagel har rett. Det viktige er at han satsar på å bli nominert for republikanarane, og at han trur det finst republikanske veljarar som er samde i analysen hans. Hagel snur seg faktisk raskare enn dei leiande demokratiske politikarane, sett bort frå senator Russell Feingold frå Wisconsin som og stiller til presidentnominasjonen; han har offisielt kravd tilbaketrekking frå Irak innan utgangen av 2006.
Lengre til venstre er det ei rekke grupper som nå krev tilbaketrekking straks. Dei marsjerte til Washington med stor suksess, med mellom 100.000 og 200.000 deltakarar - ikkje på høgd med talla frå Vietnam-demonstrasjonane ennå, men i denne krigen er det ingen vernepliktige frå middelklassen.
Mesteparten av soldatane kjem frå lågare klasser: fattige minoritetsgrupper og fattige kvite. Dei siste meiningsmålingane syner ei trideling i opinionen i USA: ein tridel er for total tilbaketrekking straks; ein tridel ønsker å redusere troppane, men utan å krev full tilbaketrekking ennå; og ein tridel vil «stå løpet ut» som president Bush ordlegg seg, eller bli i Irak «til jobben er gjort» som visepresident Cheney seier det.
Det ser ut til å bety svært lenge. Dei som er meir i det politiske sentrum ønsker tilbaketrekking på ein bestemt dato. «The Observer» i London skreiv nyleg at den britiske regjeringa planlegg å trekke ut store troppestyrkar til våren. Tony Blair nekta straks for det, men «The Observer» er ikkje kjent for å finne opp historier.
Folka i Cheney-leiren er heilt ubøyelege og vil ganske enkelt halde fram med å stå beinhardt på synet sitt. Det er debatten mellom dei som krev troppereduksjon og/eller tilbaketrekking ein bestemt dato, og dei som krev umiddelbar og fullstendig tilbaketrekking som er mest interessant.
Dei siste vekene har mest alle dei store avisene i USA hatt leiarartiklar der innhaldet er: USA gjorde truleg eit mistak då dei invaderte Irak. Men dei har nå «ansvar» for ikkje å trekke seg ut brått, ettersom det vil bety borgarkrig.
Dei såkalla «moderate» (som krev fast dato for tilbaketrekking) hevdar at jamvel om det opphavleg ikkje var grunnlag for invasjonen, så har USA ansvar for å hjelpe den USA-støtta regjeringa med å oppretthalde ro og orden til ho klarer det sjølv. Denne gruppa held fram trusselen om fullstendig samanbrot i Irak, borgarkrig, og kanskje invasjonar utanfrå (Iran, Tyrkia, og Saudi-Arabia).
Svaret frå dei som er for tilbaketrekking straks, er ganske enkelt. Dei seier at samanbrotet alt er eit faktum i Irak, at ein av dei viktigaste grunnane til samanbrotet er at USA framleis er i landet; at kvar ny dag som USA er der, forverrar stoda heller enn å forbetre den. Og til sist hevdar dei at ein fastsett dato i framtida ikkje er nokon trylleformel, ettersom det er svært lite sannsynleg at stoda då vil vere annleis enn stoda i dag.
Bush-regimet har ikkje bare tapt krigen på bakken i Irak. Dei mistar i
aukande grad støtte frå ålmenta i USA, på eit vis som Bush kan finne vanskeleg
å bøte på.
Immanuel Wallerstein. Omsett av Gunnar Danielsen.
[Copyright by Immanuel Wallerstein,
distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations
and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com,
1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward
electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the
copyright note is displayed. To contact author, write:
immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse kommentarene, publisert to
ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige
verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange
linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries