http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
175.
Dec. 15, 2005
“Mistar
motet i Irak”
Bush hevda USA gjekk inn i Irak for å sleppe å
kjempe på eiga jord. Men det motsette skjer.
Som svar på at stadig fleire meiner det går
dårleg for USA i Irak - faktisk meiner mange at dei er i ferd med å tape krigen
- har regjeringa i USA lansert ei kampanje for å overtyde alle om det ikkje er
slik. I november i år offentleggjorde Det nasjonale tryggingsrådet med stor
ståhei eit dokument med tittelen «Nasjonal strategi for seier i Irak». Og Bush
har høglytt støtta innhaldet i dokumentet i offentlege talar.
Dokumentet
argumenterer for at seieren kjem, men han kjem i etappar; at seier er
livsviktig for USA; at USA har ein ganske klar strategi for å seire, men at
seieren vil ta tid. Nøkkelsetninga i det ordrike dokumentet, som unngår all
konkret analyse av det som faktisk går føre seg, er eit sitat frå talen til president
Bush 6. oktober 2005: «I Irak kan det ikkje bli fred utan seier. Me vil halde
motet oppe, og me vil seire.»
Me vil
halde motet oppe, seier Bush. Men Bush sin Rasputin, visepresident Cheney, er
ikkje så sikker, ettersom han stadig hevdar at dei i USA som kritiserer
Bush-administrasjonen - same kor mild kritikken måtte vere - undergrev detta
«motet» og slik kan få USA til å miste den faste haldninga. Tallet på
republikanske kongressmenn og senatorar som er urolege for at veljarane alt har
mista «motet» og kan komme til å røyste mot dei, ser ut til å auke svært raskt,
og ser ut til å ha stor innverknad på «motet» til desse republikanske
politikarane.
Då
kongressmannen John Murtha, eks-marinesoldat og standhaftig hauk i lang tid,
kravde tilbaketrekking frå Irak, meinte dei fleste kommentatorane at han var
eit uoffisielt talerøyr for mange høgare offiserar som ikkje kunne framføre
uroa si offentleg. Har dei mista motet? Verken Murtha eller dei anonyme
offiserane vil definere det slik. Dei ser ein situasjon der USA ikkje vil vere
i stand til å vinne ein slik seier som Bush snakkar om, og ved å bli i Irak
trur dei militæret i USA blir svekka og dermed mindre i stand til å gjøre
jobben sin andre stader i verda. Dei ønskar å redusere tapa før dei amerikanske
styrkane taper ennå meir.
Det ser
ut som mest alle som er med i den USA-leia koalisjonen og som har soldatar i
Irak, vil redusere tallet, om ikkje dra seg heilt ut, i 2006. Det ser ut til å
vere ganske klart at USA sjølv vil gjøre det. Ingen innrømmer sjølvsagt at dei
har mista motet, men folkeopinionen heime og kommande val krev sitt.
Kva med
irakarane? Det er to hovudgrupper av dei - dei som slåst energisk mot
USA-styrkane og alle irakarar som kan tenkast å samarbeide med dei, og dei
andre. I dokumentet frå Det nasjonale tryggingsrådet blir dei som kjempar
energisk mot USA-styrkane, delt i nye tri grupper; dei som avviser all kontakt
(sunni-arabarar som ikkje har «omfamna» forandringane); saddamistane (som
ønskar gjenreise det gamle regimet); og terroristar tilslutta al-Qa'ida.
Ifølge
dokumentet har USA meir eller mindre gitt opp dei to siste kategoriane, men
håpar å overtyde «mange» frå den første gruppa til å redusere motstanden. Men
det ser ikkje ut til å vere mange prov på at noko slikt skjer. Kort sagt ser
dei som USA kallar «fiendane» sine, ikkje ut til å ha mista motet, eller evna
til å kjempe.
Men kva
med dei andre irakarane? Her ser USA ut å stole på dei nye irakiske
tryggingsstyrkane, truleg under leiing av den nye irakiske regjeringa. Eg seier
truleg, fordi det er åpenbart at desse tryggingsstyrkane er djupt infiltrerte
både av «fiendane» til USA og av ulike militsar - to kurdiske militsgrupper, og
minst tri sjia-militsar - som har sine eigne mål under dekke av å vere nasjonal
hær. USA seier at dei reknar med at desse tryggingsstyrkane skal ta over deira
oppgave med å kjempe mot «fienden» - det vil seie dei som totalt avviser at
invasjonen av Irak på nokon måte er legitim.
Men er
målet til dei som kontrollerer ulike delar av dei nye tryggingsstyrkane,
verkeleg det same som målet til Bush-regimet? Vil dei «fullt ut bli ein partner
i den globale krigen mot terrorisme» - det langsiktige målet til USA ifølge
detta dokumentet? Er det truleg på lengre sikt? Jamvel om dei som nå sit i den
nye regjeringa er der om to år frå nå (i seg sjølv ei tvilsam vurdering),
korfor skulle dei spele ei slik rolle når det bare kan gjøre det vanskelegare å
stabilisere den politiske situasjonen i Irak bare litt?
Til
spørsmålet om kven som vinn og kven som tapar: Fleire observatørar trur nå at
den store vinnaren kan bli Iran. Det er ikkje fordi at sjølv ei sjia-dominert
regjering i Irak på nokon måte vil bli ei nikkedokke for iranarane. Det er
ganske enkelt fordi ei slik regjering ikkje på nokon måte vil spele ei rolle som
fiendslege til Iran, og derfor kan dei ikkje og vil dei ikkje sympatisere med
måla USA har vis-à-vis Iran.
Spør
ikkje kven klokkene ringer for i Irak. Dei ringer for George W. Bush og USA.
Bush hevda at USA gjekk inn i Irak for å sleppe å kjempe denne «krigen» på eiga
jord. Men det motsette skjer. Forvirringa kjem til USA med stor styrke. Ein av
dei påståtte grunnane til at USA ikkje kan trekke seg ut straks, er at det kan
føre til borgarkrig i Irak. Men ingen diskuterer kva slags borgarkrig som kan
vere i ferd med å utvikle seg i USA.
Immanuel Wallerstein
Omsett av Gunnar Danielsen
©Immanuel Wallerstein
[Copyright
by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and
permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and
contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission
is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided
the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact
author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse kommentarene, publisert to
ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige
verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange
linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries