Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

Commentary No. 188, July 1, 2006

"The Worries of the U.S. Ambassador to Iraq"

 

Regjeringa i USA freistar tappert å halde på maska i Irak. Med jamne mellomrom erklærer dei at dei står nærmare måla sine. Den siste offentleggjøringa av eit memo frå 6. juni, som USAs ambassadør i Irak, Zalmay Khalilzad, sendte utanriksministeren, syner ein intern diskusjon som er mykje meir pessimistisk. Det syner dei mangfaldige og veksande problema til den irakiske staben som jobbar for regjeringa i USA i den ekstremt beskytta grønne sonen. Det er ikkje ei lykkeleg historie. Den irakiske staben klagar, seier Khalilzad, over at «islamistiske og/eller militsgrupper påverkar dei daglege rutinane deira på negativ vis.»

 

Kvinnelege tilsette er under sterkt press for å kle seg såkalla moderat, enkelte gonger meir ekstremt enn det som krevst i Iran. Ei av dei melder at drosjesjåføren som dagleg fraktar ho til jobben, har sagt frå at han «ikkje kan ta ho med utan at ho dekker til hovudet.» I tillegg til allslags press omkring klesdrakt (for menn au – ingen kortbukser), klagar dei tilsette på dagleg straummangel i husværa sine, og at dei må stå 12 timar i bensinkø på ein laurdag.

            Stoda har blitt så risikabel for dei tilsette at dei skjuler kor dei jobbar for alle, medrekna sin eigen familie. Dei brukar ikkje mobiltelefonar utanfor den grønne sonen, eller har dei med seg i det heile tatt, fordi det er å vise fram farleg informasjon, særleg for kvinner. Dei svarer bare på arabisk om dei blir ringt opp frå ambassaden heime. Det har ført til at ambassaden har slutta å ringe dei i det heile tatt, av di dei har funne ut av det vil avsløre «dekket» deira. Heller ikkje kan irakiske tilsette bli brukt som tolkar om det er pressefotografar til stades.

            For å komme inn i den grønne sonen må dei tilsette passere sjekkpunkt. Sidan april har dei irakiske vaktene ved desse sjekkpunkta oppført seg meir som «milits» og vore «hånlege.» Ei av dei tilsette ba ambassadøren gi ho pressekort i staden for tilsettingsbevis, slik at desse vaktene ikkje kunne vifte med beviset offentleg, og høglytt fortelle kven ho var for forbipasserande. «Slik informasjon er dødsstraff om det blir hørt av dei gale folka.»

           

Det er heller ikkje problem som bare gjeld dei som bur i dei fattigare områda. Det har likeins berørt dei såkalla «velståande» områda i Bagdad, det nærmaste av dei har blitt ein «ugjenkjenneleg spøkelsesby» pga frykta for å vise seg på gata, og veksande emigrasjon i den irakiske middelklassen. Tilsette melder at tryggleiken deira avheng av tilhøvet dei har til det som i praksis er nabolagsregjeringar, der «jamvel mukhtarar [byeldste] har blitt fjerna eller tilsett av militsen.» Eit resultat er at «folk ikkje lenger stoler på dei fleste av naboane sine.»

            På USAs ambassade er dei i sin tur ikkje lenger sikre på om dei stoler på sine svært engstelege tilsette. «Me er redde for at dei kan overdrive hendingar eller bare gi oss nytt som svarer til deira eige verdsbilde.» Det blir dermed ein dysfunksjonell arbeidsplass. Ambassadøren finn det nødvendig å bringe vidare synet til ein arabisk avisredaktør om at «etnisk reinsking … finn stad i nesten alle irakiske provinsar.»

            Men den mest uvanlege delen av telegrammet må siterast fullt ut: «Den aller siste tida har me byrja makulere dokument som syner etternamna på irakiske tilsette. I mars kom nokre medlemmer av staben for å høre kva vilkår me kunne by dei om me evakuerer.»

            Makulerer dokument? Om USA evakuerer? Dei irakiske tilsette hugsar åpenbart Saigon i 1975 då vietnamesiske tilsette frå USAs ambassade slåst med militære om å komme med evakuerande helikopter. Er me alt komne til det punktet? Det ser ut som nokon av dei irakiske tilsette i USAs ambassade i Bagdad meiner det, og USAs ambassadør informerer derfor Washington om det.

 

© Immanuel Wallerstein.

Omsett av Gunnar Danielsen.

 [Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage