http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
Comment nr.189. July 15, 2006
"Whom Has
Enkelte land blir
fordømt for å prøveskyte rakettar, andre blir det ikkje
Den 6. juli 2006
sende Nord-Korea opp seks kortdistanserakettar, og ein langdistanserakett som
var mislykka. Det vart møtt verda over med tornande kritikk om at det var ein
«provokasjon». Etterpå har Nord-Korea vist uvanleg ro, mens alle andre har vore
hektisk opptatt med å uttale seg. Først er det USA. New York Times har omtalt
kritikken herifrå slik: «Ein ny Bush: Tar fiendar med ro». Visepresident Cheney
tona ned trusselen frå Nord-Korea, og sa at den nordkoreanske teknologien var
«primitiv». President Bush sa at USA brukte diplomati. «Problemet med diplomati
er som kjent at det tar ei tid å få noko gjort». Stort sett er det Christopher
Hill, assisterande utanriksminister for Asia og Stillehavet, som har stått for
diplomatiet. Det har bestått av kontakt med fire av nasjonane i dei såkalla
«sekspartssamtalane» - Kina, Russland, Sør-Korea og Japan. Hill har freista å
få desse landa til å legge ulike typar press på Nord-Korea for å stoppe
rakettprøvene og gå attende til sekspartssamtalane, og vidare til å støtte ein
skarp resolusjon i Tryggingsrådet i FN om ikkje Nord-Korea avsluttar prøvene.
Den 12. juli sa Hill at han var «skuffa» over manglande respons frå Nord-Korea.
Han la ikkje til at han truleg òg var skuffa over haldningane til Kina,
Sør-Korea og Russland. Det einaste landet som såg ut til å vere verkeleg
opprørt over dei nordkoreanske rakettprøvene, var Japan. Shinzo Abe, som slåst
for å bli neste statsminister i det regjerande partiet, og som framstiller seg
sjølv som ein tøff japansk nasjonalist, sa at Japan burde vurdere om eit
«førebyggande» åtak på Nord-Korea var i samsvar med den japanske grunnlova.
Japan ba formelt om at Tryggingsrådet sette i verk sanksjonar. Sjølvsagt
avviste Nord-Korea Abe og Japan, men ikkje halvparten så høglytt som talsmenn
for både den sørkoreanske og kinesiske regjeringa. Sør-Korea oppmoda på det
sterkaste Nord-Korea til å syne «klok dømmekraft» for å unngå katastrofe, noko
som er ganske mild tale. Men Sør-Korea skulda Tokyo for «arrogant og uhøvisk
talemåte som ytterlegare skjerpar krisa på den koreanske halvøya», som var
mindre mildt. Heller ikkje kinesarane var høflegare med Abe og Japan. Abe, sa
dei, «helte bensin på varmen». Dei la til: «Slik praksis er umåteleg
uansvarleg, og han vil berre på alvorleg vis avbryte internasjonale
diplomatiske freistnader og auke spenninga i det nordaustlege Asia». Russarane
ser ut til å dele det synet. Så resultat nummer ein av dei nordkoreanske rakettprøvene
var ei offentleg forverring av dei politiske kranglane både Kina og Sør-Korea
har med Japan, kranglar som har auka på dei siste par åra. For USA betyr det at
dei må manøvrere mellom det som har vore dei to hovudallierte i Austasia -
Japan og Sør-Korea. Når det gjeld ein FN-resolusjon, er det svært usannsynleg
at noko i nærleiken av ein japansk versjon vil bli vedtatt. På heimefronten
hamnar George Bush i trøbbel med sine eigne støttespelarar. I siste utgåva av
The Weekly Standard, som er leiande organ for dei nykonservative, var redaktør
William Kristol drepande i omtalen av Bush. Han siterer Bush på at han seier
nordkoreanarane må «gjere eit val» - elles Kristol seier at Kim Jong-Il i
røynda alt har gjort sitt val, men «kva må han betale?» I praksis ikkje noko,
seier Kristol. «Det som var uakseptabelt for Bush for ei veke sidan (ei
nord-koreansk rakettutskyting) har blitt godtatt». Kristol sluttar leiaren sin
med den største fornærminga han kan vise opp. Han kallar den noverande
utanrikspolitikken til Bush for «Clintonsk». Som ein siste finte seier Kristol:
«Det er ikkje Kim Jong-Il som må velje. Det er president Bush.» New York Times
har eit anna syn på det Bush har gjort: «Mr Bush oppdagar no grensene for 'føre
var-doktrina' si - og frustrasjonane ved alternativa». I mellomtida har India
9. juli, utan særleg offentleg merksemd, skote opp sin eigen
langdistanserakett, berre tre dagar etter dei nordkoreanske utskytingane. For
første gong har India no ein rakett som kan nå Kina. Rakettprøva vart ikkje
fordømt av nokon som ein provokasjon. Journalistar har omtalt henne som «eit
strategisk steg for å halde Kina i sjakk». Så vi har ein geopolitisk situasjon
der enkelte land blir fordømt for å prøveskyte rakettar, og andre som ikkje
blir det. (Ikkje berre India sjølvsagt, men til dømes USA.) Men dei som blir
fordømde for å prøveskyte rakettar, ser fråsegnene som hole, ettersom jamvel
USA ser ut til å nøle med krigstruslar mot eit land som berre har «primitive»
kjernefysiske våpen. Og svært roleg har den israelske regjeringa tona ned det
presset dei tidlegare
© Immanuel Wallerstein.
Omsett av Gunnar Danielsen.
[Copyright by Immanuel Wallerstein,
distributed by Agence Global. For rights and permissions, including
translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com,
1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward
electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the
copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries