Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

Comment nr. 191. Aug. 15, 2006

 

"Five Reasons Why Great Military Powers Lose Wars"

 

 

Sambandsstatane er den største militærmakta i verda i dag. Israel er den største militærmakta i Midtausten. Ei av dei mest åpenbare freistingane når ein er militær overlegen er å bruke militærmakt når ein ønskar oppnå noko ein ikkje får til politisk. Sambandsstatane bestemte seg for å bruke makt mot Irak i 2003. Israel bestemte seg for å bruke makt mot Libanon i 2006. I begge tilfelle fatta regjeringane desse vedtaka og rekna med å vinne den militære kampen, og vinne han raskt.

            Normalt kan den største militærmakta i verda eller i ein gitt region verkeleg vinne slike militære engasjement, og vinne dei raskt. Det er det me meiner når me seier dei er dei største militærmaktene. Men seier avheng av ein situasjon der det militære gapet mellom dei to statane er verkeleg overveldande. Om det er mindre enn overveldande, kan avgjerda om å gripe til militær makt slå tilbake, og slå kraftig tilbake. Det er fem grunnar til det.

           

1) Om den veikaste makta viser seg å ha nok kraft til å seinke prosessen, og jamvel få han til å kjøre seg fast, då vil hovudresultatet av det militære engasjementet vere å syne fram grensene for den militære styrken til det ein trudde var den sterkaste militærmakta. Den leksa verda vil lære av ein slik situasjon er at den største militærmakta er veikare militært enn folk flest hadde trudd. Andre land drar politiske konklusjonar frå ei slik framsyning av mindre enn overveldande militær makt.

            2) Ein forlenga krig er alltid og uunngåeleg ein avskyeleg krig. Den største militærmakta byrkjar delta i aksjonar som er moralsk støytande. Om krigen er verkeleg kort, blir slike motbydelege ting fort glømt. Men om krigen drar ut, blir dei meir og meir ein del av den allmenne oppfatninga ikkje bare i dei to landa som er i krig, men i resten av verda. Den største militærmakta byrjar bryte alle moralske verdiar dei hevda å stå for, og som dei tidlegare fekk kreditt for i verdsopinionen. Sakte, men sikkert byrjar land som meir eller mindre har tatt side for den sterkaste militærmakta å fjerne seg frå ho, og enkelte gonger til og med gi uttrykk for politisk og moralsk sinne.

 

3) Frå starten stør vanlegvis eit stort fleirtal av opinionen i den største militærmakta regjeringas vedtak om å gå til krig. Støtta tar form av patriotisk iver og sterk moralsk støtte til regjeringa. Men slik innanlands støtte i opinionen er bygd på trua om at krigen ikkje bare i deira oppfatning, men au verkeleg vil bli vunne raskt og derfor etter måten smertefritt.

            Når krigen byrjar kjøre seg fast, er det to grupper av folket i den største militærmakta som byrjar trekke attende støtte til regjeringa. Det er dei som meiner regjeringa ikkje har freista hardt nok, og at ho er grunnleggande inkompetent. Dei krev opptrapping av militære åtak. Om det av ein eller annan grunn er uråd, drar denne gruppa ofte den konklusjonen at ein skal trekke seg heilt ut av krigen. Det er ei anna gruppe som byrjar få moralske skruplar med krigen, og byrjar arbeide for tilbaketrekking, ikkje fordi regjeringa er ineffektiv, men fordi ho tar moralsk feil. Jamvel om desse to gruppene med interne kritikarar seier motsette ting, og er betydeleg usamde med kvarandre, skaper dei to misnøgde gruppene betydeleg internt press på regjeringa for å endre politikken sin.

            På den tida krigføringa så verkeleg har kjørt seg fast, er regjeringa i den største militærmakta i ein situasjon der dei vil tape uansett. Om dei trekk seg ut, taper dei. Og om dei ikkje trekk seg ut, taper dei. Det første resultatet er at dei blir handlingslamma (kalla «å stå løpet ut»), og så audmjuking. Om kjensla av audmjuking er tilstrekkeleg stor, kan ho leie til ekstreme interne spenningar i landet som har vore oppfatta som den sterkaste militærmakta.

           

4) Dess lenger ein slik situasjon held fram, dess større kostnader blir det – kostnader i menneskeliv (i den største militærmakta), og kostnader økonomisk. Dess dyrare det blir, dess meir vil regjeringa miste heimleg støtte. Landet dei krigar mot er utan tvil øydelagt fysisk, ofte i ekstrem grad. Men skadane på den største militærmakta viser seg au å bli svært store, sjølv om det er mindre sannsynleg at det er infrastrukturen som blir øydelagt.

            5) Når alt dette skjer – framsyninga av mindre militær styrke enn trudd på forhand, tapet av moralske verdiar, minkande støtte i opinionen heime, dei aukande kostnadene for den største militærmakta – er resultatet at den politiske posisjonen den største militærmakta alt i alt hadde i verda blir svekka, enkelte gonger brått og kraftig.

            Den politiske konklusjonen ein må trekke av desse fem grunnane er at den største militærmakta gjør best i å vere trygg på at den militære evna hennar verkeleg er overveldande før ho skaffar seg sjølv slike negative resultat.

 

© Immanuel Wallerstein.

Omsett av Gunnar Danielsen.

[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage