http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
Commentary
No. 193, Sept. 15, 2006
"The
Loose Cannon in the
Det blir ikkje Irak,
Iran, Israel, eller USA som provoserer fram full krig i Midtausten.
Alle ser feil veg.
Dei fleste analytikarar, journalistar og politiske leiarar uroar seg for at ei
eller anna regjering skal gjøre noko verkeleg destabiliserande i Midtausten;
som vil føre til omfattande øydeleggingar i regionen. Dei vanlege syndebukkane
- avhengig av kva politisk overtyding ein har - er Irak, Iran, Israel, eller
USA.
Men i røynda er det av ulike grunnar ikkje sannsynleg
at nokon av desse landa - verken nå eller i nær framtid - skal provosere fram
eit scenario som kan ende i full krig. Irak er for opptatt av borgarkrigen og
med forsøka på å bli kvitt USA til at dei kan starte noko alvorleg. Iran har
eit ganske stabilt regime og er bare opptatt av å hindre USA i å vingeklippe
dei. Israel bles seg opp om Iran, men etter fiaskoen i Libanon er dei ikkje i
stand til å starte alvorlege ting. Og regjeringa i USA slikkar Midtausten-såra
sine og freistar primært å minimere skaden dei allereie har påført sine eigne
interesser.
Den lause kanonen i Midtausten er Pakistan. Tenk over
historia til landet. Det var ei svært sekulær og svært «moderne» politisk
rørsle i Britisk India; ho lukkast i å ta ut ein i hovudsak muslimsk del frå
Britisk India og bli godkjent som ein uavhengig stat. Straks etter frigjøringa
av India og Pakistan i 1948 gjekk dei til krig og drap kvarandre i store
mengder, og det vart ei ombytting av store folkemengder. Heilt sidan då har det
vore samanhengande spenning mellom dei to statane, særleg ettersom dei i
praksis delte det store grenseområdet i Kashmir, utan at nokon av dei godkjende
delinga som legitim.
I det over halve hundreåret som har gått, har det
skjedd fleire viktige endringar. Pakistan, som var eit geografisk monstrum,
vart sjølv delt i to. Den frådelte austlege delen blei den uavhengige staten
Bangladesh (oppmuntra av India). India og Pakistan vart involverte i fleire
krigar, som ikkje endra noko på grunnleggande vis. Under den kalde krigen vart
India leiar for dei alliansefrie landa, og fekk ganske vennskapleg samband med
Sovjetunionen. Som eit resultat vart to land mindre lykkelege med utanrikspolitikken
til India: USA og Kina. Derfor freista begge skaffe seg nært tilhøve til
Pakistan.
Verken India eller Pakistan skreiv under
Ikkjespreiingsavtalen for kjernefysiske våpen; dei utvikla begge kjernefysiske
våpen. India har hatt ei turbulent og komplisert historie etter 1948. Men
grunnleggande har landet vore politisk stabilt, trass i det tilsynelatande
potensialet for oppsplitting. Ein ting er at India har overlevd atskillige
regjeringsendringar utan teikn til at hæren har prøvd blande seg inn.
Historia til Pakistan er ganske annleis. Landet har
gått gjennom mange regimeendringar, og hæren har vore ansvarleg for ein stor
del av dei. Det sittande regimet kom til makta som resultat av eit militærkupp.
Religion har spelt ulike roller i dei to landa. I
India har hindufundamentalistar vore svært sterke og tilbøyelege til å bruke
vald, men i hovudsak har dei uttrykt seg gjennom eit politisk parti, Bharatiya
Janata Party, som i hovudsak har halde seg til parlamentariske reglar, inn og
ut av makta. Og det er framleis ei svært stor muslimsk befolkning i India, som
er ei viktig veljargruppe.
I Pakistan har islamske fundamentalistar følgt mange
linjer på ein gong. Sant nok har dei danna parti, som har vore inn og ut av
makta. Men dei har au skipa geriljarørsler, som (iallfall i startfasen) var
svært aktive i Kashmir. Ikkje minst har dei infiltrert den ein gong reint
sekulære hæren, og særleg det militære etterretningsapparatet. Og dei har
oppretta de facto autonome regime i det såkalla nordvestlege grenseområdet.
Pakistanske regjeringar har måtta slåst for å halde
hovudet over vatnet. Dei har freista tilfredsstille to ulike veljargrupper på
same tid: dei «moderne», vestleggjorte laga på den eine sida, og dei mykje meir
«folkelege» islamistiske gruppene. Det har ikkje vore nokon lett politisk
balansegang. Ein av hovudmetodane har vore å utvikle tvitydige, men nære band
til USA, dei prøver få så mykje finansiell og politisk-militær støtte frå USA
som dei kan mens dei gir så lite som råd tilbake.
Eit av hovudmåla til Osama bin Laden har vore å
trekke teppet bort under dette tvitydige spelet. Med åtaka 11. september håpte
han å få USA til å presse Pakistan til å bli ein mykje meir heilhjerta alliert.
Og til ein viss grad fekk Osama bin Laden til det (på grunn av grov mangel på
geopolitisk forstand i Bush-regimet). Det skapte ein sterk reaksjon i Pakistan.
Hærens freistnader på å skape «orden» i dei nordvestlege provinsane (og dermed
fange Osama bin Laden) har mislukkast og hæren har måtta trekke seg attende.
I mellomtida har India klart å få USA til å
legitimere vidare kjernefysisk utvikling i landet, og USA nekta gjøre det same
i Pakistans tilfelle, for ikkje å øydelegge det betra tilhøvet mellom USA og
India. Så Pakistan har vendt seg til sin andre gamle allierte - Kina - for å
fylle tomrommet.
Og president Musharraf i Pakistan ser i aukande grad
ut som ei politisk flause. Hæren hans har i løynd fornya støtta si til Taliban
i Afghanistan (Pakistan var hovudstøtta deira på 1990-talet), og USA blir
stadig meir irritert. Om regimet til Musharraf vaklar, kan Pakistan i neste
omgang svært vel få eit verkeleg islamistregime som er fiendtleg til USA - og
den her gongen i eit militært sterkt land med kjernefysiske våpen, og der Osama
bin Laden kan bu ustraffa.
Og kva då?
Immanuel
Wallerstein
[Copyright by Immanuel Wallerstein,
distributed by Agence Global. For rights and permissions, including
translations and posting to non-commercial sites, and contact:
rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is
granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the
essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write:
immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries