Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

194.  Oct. 1, 2006

"Three Papal Strategies to Revive Christianity"

 

Pavens strategi

Klassekampen 25.10.2006

Immanuel Wallerstein

 

Kanskje var ikkje pave Benedict XVIs tale ein feil, men del av ein plan?

 

Sist månad heldt pave Benedict XVI ein tale på det gamle universitetet sitt i Regensburg i Tyskland. I talen tok han med ein kort sekvens der han siterte ein lite kjend bysantinsk herskar frå 1300-tallet som gjorde ei fiendtleg analyse av islam. Det korte innslaget vart tatt svært negativt imot i den islamske verda, og førte til opptøyar og tallause fordømmingar.

Paven har bede om orsaking, fire gonger nå, men bare for at det vart så mykje oppstuss. Han har ikkje sagt at vurderinga av islam var fundamentalt feil. Etter den diplomatiske flausen har kommentatorar verda over drøfta korleis ein så intelligent person som paven kunne gjøre ein slik «feil». Kanskje var det ikkje ein feil, men sagt med overlegg.

Sjå kva den romersk-katolske kyrkja er. Ho har eksistert i nesten 2000 år. Det er ei kyrkje som trur at ho eig sanninga - både om Gud og om den nødvendige rolla kyrkja må spele i jakta på frelse. Ho trur at rolla hennar er å evangelisere heile verda og komme fram til ei verd der alle menneske utan unntak er praktiserande romersk-katolikkar.

Og sjå nå på historia hennar som institusjon. I byrjinga var det ei kyrkje som vart større i den forstand at tallet på tilhengarar auka. Ho spreidde seg jamt, først og fremst i Europa og i delar av Midtausten, i om lag tusen år. Så stod ho framfor det første større skismaet på 1000-tallet, då ho skilte lag med den austlege ortodokse kyrkja. Den romersk-katolske kyrkja vart som ein følge av det i hovudsak avgrensa til Vest- og Sentral-Europa. På 1500-tallet stod kyrkja framfor den protestantiske reformasjonen, som førte til tapet av det meste av Nord-Europa. Og frå og med 1700-tallet byrja ho miste praktiserande katolikkar til det ho såg som ein kreftbyll - sekulariseringa og fritenkeriet i Europa.

I tida etter 1945 sank tallet på praktiserande katolikkar dramatisk i den pan-europeiske verda, som eit resultat av at sekulære verdiar spreidde seg. Ikkje bare minka tallet på katolikkar som gjekk til messe i land der katolikkane nominelt var i fleirtall - Italia, Spania, Frankrike, Belgia, Austerrike, Irland, Quebec - men tallet på dei som kjente seg kalla til presteyrket, sank au dramatisk. Det same galdt i mindre målestokk i det hovudsakleg katolske Latin-Amerika, men her byrja kyrkja å tape grunn til evangelisk protestantisme. Men generelt voks medlemstallet i kyrkja på den sørlege halvkula, på grunn av kombinasjonen av høgare fødselsrate der enn i Europa, og at sekulariseringa hadde mindre appell. Derfor var kyrkja ikkje lengre primært europeisk; ho fekk fleire medlemmer i sør.

Problemet til kyrkja har ikkje vore at ho mista grunn til andre religionar. Katolikkar gjekk ikkje over til islam, jødedom eller buddhisme. Heller ikkje konverterte muslimar, jødar og buddhistar til katolisismen. Organisasjonsproblema til kyrkja var i hovudsak i den kristne verda. Spørsmålet for kyrkja etter 1945 har vore korleis ho skulle reagere på det plutselege og massive skiftet. Det har vore tri ulike pavestrategiar for å gi den katolske kyrkja ein ny posisjon og nytt liv - frå Johannes XXIII, frå Johannes Paul II, og frå Benedict XVI.

Johannes XXIII ønska ein aggiornamento i kyrkja, det vil seie «å få kyrkja i samsvar med samtida». Det økumeniske konsilet han samla - Det andre vatikankonsilet - gjorde mange endringar i praksisen til kyrkja: eit meir fleksibelt syn på frelse utanfor kyrkja, ein liturgi som var mindre latin-basert, ei større rolle for biskopkollegiet. Desse endringane såg primært ut til å vere retta mot å møte den implisitte og eksplisitte kritikken av katolikkane i den europeiske delen av verda, med krav om ei kjerke som var meir på bølgelengde med moderne vestlege verdiar. Det andre vatikankonsilet fall saman i tid med framveksten av den såkalla frigjøringsteologien innanfor kyrkja, spesielt i Latin-Amerika. Målet her såg ut til å vere å gå mot synet om at kyrkja var eit våpen for ultra-konservative politiske synspunkt.

Det var mykje kritikk innanfor kyrkja om at desse reformene hadde «gått for langt». Johannes Paul II la ny vekt på tradisjonelle katolske verdiar om seksualitet, kvinnene si rolle i kyrkja, og at biskopane var underordna paven. Han gjekk til åtak på frigjøringsteologien, og erstatta reformvennlege biskopar i den pan-europeiske verda med meir tradisjonelle folk. Fornyingsstrategien hans såg ut til å konsentrere seg om potensialet for kyrkja på den sørlege halvkula. Av den grunn la han uvanleg vekt på å komme i dialog med andre religionar. Det såg ut som han tenkte, som eit resultat, at det ville bli lettare for kyrkja å sleppe til i ikkje-europeiske område.

Benedict XVI har tydeleg ein tredje visjon. Han er samd med Johannes Paul II i å stramme inn på aggiornamento. Men han er usamd i at framtida til kyrkja avheng av dialog mellom religionane. Strategien hans konsentrerer seg om å erobre tilbake den tradisjonelle basisen til kyrkja - dei europeiske røttene. Talen hans i Regensburg er i kjerna eit åtak på europeisk sekularisering, og eit innstendig krav om å gjenopplive ein rein katolsk doktrine og praksis i Europa.

Det passar inn med den tidlegare kritikken hans av at Tyrkia kan komme med i EU, og det mislykka kravet hans om at framlegget til grunnlov for EU eksplisitt skulle vise til den sentrale rolla kristendommen har i Europa. I eit slikt perspektiv passar bruken av ei anti-islamsk fråsegn heilt framifrå inn. Ein kan sjå det som ein måte å konsolidere Europa mot ein fiende, og ved det oppmuntre alle europearar til å legge vekt på sine kristne røtter. Det ser ut til at han var villig til å risikere islamsk sinne for å konsolidere ein europeisk base.

Tri strategiar - aggiornamento, ei utstrekt hand til sør støtta av økumenisk arbeid, og konsolidering av ein europeisk base på tradisjonelle katolske verdiar. Kven av dei, om nokon, vil vere fruktbar i hundreåret som kjem?

 

© Immanuel Wallerstein.

Omsett av Gunnar Danielsen.

[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage