Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

 

195. Oct. 15, 2006

"What Difference Will a Democratic Congress Make?"

 

Ny kurs i USA?

 

Klassekampen 31.10.2006

 

 

Snart er det val til Kongressen i USA. Kan siger til Demokratane utgjøre ein forskjell?

 

I mangel av store mirakel for Republikanarane ser det nå ut til at Demokratane vil vinne minst eitt, og kanskje begge husa i Kongressen i USA i vala 7. november. Kva for forskjell vil det gjøre?

Eg bør seie at eg personleg vil bruke den demokratiske røystesetelen. Men som mange andre vil eg bruke han primært som ei negativ røyst mot George W. Bush, og sekundært mot det republikanske fleirtallet i begge husa. Eg gjør det av mange grunnar, men først og fremst fordi eg meiner invasjonen i Irak var umoralsk, ikkje har vore føremålstjenleg, og allment sett har vore ein fiasko - for USA, for Irak, og for heile verda.

Eg har mange andre ting å utsette på det nåverande regimet - åtaka deira på dei grunnleggjande fridommane til det amerikanske folket, den bakstreverske økonomiske og sosiale politikken heime, og den tåpelege og ukloke utanrikspolitikken deira generelt. Men som årsak står Irak over alle. Så eg skal røyste i protest, og for å prøve stoppe ting frå å bli verre.

Men kva vil ein demokratisk Kongress gjøre betre? Som alle andre har sagt er det ikkje klart i det heile tatt. Ein må faktisk tvile på om Demokratane som parti har ein særleg betre utanrikspolitikk å tilby. Det primære problemet til leiarane i det demokratiske partiet er at dei trur, minst like mykje som Republikanarane, at USA er sentrum i verda, visdomskjelda, den store forsvararen av den frie verda - kort sagt, ein djupt moralsk nasjon i ei farleg verd.

Verst av alt er at dei ser ut til å tru at bare ved å gjøre slutt på den overdrivne aleinegangen til det nåverande regimet, vil dei vere i stand til få USA tilbake som ei sentral makt i verdssystemet, og få tilbake støtte frå tidlegare allierte og støttespelarar, først og fremst i Vest-Europa og så i resten av verda. Dei ser verkeleg ut til å tru at det er eit spørsmål om form, ikkje innhald, og at feilen til Bush-regimet var at dei ikkje var gode nok på diplomati.

Det er sant at ikkje alle Demokratar har eit slik syn, og for den saks skyld ikkje alle Republikanarar og uavhengige. Men for augneblinken er dei som er klar til å sjå grundig på dei politiske mistaka i USAs politikk ein minoritet - og meir, ein minoritet utan ein klar dagsorden sjølve og iallfall utan ein markert politisk leiar som kan legge fram eit alternativt syn.

Så kva vil skje? Det er mogleg, ikkje sikkert, at USA kan bli tvunge til trekke seg ut frå Irak før presidentvalet i 2008. Det er au nokså sikkert at Republikanarane vil legge skylda på Demokratane for å ha «tapt» krigen, og Demokratane vil seie at det ikkje er sant. Men ut over det vanlege politiske snakket for galleriet vil tilbaketrekkinga komme som eit stort sjokk for det amerikanske folket, jamvel om ein majoritet ikkje ser noko alternativ.

Ein må sette ei slik tilbaketrekking i samanheng med krigane Sambandsstatane har kjempa sidan 1945. Koreakrigen og den første Golfkrigen endte der dei starta. Ingen av sidene vann eigentleg. Den viktigaste krigen for USA - i geopolitisk forstand, i økonomiske kostnader, og kjenslemessig for det amerikanske folket - var Vietnam. Og den krigen tapte USA. Resultatet har vore ei djup kløft i det amerikanske folket - om «kven» som tapte krigen, og om krigen kunne vore «vunne» om ein annan politikk hadde blitt ført.

Det såkalla Vietnam-syndromet har aldri blitt lega. Med åtaka 11. september 2001 kom eit patriotisk oppsving i det amerikanske folket, og landet såg for ei stund sameina ut. Men George W. Bush har forspilt alt det, og ingen demokratisk president kan gjenopplive det. Eg ser for meg at tilbaketrekking frå Irak vil bli enda meir traumatisk enn flukta frå Saigon i 1975. To nederlag vil vere øydeleggjande for, og vise klart kor, grensene går for makta til USA.

Det kan i røynda bare skje to ting på det punktet. Eit er at det skjer ein slags djuptgåande sjelegransking som vil føre til at USA revurderer sjølvbiletet sitt, forståinga dei har av kva som er mogleg i verdssystemet nå og i framtida, og kva slags verdiar dei verkeleg trur på. Om det skjer, kan det kanskje vekse fram krefter i det demokratiske partiet som kan gi kropp til revurderinga. Eller kanskje vil heile det politiske rammeverket i USA og rundt partia deira bli endra for å reflektere ei slik revurdering.

Men sjølvsagt er det ei anna moglegheit. Det er at heile landet blir dominert av djupt sinne over «tapet» av overlegen makt, vil leite etter syndebukkar (og finne dei), og til slutt ende opp med å øydelegge USAs grunnlov og fridommane han skal forsvare. Noko slikt hendte under Weimar-republikken i Tyskland. Og sjølv om stoda er ulik på mange måtar, og sjølv om eg ikkje på nokon måte spår framveksten av eit nazi-parti, så vil det bli ei smerteleg katastrofe for USA og verda om landet skulle ta markante steg i den retninga.

Det som betyr noko er kva USA tenkar om seg sjølv og gjør med seg sjølv, ikkje bare for USA men au for resten av verda. For ein såra elefant kan verkeleg gå berserk. På den andre sida kan ein tenke seg at eit brutalt sjokk som eit nederlag i Irak ville kunne gi den sunne effekten at det beste i amerikansk tradisjon vart gjenoppliva - tradisjonen med eit fridomselskande, sosialt medvite folk som nok ein gong ville ønske velkomne, med orda som er gravert inn på Liberty-statuen, «dei samantrengte massane som lengtar etter å puste fritt».

 

© Immanuel Wallerstein.

Omsett av Gunnar Danielsen.

[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage