Fernand Braudel Center, Binghamton University
http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
196. Nov. 1, 2006
Nordkoreansk røre
Kor opprørte er eigentleg
dei landa som hissar seg opp over Nord-Koreas atomprogram?
Nord-Korea er blitt
medlem av atomklubben, og alle andre seier dei er opprørte. Er dei verkeleg
det? Det er fem aktørar som verkeleg tel i samanhengen: Nord-Korea, USA,
Sør-Korea, Kina og Japan. Dei har reagert ulikt alle saman.
Nord-Korea er utan tvil
den som er mest fornøgd av alle. Dei sette i verk ein kjernefysisk sprenging av
mange openbare grunnar. Dei er overtydde om at med eit slikt våpen i handa blir
eit åtak frå USA usannsynleg. Og det er truleg sant. Dei ønska også å bli tatt
meir alvorleg som ein aktør på verdsbasis. Og trass i inntrykket dei siste
vekene, har dei truleg oppnådd det òg. Dei ønska å vise ikkje bare USA, men
alle andre, særleg Kina, at det ikkje var mykje dei kunne gjøre med det
nordkoreanarane hadde bestemt seg for, og dei ser ut til å ha klart det. Og
under alt ligg utan tvil det primære målet deira, at regimet skal overleve. Og
dei har truleg fått utretta det dei er i stand til for å sikre det. Men
sjølvsagt er heller ikkje dei allmektige.
Den vanlege vurderinga av
det som har skjedd er at det vil føre til spreiing av kjernefysiske våpen,
først og fremst i regionen. Eg er samd. I løpet av svært kort tid ventar eg at
Japan vil byrje på sitt atomprogram. Dei vil bli følgt av Sør-Korea. Og så -
ingen nemner det - vil dei bli følgt av Taiwan, og slik vil alle landa i
Nordaust-Asia bli med i atomklubben. Er det bra eller ille? Svaret avheng av
kven sitt perspektiv du vel.
USA er ganske visst mest
ulykkeleg. I ei tid der makta til USA minkar over alt, har Nordaust-Asia vore
det siste området dei såg ut til å ha eit sterkt feste. Det er slutt.
Bush-regimet har ikkje visst kva dei skulle gjøre. Dei pressa på for å få til
raske straffetiltak frå tryggingsrådet i FN mot Nord-Korea. Resultatet vart
vasne saker - ein resolusjon som trass i at han var samrøystes kunne ha vore
skrive av nordkoreanarane. Om ei regjering frå Demokratane hadde gått med på
ein slik resolusjon, ville John Bolton vore den første til å stemple han som
veik. Men ettersom Bolton er Bush sin ambassadør til FN, har han hylla
resolusjonen som eit storverk. Ikkje overtydd av retorikken til Bolton har
Condoleezza Rice tatt seg ein rundtur i Nordaust-Asia, og sagt at ho ikkje kan
tvinge på nokon korleis dei skal sette ut i livet det vasne vedtaket. Likevel
«ventar» ho at Kina og Sør-Korea vil leve opp til pliktane ho meiner dei har,
noko dei har sagt dei ikkje har tenkt å gjøre.
Japan hevdar at dei er
svært ulykkelege, og deler den harde linja til USA. Orsak om eg er skeptisk. Er
ikkje Shinzo Abe mannen som vart statsminister ved å love å gjøre Japan til ein
«normal» nasjon? Det er kodespråk for å endre grunnlova, bygge opp ein komplett
hær og kjernefysiske våpen. Den nordkoreanske atomsprenginga gir Abe
umiddelbart høve til å rettferdiggjøre slike tiltak, og han vil gripe sjansen.
Faktisk bli han oppfordra offentleg til å gjøre det av neo-konservative i USA.
Dei gjør det fordi dei trur det vil styrke posisjonen til USA i regionen, og
gjøre ein militær aksjon mot Nord-Korea meir sannsynleg.
Men eit japansk
kjernefysisk program kan gjerne ha motsett verknad. Den eine tingen som har
bunde Japan svært tett til USA dei siste femti åra er at Japan har vore
avhengig av det kjernefysiske vernet frå USA. Når Japan først får eigne
kjernefysiske våpen får dei høve til å vere meir sjølvstendige. Og før eller
seinare vil dei utnytte det.
Kina er sjølvsagt
ulykkelege, av mange grunnar. Ein grunn er at den nordkoreanske sprenginga
syner grensene for Kinas makt; dei er like hjelpelause som USA i denne stoda.
Ein annan grunn er at spreiing av kjernefysiske våpen ikkje er i Kinas
interesse. Dei er ikkje urolege for Nord-Korea, men for Japan og framfor alt
for Taiwan.
Kina og Sør-Korea deler
eit desperat ønske om at det nordkoreanske regimet skal overleve (dei har inga
«regime-endring» på programmet). Dei satsar begge på at deira ulike økonomiske
hjelpetiltak skal føre til ei sakte og mild liberalisering av regimet - meir
Deng Xiaopeng - enn Gorbatsjov-varianten. Om det er realistisk eller ikkje får
me sjå. Men har dei anna val enn å satse på det, og arbeide for det?
Sør-Korea er i den
vanskelegaste stoda av dei fem maktene. Det er det einaste landet der opinionen
ser ut til å vere delt på midten - mellom partiet ved makta som trur på
«forloving» med Nord-Korea, og opposisjonen som ønskjer å kopiere den japanske
linja med tett samband med USA. Det vil utan tvil bli eit hovudtema i
presidentvalet neste år.
Nederst i skjemaet
Immanuel
Wallerstein
[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed
by Agence Global. For rights and permissions,
including translations and posting to non-commercial sites, and contact:
rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is
granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the
essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write:
immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være
refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra
dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries