Fernand Braudel Center, Binghamton University
http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
197. Nov. 15, 2006
Nederlagas
Gallionsfigur
George W. Bush satsar
høgt i spel. Når slike gamblarar taper, taper dei stort.
Då USA invaderte Irak i
2003, såg det ut til at USA kunne tape krigen, trass i overveldande
militærmakt. Det tok ikkje lang tid før ein kunne sjå at USA faktisk var i ferd
med å tape. I dag er det åpenbart at USA ubønnhørleg har tapt krigen. Målet til
USA i Irak var å få på plass ei stabil, vennlegsinna regjering, ei som ville
tillate at USA hadde militærbasar. Nå er det klart at om ho blir stabil, blir
ho ikkje vennlegsinna. Og blir ho vennlegsinna, blir ho ikkje stabil.
Den 7. november tapte
Republikanarane mellomvala i USA. Som Bush sjølv sa, var det små marginar i
alle dei tette oppgjøra, men totalt sett var det eit enormt tap. Kjempetapet
blir understreka av at oppslutninga om Bush gjekk endå meir ned etter vala.
Grunn nummer éin var det
faktum at dei fleste amerikanarane følte det gjekk dårleg i Irak, og ville ha
dei militære heim. Jamvel i distrikt der demokratiske kandidatar ikkje kjørte
fram spørsmålet vaka det i bakgrunnen. Sjølvsagt var det andre grunnar. Mange
sentrumsorienterte veljarar røysta mot den kristne høgresida, og då skada det
ikkje å ha demokratiske kandidatar som var meir sentrumsorienterte i «sosiale»
spørsmål.
Spørsmålet er kva som vil
skje nå. Bush er ikkje, og har aldri vore nokon ideolog. Han er ein pragmatisk
politikar på høgre fløy som gjør det han trur er nødvendig for å vinne val. Han
har vore ganske god på det området, og han er klar over mistaka han har gjort
dei siste åra - ikkje i utanrikspolitikken (der han grunnleggande ingenting
forstår og bryr seg om svært lite), men i innanrikspolitikken har han fått ein
kjempesmell. Han korrigerer. Han har sparka Rumsfeld, vil sette Cheney i
baksetet, og har (utan tvil etter råd frå Karl Rove) bede om hjelp frå den
gamle «realpolitiske» fløya i Det republikanske partiet - sin far, James Baker,
og den påtroppande forsvarsministeren Robert Gates. Han håper å få med seg dei
demokratiske leiarane på eit opp-pussa to-partisamarbeid.
Kan Bush klare det? Meir
spesifikt, kva kan han gjøre med Irak? Og kva kan han gjøre med at Demokratane
har rykka fram? Det korte svaret er at det er vanskeleg å sjå nokon måte han
kan redde seg sjølv og USA ut av Irak-fiaskoen med stil på.
Baker-Hamilton-kommisjonen vil snart la oss få vite kva for «nye retningar» dei
ser, men eg tviler på at dei kan komme opp med noko som kan fungere.
Enkelte snakkar om å dele
Irak i tre delar. Det er dødfødd. Verken Tyrkia eller Iran kan tolerere eit
uavhengig Kurdistan, og kurdarane vil vere langt betre tjente med sin nåverande
de facto autonomi enn å føre krig mot naboane sine. Fleirtallet av
sjiamuslimane ønskar ikkje ein separat stat.
For det første, korfor
Sjia-stan så lenge dei meir eller mindre kan dominere eit samla Irak? Og i alle
tilfelle, kva ville skje med Bagdad? Og sjølvsagt er sunniane bastant mot. Slik
sjølvsagt alle naboane til Irak er, utan unntak. Og som me har sett i
Jugoslavia, separate statar gjør ikkje slutt på etniske konfliktar; dei
forsterkar dei faktisk.
I botn og grunn er det
bare to måtar USA kan trekke seg ut av Irak på, utan å tape vesentleg fleire
liv og med minimal politisk skade: Dei kan be Iran å vere meklar for å dempe
interne konfliktar i Irak, noko som kunne fungere. Eller, alternativt, kan den
sjiamuslimske al-Sadr-fraksjonen og den sunnimuslimske motstandsrørsla gjøre felles
sak på ei anti-amerikansk plattform, og be USA høfleg om å dra umiddelbart (det
vil seie sparke USA ut), noko som òg kunne fungere.
Ingen av alternativa er
det minste hyggelege for Bush eller den amerikanske kongressen. Men desse to
alternativa representerer truleg den beste avtalen USA kan få slik stoda er i
dag. Alle andre utvegar vil nesten sikkert ende med helikopter i skytteltrafikk
for å frakte folk ut frå den grønne sona til Kuwait.
Det eine som er sikkert
er at det ikkje vil vere USA-troppar i Irak når me nærmar oss valet i 2008.
Veljarane og dei militære gjorde det klart i vala i 2006. Sjølvsagt vil det bli
ein veldig krig om skyld - mellom Republikanarane om kven som tapte vala i
2006, og mellom Demokratane og Republikanarane om kven som tapte i Irak. Men
alle vil tenke på kven som «tapte».
Me kan også vere sikre på
at verken bombing av Nord-Korea eller Iran seriøst står på sakslista (det gjeld
for Israel òg). Verken militæret eller veljarane i USA vil tolerere det (for
ikkje å snakke om resten av verda).
Kor vil det føre USA som
verdsmakt? Det vil truleg føre til at landet tar eit markant steg mot å lukke
seg inne. Alt nå i 2006-vala vann mange kandidatar ved å gå mot «frihandel» og
Irak var ei fy-ord. Den politiske freistinga blir å legge vekta på
innanrikspolitiske spørsmål. Ein av dei viktigaste sideverknadene vil bli ein
merkbar reduksjon i USAs støtte til israelsk utanrikspolitikk; det blir ei
smerteleg endring for Israel.
Demokratane er sameinte
om innanriks økonomisk lovgiving - høgare minimumslønn, betre og billegare
helsestell, økonomisk hjelp til høgskolestudentar. Dei kjem også til å kjøre
fram miljøspørsmål og medisinske framsteg (stamcelleforsking til dømes). Om
Republikanarane håper å styrke seg igjen, må dei gå noko mot sentrum i både
økonomiske og sosiale spørsmål.
Resultatet, som alt er
åpenbart, er at det blir skapt maksimal forvirring i Det Republikanske partiet,
mens den minkar i Det Demokratiske partiet - nøyaktig det motsette av det som
har vore tilfellet det siste tiåret. Og tidleg i 2009 vil George W. Bush
forsvinne ut i ødemarka, huska (om me bryr oss) for at han var gallionsfiguren
for dei som var opphavet til alle nederlaga - i Irak, i verda, og heime for Det
Republikanske partiet.
Immanuel Wallerstein
[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights
and permissions, including translations and posting to non-commercial sites,
and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606.
Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others,
provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write:
immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse kommentarene, publisert to
ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige
verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange
linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries