Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

Commentary No. 198, Dec. 1, 2006

Folk seier: Lær av Vietnam! Eg seier: Lær av Indonesia

 

 

George W. Bush har nettopp vitja Vietnam og Indonesia. Han sjølv og mesteparten av media brukte høvet til å tenke gjennom «lærdommane» frå Vietnam-krigen, i betydninga kva dei har å seie for USAs politikk i Irak.

Det kunne vore meir nyttig å tenke gjennom lærdommane frå Indonesia, og dei ulike måtane Bush vart mottatt på i dei to landa.

Vietnam er i dag eit av dei få landa i verda der US Secret Service tillet Bush å kjøre i bilkortesje. Då Bush var der, sa han at Vietnam-krigen bør lære amerikanarane å vere tålmodige. Han vart sitert i alle media på setninga han la til: «Me lykkast om me ikkje trekk oss ut.»

Bare George W. Bush kunne sagt at lærdommen han drar frå Vietnam-krigen er at USA vil vinne om dei ikkje trekk seg ut. For som jamvel han burde vite, trakk USA seg ut av Vietnam. Var fråsegna til Bush eit forsøk på å fordømme Gerald Ford for å ha trekt seg ut, for ikkje å vere tålmodig nok til å vinne? Eller var det bare ei dum gjentaking av å-stå-løpet-ut-linja hans i Irak, trass i det som hende i Vietnam?

Kva er dei mest åpenbare lærdommane ein kan trekke frå den lange krigen i Vietnam? Ein er at USA vart slått av ein liten nasjon som ikkje var nær å matche dei når det galdt militært utstyr. Det andre er at den lange krigen med Vietnam skapte djup splitting i folket i USA og underminerte på viktige vis den langsiktige økonomiske styrken til USA. Det tredje er at trass i alt det, eller kanskje nettopp fordi Vietnam slo USA, er Vietnam i dag eit av dei landa i verda som er mest vennlegsinna mot USA, i røynda eit av få vennlegsinna land.

Den påståtte grunnen til at USA kjempa i Vietnam var å kjempe mot kommunismen og unngå ein «domino-effekt» for kommunismen i Søraust-Asia.

Nå regjerer kommunistpartiet framleis i Vietnam i dag, og dei er faktisk vennlegsinna mot USA. Og det blei aldri nokon dominoeffekt. Så korfor ofra USA då så mange liv og så mykje pengar? Kanskje hadde det vore meir fornuftig å halde seg utanfor i utgangspunktet.

President Bush drog vidare til Indonesia, der han var nokre få timar, gjømt bort i eit regjeringspalass. Ingen bilkortesjar - for farleg; ikkje ei einaste overnatting - for farleg. Så la oss sjå tilbake på USAs politikk i Indonesia. I motsetning til i Vietnam gjennomførte USA her ein «vellykka» intervensjon. CIA var med og sikra at Sukarno vart kasta, han var ein av leiarane for dei «alliansefrie» landa i verda - ein USA meinte var for vennlegsinna mot Sovjetunionen.

I hans stad kom ein høgreorientert general, Suharto. Han sette straks i verk masseslakt på det indonesiske kommunistpartiet, det største i verda utanfor land der kommunistpartiet var regjerande parti.

Indonesia er òg landet som har den største muslimske befolkninga i verda. I verdsmålestokk har indonesisk islam vore ganske moderat. Men etter at det sekulære Sukarno-regimet vart fjerna, har den indonesiske regjeringa følt behov for å ta omsyn til kva dei muslimske paria meiner i politiske spørsmål. Og i Indonesia fekk ein den dominoeffekten som aldri kom i Vietnam, bortsett frå at dominoeffekten kom frå USAs politikk i Irak.

Mange indonesiske muslimar, kanskje dei fleste, ser på USA som ein fiende av islam, og dei er svært sinte. Hadde det blitt bilkortesje i Jakarta, ville han truleg blitt steina. Derfor var Secret Service mot det.

Så kva for lærdommar bør me dra? I 2006 er eit av dei få gjenverande kommunistregima i verda relativt sett vennlegsinna mot USA. Og landet der me la til rette for å utslette kommunistpartiet, er det landet der det er fysisk farleg for presidenten i USA å sette føttene på bakken.

Vil presidenten frå USA som besøker Irak om tjue år få ei mottaking som George W. Bush fekk i Vietnam, eller som han fekk i Indonesia?

© Immanuel Wallerstein.

Omsett av Gunnar Danielsen.

[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage