Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

Commentary 199, Dec. 15, 2006

 

Går det mot opprør eller borgarkrig i Mexico?

 

 

Sist månad sa subcomandante Marcos at Mexico er «på randa av eit større opprør

eller borgarkrig». Han driv vidare «den andre fasen» zapatistane har sett i verk.

Og Andrés Manuel López Obrador, kandidaten til Partido de la Revolución Democrática

(PRD) i valet 2. juni 2006, har påstått svært høglytt, og med stor folkeleg

støtte, at valsigeren blei stolen frå han. Han har nekta å godta Felipe Calderón

som gjorde presidenteiden 1. desember, og han har oppretta eigne konkurrerande

organ, den «lovlege regjeringa» – med kontor, ei regjering, og representantar

i alle regionar. I mellomtida hadde det som starta som streik for høgare

lønn blant lærarane i Oaxaca utvikla seg til eit omfattande anti-kapitalistisk opprør

der dei tok over kontrollen av byen og kalla organa sine La Asamblea Popular

de los Pueblos de Oaxaca (Appo), og stilte som minstekrav at provinsguvernøren

frå PRI måtte gå av, ein Ulisses Ruiz. Statleg og føderalt politi rykka til

slutt inn og slo ned opprøret, og leiarane i Appo er arresterte.

 

Korleis kom nærmaste naboen til USA til eit punkt der regjeringa aktivt og kraftig

blir utfordra som illegitim, og der folket diskuterer om den legale presidenten

faktisk kan sitte ut seksårsperioden sin eller ikkje, der ein ser slutten på 80 år

med relativt stabile politiske tilhøve? Ein må sette saman tri element for å forklare

uroa: 500 års undertrykking av urfolket i Mexico; øydelegginga av av dei

politiske institusjonane til Mexico frå 1900-tallet; og verknadene av Den nordamerikanske frihandelsavtalen (Nafta)på den grunnleggande velferden i Mexico. Mexico er eit kvitt settlar-land der fleirtallet av befolkninga er sett saman

av indianske urfolk pluss folk av såkalla blanda blod. Tall er viktige, særleg

når oppdelinga etter rase og etnisitet har vore ganske konstant så lenge og

når skillet i levestandard er så skrikande. Det siste politiske resultatet av

desse underliggande spenningane har vore framveksten av zapatist-rørsla

(Ejército Zapatista de Liberación Nacional) i Chiapas i 1994. Zapatistane har

vist seg å bli ein varig og meiningsfull politisk kraft, og «den andre fasen» dei

sette i verk i fjor byrjar gi resultat over heile landet. «Den andre fasen» er ikkje

ein kampanje for makt gjennom val, eller for å ta over den nåverande mexicanske

staten. Målet er å styrke lokalsamfunna og undertrykte grupper av alle slag (kvinner, bønder og arbeidarar, homofile) i ein kamp mot kapitalisme og imperialisme – i Mexico og over heile verda.

 

Det er ein annan front – den formelle politiske arenaen som vart etablert i kjølvatnet

av den mexicanske revolusjonen i 1910. Etter ein vaklande start, blei Mexico

ein eitt-partistat styrt av Partido Revolucionaria Institucional (PRI). PRI

hadde eit revolusjonært høgdepunkt på 1930-tallet under president Lázaro Cárdenas,

som nasjonaliserte olja og arbeidde for jordreform ved å opprette regjeringsstøtta

offentlege jordprosjekt kjent som ejidos. Heilt sidan 1940 har PRI fjerna seg frå Cárdenas program og blitt meir og meir byråkratiske, konservative, og korrupte. I utgangspunktet var den einaste opposisjonen eit katolsk næringslivsvennleg parti på høgre fløy

kjent som Partido Acción Nacional (Pan). I 1989 skjedde det ei avskalling til

venstre frå PRI gjennom opprettinga av PRD. Presidentkandidaten i 1988 frå dei

venstrekreftene som skulle bli PRD var son til Cárdenas, Cuauhtémoc Cárdenas.

Det er allment godtatt at valet i 1988 blei stolen av PRI, men venstresida slåst

ikkje mot den krenkinga. I 2000 vann kandidaten frå PAN, Vicente Fox, og

fekk endeleg PRI bort frå presidentembetet og gav dei ein brå politisk tilbakegang.

Då det vart sagt at PRD-kandidaten i 2006, López Obrador hadde tapt, bleikna han ikkje passivt bort som Cuauhtémoc Cárdenas i 1988. I staden freista han aktivt å få oppheva den påståtte sigeren til motkandidaten sin.

 

Zapatistane og obradistane til López representerer to fløyer i den folkelege opposisjonen i Mexico. Dei representerer ulike politiske strategiar, og i augneblinken

samarbeider dei ikkje. Men Appo i Oaxaca kan vere den typen krefter som

kan føre dei to saman. Begge stør Appo, og Appo har vore heilt sjølvstendige frå

begge to. Det kan bli mange fleire Appoar i nær framtid.

Den siste delen som må på plass i biletet er Nafta. Dei øvre sjikta i Mexico har

gjort det bra under Nafta. Men dei lågare laga har fått det verre enn nokon gong.

Ein av dei mange konsekvensane har sjølvsagt vore aukande migrasjon over

grensa til USA, noko som har ført til indre strid i USA – mellom ei ny anti-immigrasjonsrørsle og ei nyvekt rørsle blant den latin-amerikanske delen av

veljarane. Om verdsøkonomien held fram nedturen dei nærmaste eitt til to

åra, då kan den lovlege regjeringa i Mexico stå framfor eit drastisk fall i inntektene,

og kan få vanskar med å ri av stormen. Og uroa i dei to landa – i Mexico og

i USA – kan slå kreftene saman. «Doble, doble, sukk og syte / brenn, vår eld, og boble, gryte» messa heksene i Macbeth. (Frå Edvard Hoems gjendikting, Oktober, 1999.)

 

Immanuel Wallerstein,

Omsett av Gunnar Danielsen

[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage