Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

Commentary 200, Jan. 1, 2007

 

Ny strategi i Irak?

 

 

Bush kan ikkje endre kurs i Irak.

 

I ein månad har George W. Bush nå proklamert at han leitar etter ein «ny strategi» for «siger» i Irak, og at han rådfører seg vidt og breitt for å finne fram til korleis strategien skal vere. Ut frå alle ymt og lekkasjar er det få som ventar i andelaus spenning på talen der presidenten skal avsløre vedtaka sine. Den nye strategien skal vere den gamle strategien, kanskje med ein liten del ekstra USA-soldatar i Bagdad.

Presidenten vedgjekk faktisk for aller første gong at USA ikkje er i ferd med å vinne krigen i Irak, men dei taper heller ikkje, seier han. Tallet på dei - i USA eller andre stader - som er overtydde om det blir stadig færre. Ei meiningsmåling tidleg i desember frå seks vestlege land viser at 66 prosent av folket i USA er for å trekke ut koalisjonsstyrkane; og i Italia, Tyskland, Storbritannia, Spania og Frankrike varierte talla frå 73 til 90 prosent. Som Financial Times sa på leiarplass: «USA har sjeldan hatt slikt behov for venner og allierte.»

Og 7. desember, årsdagen for Pearl Harbor, kunngjorde den republikanske senatoren Gordon Smith - som støtta krigen frå starten av - at han hadde endra oppfatning. «Ein grunn er at eg ikkje lenger kan støtte ein politikk der soldatane våre dag etter dag patruljerer dei same gatene og på same vis dag etter dag blir øydelagt av dei same bombene. Det er absurd. Det kan til og med vere kriminelt. Eg kan ikkje støtte det lenger.»

Så korfor lagar Bush så mykje oppstuss om ny strategi når han så tydeleg vil halde fram med den gamle? To grunnar: Vala i november, og Baker-Hamilton-rapporten. Vala viste Bush at Irak-politikken hadde gjort alvorlege innhogg i valoppslutninga til det republikanske partiet. Det vil heilt klart kreve meir enn å sparke Donald Rumsfeld om dei skal hindre det frie fallet dei republikanske kandidatane nå står framfor, særleg om 2007 fører til fleire døde og skadde i Irak, auka etnisk reinsing, vidare nedgang for dollaren, og vidare nedgang i levestandarden for dei 80 prosent som ligg i botnen i USA.

Baker-Hamilton-rapporten åpnar med setninga «Situasjonen i Irak er alvorleg og forverra.» Mykje av diskusjonen om rapporten har dreidd seg om Iraq Study Group kunne overtyde Bush om å følge dei tallause og ikkje altfor dristige framlegga til endring frå gruppa. Men det har aldri vore meininga. Verken Baker eller Hamilton er idiotar. Begge er gamle proffar i USA-politikken. Meininga med rapporten var å legitimere kritikk frå den tradisjonelle eliten i det politiske livet i USA, og rapporten har heilt klart sleppt dei laus. Sjå fråsegna til senator Smith. Sjå det auka motet som offiserar i militæret legg for dagen når dei legg fram sin djupe skepsis offentleg.

Så kva vil skje nå? Bush vil presse gjennom vedtak om fleire USA-soldatar. Slik alle seriøse kommentatorar har peika på vil ikkje det gjøre nokon skilnad militært. Sjølvsagt kunne 300.000 nye soldatar føre til at både opprøret og borgarkrigen vart slått ned. Men bare det å sende 30.000 soldatar vil bli ei ufatteleg påkjenning på livsevna og moralen til militæret i USA. Seinast i juni 2007 vil det vere klart jamvel for den striaste forblinda - som George W. Bush og dei gjenlevande ny-konservative - at USA står i ei blindgate og forblør.

Korfor vender då ikkje Bush om? Han kan ikkje. Heile presidentskapen hans dreier seg om Irak-krigen. Om han prøver snu, så innrømmer han at han er ansvarleg for ein nasjonal katastrofe. Derfor har han ikkje anna val enn å prøve bløffe seg fram til 2009 og levere katastrofen vidare til ein annan. Det vil seie; han har ingen andre val som er akseptable for han. Men Bush kjem til å lære noko dei neste atten månadene. Situasjonen er ute av kontroll, og jamvel presidenten i USA kan bli tvinga til å gjøre ting han finn motbydeleg.

Først av alt er det presset frå veljarane i USA, og derfor frå politikarane. Tallet på forstandige republikanarar og engstelege demokratar som er villige til å forlate krigslinja veks dagleg. Me ser det allereie i fråsegna frå senator Joseph Biden - ein av dei mest konservative demokratiske senatorane, og påtroppande leiar i utanrikskomiteen i senatet - han vil ha høyringar (tydeleg kritiske høyringar) om framlegget til troppeauke i Irak. Mitt tips er at i den oppheita kampen i det demokratiske partiet rundt president-nominasjonen vil me sjå at dei tar klare steg - sakte først og så svært raskt - over mot ei åpen antikrigslinje. Me ser det i standpunkta til presidentkandidatane Barack Obama og John Edwards. Hillary Clinton vil ikkje vere for langt bak for lenge. Og når det skjer, vil dei håpefulle blant republikanarane enten slutte seg til, eller dømme seg sjølve til å tape valet.

Så er det generalane. Det ser ut til at den nye forsvarsministeren, Robert Gates, fekk jobben med å føre avvikarane blant dei militære tilbake i folden. General John Abizaid blir «pensjonert» om få månader, og general George Casey har dempa den åpne motstanden sin. Gates har kanskje òg pressa seg sjølv til å følge med på ferda. Men kor lenge vil det vare? Toppen seks månader.

Livet er vanskeleg for ein øvstkommanderande som taper i krig. Det gjeld over alt og alltid. Det vil ikkje vere annleis i Sambandsstatane.

 

Immanuel Wallerstein

Omsett av Gunnar Danielsen

 

 [Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage