Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

202, Feb. 1, 2007

Over på offensiven

Verdas sosiale forum ser stundom ut som ei klumsete skilpadde.

 

Verdas sosiale forum (WSF) møttest i Nairobi i Kenya frå 20. - 25. januar. Organisasjonen, som vart grunnlagt som eit slags anti-Davos-møte, har mogna og utvikla seg meir enn det deltakarane sjølve forstår. Frå starten har WSF vore eit møte med eit breitt spekter av organisasjonar og rørsler frå heile verda, som definerer seg sjølve som motstandarar av nyliberal globalisering og imperialisme i alle former. Slagordet har vore «ei anna verd er mogleg», og strukturen har vore åpen, utan befal, talspersonar, eller resolusjonar. WSF har vore mot den nyliberale globaliseringa og uttrykket alternativglobalistar (alterglobalists) er skapt for å definere haldninga til tilhengarane - ein annan slags global struktur.

På dei første møta i WSF som byrja i 2001, vart vekta lagt på forsvar. Deltakarane, som blei mange fleire for kvart møte, tok avstand frå den feilaktige Washington-avtalen, forsøka frå Verdas handelsorganisasjon (WTO) på å lovfeste nyliberalismen, presset frå Det internasjonale pengefondet (IMF) på den fattige verda for å privatisere alt og åpne grensene for fri flyt av kapital, og den aggressive haldninga USA viste i Irak og andre stader.

Nå på det sjette verdsmøtet var det defensive språket svært redusert - ganske enkelt fordi alle såg det som sjølvsagt. Og i dag ser USA mindre skremmande ut; WTO ser ut til å vere i ei bakevje og grunnleggande impotent; IMF nesten gløymt. The New York Times melde frå årets Davos-møte at ein erkjenner at det er eit «skifte i maktbalansen» i verda, at «ingen i røynda er i førarsetet» lenger, og at «sjølve grunnlaget for dei multilaterale avtalane» er rokka, «noko som set verda utan leiarskap i ei tid der ho er ekstra sårbar for katastrofale sjokk».

I ein slik kaotisk situasjon byr WSF på eit reelt alternativ, og skaper gradvis ein vev av nettverk som vil odle fram politisk slagkraft dei neste fem til ti åra. Deltakarane på WSF har diskutert lenge om dei skulle halde fram å vere eit åpent forum eller legge opp til strukturert, planlagt politisk handling. Roleg, nesten i smug, vart det klart i Nairobi at spørsmålet skulle opp til diskusjon. Deltakarane ville ha begge variantar - ha WSF som eit åpent rom som inkluderte alle dei som ønska endre det eksisterande verdssystemet, og på same tid tillate og oppmuntre dei som ønska organisere politiske handlingar for å få til endringar, og legge opp til slike diskusjonar på WSF-møta.

Nøkkelideen er å lage nettverk, som bare WSF er i stand til å lage på verdsbasis. Det finst alt eit feministisk nettverk. I Nairobi blei det oppretta eit nettverk for arbeidarkamp (der «arbeidar» blei definert ganske breitt). Det eksisterer eit nettverk for intellektuelle. Nettverket for landsbygd-/bonderørsler har fått nye krefter. Det er eit spirande nettverk for dei som slåst for andre seksuelle legningar (som gav kenyanske homse- og lesberørsler høve til å stå fram offentleg, noko som hadde vore vanskeleg før). Det er eit antikrigsnettverk (i hovudsak opptatt av Irak og Midtausten meir allment). Og det er fungerande nettverk på særlege kampfelt - vassrettar, kampen mot hiv/aids, menneskerettar.

WSF ynglar au manifest: den såkalla Bamako-appellen, som åpnar ein stor kampanje mot kapitalismen; eit feminist-manifest, nå i andre utgave og framleis i utvikling; eit arbeidar-manifest som nett er fødd. Utan tvil vil det komme fleire slike manifest når WSF held fram. Den fjerde dagen var i hovudsak sett av til at nettverka kunne møtast, der dei kvar for seg fatta vedtak om kva for felles aksjonar nettverket kunne ta på seg - i eige namn, men under WSF-paraplyen.

Til sist eigna ein seg til spørsmålet om kva det betyr å seie «ei anna verd». Det var seriøse diskusjonar og debattar om kva me meiner med demokrati, kven er arbeidar, kva er det sivile samfunnet, kva rolle skal dei politiske partia ha i å skape framtidas verd? Desse diskusjonane set opp måla, og nettverka er ein stor del av midla ein vil bruke for å nå desse måla. Diskusjonane, manifesta, og nettverka utgjør den offensive haldninga.

Det betyr ikkje at WSF er utan interne problem. Spenninga mellom enkelte av dei større NGO-ane (med hovudkvarter og styrke i Nord, som stør WSF, men au dukkar opp i Davos) og dei meir militante sosiale rørslene (særleg sterke i Sør, men ikkje bare) er framleis reell. Dei møtast i det åpne rommet, men dei militante organisasjonane kontrollerer nettverka. WSF ser stundom ut som ei klumsete skilpadde. Men i Æsops fabel tapte den gnistrande raske Davos-haren løpet.

Immanuel Wallerstein

[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage