http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
203, Feb. 15, 2007
Hovudstups inn i Iran?
Kan det tenkast at Bush vil
angripe Iran sidan han taper i Irak?
Franskmennene har uttrykket
«fuite en avant», som blir omsett med «hovudstups» i ordbøkene. Men omsettinga
mistar den eigentlege meininga. Eit «fuite en avant» er noko ein tyr til når
ein er i ferd med å tape, og ein håper å unngå det ved meir av det same eller
verre; når ein skaper ein situasjon der folk føler dei må støtte deg. Er det slik
Bush vil gå fram i Iran?
Me veit to ting om Bush-regimet. Det står i ein håplaus situasjon i
Irak, og møter brei motstand jamvel i USA. Kravet om tilbaketrekking veks for
kvar dag og kjem frå alle kantar. Og me veit at dei nykonservative og Cheney
sidan 2001 har pressa på for å få eit militært åtak på Iran, for å bytte regime
der. Tida kan altså vere inne nå.
USA har sendt flåten sin til området, og gitt hovudansvaret til ein
admiral kjent for å vere dyktig i luftåtak frå sjøen. USA kjem mest dagleg med fråsegner
om påståtte iranske misgjerningar. Kort sagt raslar USA med sablane. Vidare er
det svært mange som ser ut til å ta det på alvor. Tri av dei mest høgtståande
blant pensjonerte militære har offentleg åtvara mot galskapen i eit åtak på
Iran. Det same har Zbigniew Brzezinski, som snautt kan kallast due. Det same
har tallause politikarar og diplomatar frå heile verda. Men Cheney har gjort
det klart at regjeringa i USA gjør som ho vil, same kor mange som er mot, eller
kven dei er.
Vil nokon støtte USA i eit slikt eventyr? I røynda svært få. Ikkje
Kongressen i USA, jamvel om Bush og Cheney nok reknar med det faktum at det er
verre for demokratane å gå mot dei om Iran enn Irak. Dei vil få støtte frå den
israelske regjeringa. Og dei ser ut til å rekne med støtte frå saudiane. Men
det bygger på ei misoppfatning av standpunktet til saudiane. Dei er sjølvsagt
opptatt av å avgrense iranske ønske om hegemoni i området, og hindre militante
sjiamuslimar i sunnidominerte statar, først og fremst i Saudi-Arabia. Men saudiane
har au gjort det klart at eit militært åtak på Iran vil skade og ikkje fremme
deira politiske mål. Den aktive saudiske meklinga i striden mellom Hamas og
Fatah i Palestina viser at dei freistar distansere seg klart frå USAs strategi
i Midtausten. Og i Europa gir jamvel britane uttrykk for at dei misliker ideen
om eit åtak på Iran.
La oss så gå ut frå at Bush og Cheney trass i alt det her bestemmer seg
for å gå hovudstups inn i ein krig, deira «fuite en avant» for å freiste løyse
ein katastrofal situasjon. Kva ville skje, og korfor ville dei gjøre det? Det
er klart kva som vil skje. Eit luftåtak på Iran vil ikkje stanse det iranske
atomprogrammet, jamvel om det kan skade det. Å sende inn troppar, om USA kan
finne nokon å sende inn, vil føre til svært høge dødstall for USA. Den iranske
regjeringa ville bli styrka politisk - heime og over heile den islamske verda.
Russarane og kinesarane ville de facto stø Iran.
Og verst av alt for USA, så ville dei som dei ser som sine næraste
allierte i Irak, kreve ganske høglytt at USA straks må ut av Irak. Tidlegare
statsminister Ibrahim al-Jaafari har alt byrja. Ingen i Irak, ingen, vil at USA
skal gå til åtak på Iran, og ingen har sympati med USA i spørsmålet.
Nå er Cheney ein intelligent politikar som innser alt det her, trur eg.
Om det er slik, korfor ivrar han like fullt for krig? Kan det vere slik at han
ser det å skape ei endå større katastrofe for USA som beste måten han kan oppnå
sine verkelege politiske mål på?
Cheney (og Bush) veit at dei vil ha regjeringsmakta i USA bare to år
til. Etter det veit dei ikkje kven som vil sitte med makta, men dei har all
grunn til å tvile på at det blir nokon som liknar dei. Det siste dei ønsker er
ei fredeleg overføring av makt til nokon som kan bygge ned det dei har laga, og
som prøver, bare prøver, å få USA tilbake til der landet var - heime og
internasjonalt - i åra frå Nixon til Clinton.
Dei ser fram til aukande, ikkje mindre, intern strid i USA. Dei ser
fram til vidare avgrensing av dei demokratiske rettane, som aldri var perfekte,
men som la nokre restriksjonar på regjeringas makt. Dei ser fram til vidare
nedbygging av sosiale rettar. Dei ser fram til eit dystrare USA i ei dystrare
verd.
Kan nokon stoppe dei? Kanskje. Det er nå brei og ganske uttalt motstand
i dei væpna styrkane. For første gong i mi levetid har eg sett spekulasjonar i
pressa om eit militærkupp. Eg tviler på at det vil skje, men spekulasjonen i
seg sjølv viser kor omfattande uroa og tvilen er. Og så er det motstanden frå
dei politikarane som i all hovudsak er moderate sentristar, som først og fremst
er opptatt av å behalde posisjonane sine og som svingar med oppfatninga til
veljarane sine. Vil det vere nok? Det er vanskeleg å seie, men det vil bli
klarare i dei neste to til tri månadene.
© Immanuel Wallerstein.
Omsett av Gunnar Danielsen.
[Copyright
by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and
permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and
contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission
is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided
the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write:
immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries