http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
204,
Mar. 1, 2007
Eit
spel for galleriet?
Førebels er ingenting sagt om
å demontere eksisterande kjernevåpen i Nord-Korea.
Den 13. februar sendte USA,
Nord-Korea og dei fire andre statane i seksparts-samtalane (Kina, Sør-Korea,
Japan og Russland) ut ei felleserklæring som utanriksdepartementet i USA kallar
«ein handlingsplan for kjernefysisk avrusting». John Bolton, leiande
nykonservativ og tidlegare FN-ambassadør for Bush, fordømte straks avtalen som
eit «spel for galleriet» som sender «nøyaktig feil signal til andre mulege
atommakter verda over». President Bush beskreiv avtalen annleis. Han sa at
samtalane representerte «det beste høvet til å bruke diplomati» og at avtalen
var «det første steget» mot «ei atomvåpenfri (koreansk) halvøy». Kven har rett?
For det første, kva ligg i avtalen? Han har fleire delar. Nord-Korea
gjekk med på å «stenge og plombere det kjernefysiske anlegget Yongbyon med
sikte på avvikling», og å invitere IAEA-personell attende. Dei gjekk vidare med
på «å diskutere (bare diskutere) ei liste over alle sine kjernefysiske program
med andre partar».
Til gjengjeld gjekk USA med på å starte bilaterale samtalar om fullt
diplomatisk samband, fjerne Nord-Korea frå lista si over statar dei har utnemnt
som terrorismesponsorar, og avslutte bruken av lova om handel med fienden
(Trading With the Enemy Act) mot Nord-Korea. Japan gjekk au med på bilaterale
samtalar «for å gjøre opp for ei uheldig fortid og uteståande spørsmål i
samband med det» - ei noko vag saksliste. Og alle gjekk med på å gi Nord-Korea
energi-naudhjelp innan 60 dagar.
Korfor underteikna USA? New York Times skreiv at avtalen «markerer eit
hovudskifte i politikken til Bush-administrasjonen» og Bolton er sjølvsagt
einig. Det er dei fleste andre kommentatorane. Det er peika på at avtalen er
ganske nær det Clinton-administrasjonen kom fram til, og som Bush-regimet
fordømte. Dei fleste kommentatorane er au samde om at ein kanskje kunne komme
fram til avtalen for fem år sidan, på eit tidspunkt då Nord-Korea ennå ikkje
hadde prøvesprengt kjernevåpen - om Bush-regimet hadde villa.
Så kva er endra? Det ser ut som beslutningstakarane i Washington innser
at dei får stadig færre val. Faktum er at Nord-Korea nå har nokre våpen, og det
er tvilsamt om dei vil gi dei opp. Faktum er at USA er i ei hengemyr i Irak, og
konsentrerer resten av sin umiddelbare politiske energi om Iran. Faktum er at
republikanarane tapte det siste valet, i hovudsak på grunn av utanrikspolitiske
spørsmål. Faktum er at USAs allierte blir mindre knytt til landet for kvar dag
som går. Frå USA sitt synspunkt fjernar avtalen spørsmålet førebels frå toppen
av den geopolitiske sakslista. Det blir nok av sjansar for USA til å komme
tilbake seinare.
Og korfor underteikna Nord-Korea? Ein ting er at Kina pressa dei hardt
til å underteikne eit eller anna. Nord-Korea kan ha sett det uklokt å presse
Kina for hardt nå. Viktigare er at dei fekk noko dei har ønska lenge og som
Bush-regimet lenge har nekta dei - løfte om bilaterale samtalar med USA om
fullt diplomatisk samband. Og dei fekk ein del hardt tiltrengt energihjelp. Dei
gjorde det utan å gi opp for mykje. Sant nok må dei stenge Yongbyon-reaktoren.
Men utover det er resten opent for «diskusjonar», og ingenting blir eigentleg sagt
om å demontere eksisterande kjernevåpen.
Frå Kina sitt synspunkt reduserer avtalen USAs diplomatiske press på
landet til å «halde styr på» Nord-Korea. Sett frå Sør-Korea si side gir det dei
høve til å halde fram den lett falma solskinnspolitikken. Bare Japan klagar, og
har ymta om at dei ikkje vil bidra med energihjelp, noko som tyder at Sør-Korea
må ta på seg Japans del - som ikkje vil styrke det allereie haltande tilhøvet
mellom Sør-Korea og Japan.
Er det då spel for galleriet eller eit første steg? Eg er tilbøyeleg
til å tru at det ganske visst er det første og bare kanskje det andre. Avtalen
får nok ein gong tydeleg opp i dagen USAs minkande evne til å oppnå dei primære
måla sine på den geopolitiske arenaen.
Immanuel Wallerstein
Omsett av Gunnar Danielsen.
[Copyright by Immanuel Wallerstein,
distributed by Agence Global. For rights and permissions, including
translations and posting to non-commercial sites, and contact:
rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted
to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay
remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write:
immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries