Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

205, March 15.03/1007

Tri hindringar for handling

Folk kan velje andre ting enn meir forbruk som sine viktigaste verdiar.

I femti år har vitskapsfolk nå åtvara mot farane ved menneskeskapte endringar i klimaet på jorda. Men dei siste to til tri åra har det vore to viktige skifte i stoda. For det første har det komme ein serie svært autoritative rapportar frå ulike vitskapsfelt som ikkje bare hevdar at farane er reelle, men at dei skjer raskare enn vitskapen trudde bare for fem år sidan. Som kanslar Angela Merkel i Tyskland sa nyleg: «Klokka er ikkje fem på tolv, ho er fem over.»

Den andre endringa er kor synlege desse endringane har blitt for vanlege menneske. Det er tsunamien i Indiahavet. Det er den auka frekvensen og villskapen i orkanane i Karibia, som kulminerte i den kjende Katrina-katastrofen. Bilete av oppbrytinga av isen i Arktis har vore over alt i media. Og i år kunngjorde meteorologane i London - dei har drive temperaturmålingar i tri hundreår - at denna vinteren var den varmaste i London sidan dei starta målingane. Motstykket til det varme vêret i Europa har vore tornadoar og andre vindskapte øydeleggingar andre stader.

Så korfor blir så lite gjort? Det er tydeleg ikkje på grunn av manglande medvit om problema, same kor mykje enkelte freistar nekte for at dei finst. Likevel er dei politiske leiarane verda over lite villige til å gjøre noko med dei, og ikkje minst er det offentlege presset for at dei skal gjøre noko merkverdig lågt. Når det er så klart misforhold mellom kunnskap og handling, må det vere hindringar på den sosiopolitiske arenaen som forklarer det. I røynda er det tri ganske kraftige hinder for handling: interessene til produsentar/næringsliv, interessene til dei mindre rike nasjonane, og haldningane dine og mine. Kvar for seg er dei mektige hindringar.

Produsentar og næringsliv er først og fremst opptatte av kor profitabel verksemda er. Om ein ber dei ta inn kostnader dei i dag ikkje må betale (forbetring eller reinsing av dei forureinande prosessane), vil det ramme profittane deira alvorleg på to vis. Først vil det tvinge dei til å heve prisane, og det kan eliminere visse kundar. Og om dei tar inn kostnadene utan at konkurrentane gjør det, kan dei miste sal til konkurrentane sine.

Det er grunnen til at det, som ein hovudregel, er usannsynleg at frivillige handlingar vil fungere, ettersom frivillige handlingar sjeldan er samstemte. I det her tilfellet vil den dydige produsenten tape til konkurrentane. Løysinga her er regjeringsbestemte obligatoriske inntak av kostnader. Jamvel om det løyser det nasjonale konkurranseproblemet, er det framleis opent for tap til internasjonale konkurrentar, og for det faktum at over ein viss pris vil tallet på kundar gå ned.

Det andre problemet er nettopp den internasjonale konkurransen. Fattigare land vil freiste auke konkurranseevna si på verdsmarkedet. Ein av måtane dei gjør det på er å produsere gitte produkt til lågare produksjonskostnad, og slik kan varer bli markedsført til ein lågare pris. Om ein bestemmer (til dømes gjennom ein internasjonal avtale) visse endringar i produksjonsprosessen (til dømes redusere bruken av kol som energikilde), vil det kreve kostbar omlegging av industrien i desse landa, så vel som det potensielle tapet av prisfordelar. Det er argumentet i dag til så store land som Kina og India, men au aust-/sentraleuropeiske land som Polen og Tsjekkia.

Det er sjølvsagt ei delløysing på detta problemet. Det er massiv finansiering av omleggingskostnadene til desse landa betalt av dei rike landa (USA, Vest-Europa). Men slik overføring av rikdom - for det er det det er - har alltid vore upopulært, og har lita støtte innanfor desse rike landa. I alle tilfelle påverkar det ikkje det maulege tapet av prisfordelar som er så viktig for desse mindre rike landa.

Du og eg utgjør kjerna i den tredje hindringa. Det er kalla konsumpsjon. Folk har alltid lika å konsumere. Men dei siste 50 åra har tallet på menneske som kan konsumere ut over eit visst livsnødvendig minstemål auka kraftig. Om ein ber enkeltmenneske bruke mindre elektrisitet eller mindre energi, eller bruke færre produkt som krev slik energibruk, ber ein enkeltmenneske som konsumentar om å endre livsstil, ofte ganske kraftig. Og dei som ennå ikkje er rike nok til å delta i eit slikt forbruk, ber ein gi avkall på sterke ambisjonar om å få tilgang til det forbruket dei historisk sett har blitt nekta.

Det kan au bli løyst. Folk kan omskolere kvarandre. Folk kan velje andre ting enn meir forbruk som sine viktigaste verdiar. Me kan alle akseptere behovet for likare levestandard verda over, jamvel om det for mange vil bety færre eigne fordelar.

For 50 år sidan kom dei første vitskaplege bevisa på at bruk av tobakksprodukt førte til auka kreftrisiko. Tiltak mot det møtte alle dei same hindringane som tiltak mot klimaendringane gjør i dag. Etter 50 år er røyking gått betydeleg ned på verdsbasis, delvis ved at tobakksindustrien gjennom lovverket er tvinga til å betale dei sosiale kostnadene for sine tidlegare handlingar, delvis på grunn av omskolerte enkeltmenneske, og delvis på grunn av at regjeringane har lagt restriksjonar på kor det er lov å røyke. Så det er klart at noko kan bli gjort.

Men har me 50 år?

Immanuel Wallerstein

[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage