Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

206, 01.04.2007

Afghanistan neste?

 

Vil Afghanistan bli neste nederlag for USA?

Alle veit at USA har tapt krigen i Irak. Politikken i Washington DC i dag er ganske enkelt ei rad manøvrar der republikanarar og demokratar freistar posisjonere seg slik at det andre partiet må betale prisen i form av valfiasko. Vil Afghanistan bli neste nederlag? For seks år sidan spådde Osama bin Laden at USA ville lide nederlag på same vis som Sovjetunionen. Hadde han rett?

Etter 11. september sette USA (og Storbritannia) seg som mål å kaste det afghanske Talibanregimet - ei avgjerd me nå veit USA alt hadde tatt i juli 2001, to månader før 11. september. Det viktigaste offentlege argumentet var at regimet gav opphald til leiarane og treningsleirane til al-Qaida. President Bush gav Taliban eit ultimatum 21. september, som dei avviste, og 7. oktober gjekk styrkane frå USA og Storbritannia inn.

Den gongen stod mest heile verda bak invasjonen. Taliban var sjølve biletet på eit grufullt terrorregime. Ikkje bare gav dei opphald til al-Qaida (og var stolte av det), men dei pressa fram ekstreme muslimske sharialover og var særleg harde mot kvinner - nekta dei arbeid, utdanning, og høve til å gå utandørs utan å dekke seg med ein omfangsrik burka og følge av ein vaksen mannleg familiemedlem. Så då USA gjekk til invasjon applauderte mesteparten av verda - ikkje bare USA sine vestlege allierte, men au (la oss hugse det) Russland og Iran. Mest einaste motstanden kom frå Pakistan.

Sjølvsagt var ikkje desse reaksjonane overraskande. Russland hadde lenge støtta ei anti-Taliban-gruppe som gjekk under namnet Nord-Alliansen, sett saman av andre etniske grupper enn pashtunane som var i majoritet og som var kjerna i Taliban-styrkane. Likeins hadde Iran støtta ei anti-Taliban-gruppe som dei hadde etniske knyttingar til. Når det galdt Pakistan, var Taliban deira protesjear, og den pakistanske etterretninga (ISI) var hovudstøtta til Taliban. Å drive Taliban frå makta betydde å drive Pakistan bort frå si innflytelsessfære (eit tomrom indarane raskt gjekk inn i).

For å forstå kva som har hendt sidan 2001 må me gå minst tretti år attende i historia. I det nittande hundreåret slåst Russland og Storbritannia om Afghanistan. I åra etter 1945 vart landet eit stridsområde mellom Sovjetunionen og USA. I 1978 kasta (det kommunistiske) People's Democratic Party of Afghanistan (PDPA) monarken - mot Moskvas ønske. Sidan PDPA var sett saman av to sterkt konkurrerande fløyer (skilte delvis etter etniske linjer) følgte det ein periode med indre strid mellom kommunistane, der Sovjetunionen vart trekt inn. Til slutt gjekk sovjetiske troppar inn i Afghanistan i desember 1979 i ein freistnad på å stabilisere situasjonen.

Zbigniew Brzezinski avslørte mange år seinare at USA gjorde alt for å trekke Sovjetunionen inn i Afghanistan, for dei trudde det ville bli deira «Vietnam». USA (og Pakistan) støtta i mellomtida svært aktivt trening og væpning av islamske mujahedin som freista velte det kommunistiske regimet. Osama bin Laden var ein av dei som fekk militær trening som gave frå USA. Kommunistregimet var ingen idyll, men var i det minste både sekulært og gav vidtfemnande rettar til kvinnene, ingen av delane har vore tilfelle med seinare regime.

Den sovjetiske invasjonen blei verkeleg ei Vietnam-liknande erfaring for Sovjetunionen - han kosta dei dyrt i tap av menneskeliv, pengar og folkeleg støtte heime, og under Gorbatsjov byrja dei trekke seg ut. Men dei sosiale motseiingane opphørte ikkje. Dei auka faktisk på. For nå var det konkurrerande grupper av eks-mujahedin som prøvde ta makta i Kabul.

Etter år med utmattande og øydeleggande borgarkrig, feide ei «student»-gruppe som kalla seg Taliban og var støtta av hæren i Pakistan, over landet, okkuperte Kabul, og til stor lette oppretta dei ein slags orden. Men det viste seg snart at Talibans «orden» ikkje fall i smak hos alle. Pashtunane var den største etniske gruppa, men ikkje på noko vis den einaste viktige gruppa. Og dei andre kjende seg utelukka. I tillegg blei Taliban meir og meir høglytt islamistar, og stod mellom anna for øydelegginga av eit av dei arkeologiske undera i Afghanistan - to enorme buddhistiske statuar. Og leiaren av Taliban, Mullah Omar, oppretta nært samband til Osama bin Laden. Det var grunnen til USAs invasjon i 2001.

På den tida kom dei konkurrerande gruppene Taliban hadde drive frå makta attende. I utgangspunktet vart det oppretta ny orden, med militær hjelp frå USA og diplomatisk intervensjon frå FN. Det blei skapt ei nasjonal regjering under Hamid Karzai, som etablerte seg i Kabul, men i røynda ikkje i resten av landet. Stoda forverra seg på nytt og i 2003 byrja Taliban å vise militær kraft igjen, med stillteiande støtte frå Pakistan.

Sidan USA nå var involvert i Irak, appellerte dei til Nato om hjelp. I januar 2006 vart tryggingsarbeidet tatt over av NATO International Security Assistance Force (NISAF), med avdelingar frå eit stort antall land - Storbritannia, Canada, Nederland, Danmark, Australia, Estland, Norge, Frankrike, Italia, New Zealand. Men flesteparten av dei var opptatt av bruken av styrkane sine - dei laga sine ulike reglar for deltaking og insisterte på å få tildelt særlege område (dei føretrekte Kabul, der det var tryggast å vere). Og i mest alle landa er det nå aktiv politisk debatt om styrkane skal bli eller ikkje.

Så Taliban er attende, og styrka. NISAF kan kanskje ikkje eksistere særleg mykje lenger. Og det er usannsynleg at dei moderniserande sekulære kommunistane kan dukke opp igjen. Innbiller me oss verkeleg at ein engel ser ned på den vestlege verda og seier: «Godt utført arbeid»?

Immanuel Wallerstein

[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage