Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

207, 15.04.2007

Stabilitet eller konflikt

 

Kva slags Europa er det sannsynleg me vil sjå i 2057?

 

Den europeiske unionen (EU) har nettopp feira femtiårsdagen sin, etter underteikninga av Roma-traktaten 25. mars 1957. Bare ein av dei som var med på underteikninga - Maurice Faure frå Frankrike - er framleis i live, og han verka litt skremt over stoda i Europa.

Overskrifta i Le Monde i høve dagen var at stemninga i Europa var «dyster», og International Herald Tribune snakka om «uro». Den umiddelbare årsaka til den mindre festlege jubileumsmarkeringa var nei-fleirtallet i folkerøystingane over den nye EU-grunnlova i Frankrike og Nederland.

Kanslar Angela Merkel i Tyskland, som no er president i EU, freista legge an eit positivt syn, då ho samla medlemslanda til jubileumsfeiring i Berlin. Ho lokka alle saman til å gå med på eit noko tvitydig framlegg om fornya forhandlingar om vidare politiske steg framover. Spørsmålet no er korleis EU kan sjå ut, vil sjå ut, om nye femti år - i 2057.

Midt i det dystre og triste i media og frå politikarane, la Harris Interactive fram resultata frå ei meiningsmåling om Europa i 2057 som vart tatt opp i dei fem Vest-Europeiske landa Frankrike, Storbritannia, Tyskland, Italia og Spania og i USA. Målinga baud på enkelte overraskingar. Mest alle var sikre på at EU framleis ville eksistere i 2057, og at euroen ville vere gjeldande valuta. Bare ein tredjedel trudde at Europa ville ha fått eit betre tilhøve til USA.

Men mest oppsiktsvekkande var svara som blei gitt på spørsmålet om utviding. Mellom ein tredjedel og halvparten (avhengig av land) trudde Russland ville vere ein del av EU (noko mest ingen tar til orde for i dag), og ennå fleire venta at Tyrkia ville vere medlem (noko som er svært kontroversielt i dag). Gitt all den høglydte politikarkaklinga i dag om kor dårlege slike idear vil vere, ser det ut til at europearane ikkje er samde - eller i det minste ventar seg andre resultat - når dei skal spå om framtida.

Kva dei motsette standpunkta avslører er skilnaden mellom politikk og geopolitikk. Politikk er grunnleggande den umiddelbare samhandlinga mellom mange aktørar på den politiske scenen, som syner att deira kortsiktige interesser. I eit slikt perspektiv kan ein seie stoda i Europa er ganske ustabil.

Men geopolitikk dreier seg om dei mellomlange tendensane som styrer dei kortsiktige aktørane, og som speglar meir langsiktige interesser. Svært få, og særleg få politikarar, har geopolitisk forståing/preferansar/meiningar. Dei geopolitiske tendensane tar folk flest med seg utan at dei er medvitne om det.

Gruppa som møttest i Roma i mars 1957 var uvanleg fordi ho hadde ein spesiell geopolitiske visjon, og så langt har dei i hovudsak fått rett slik dei historiske tendensane har utvikla seg. Kanslar Merkel har freista få dei andre statsleiarane til å sjå på Europa i ein geopolitisk samanheng, eit syn som er nærmare forventningane til vesteuropearane slik dei kjem fram i meiningsmålinga.

Kva slags Europa er det sannsynleg me vil sjå i 2057? Det er tri hovudelement i svara på spørsmålet.

Aller først, ut frå den framskynda geopolitiske tilbakegangen for USA, lever me midt oppe i danninga av eit verkeleg mange-pola verdssystem. Spørsmålet for Europa er om ho kan konkurrere - økonomisk, politisk, kulturelt - ikkje med USA, men med Aust-Asia. Det avheng delvis av om Aust-Asia (Kina, Japan og Korea) kan stå saman på ein meiningsfull måte. Men det avheng au av om Europa er i stand til å skape ein meir sameint politisk struktur, og som i tillegg inkluderer både Russland og Tyrkia.

Den andre vurderinga gjeld om Europa er i stand til å omdanne seg frå eit kristent til eit multireligiøst kontinent. Pave Benedict XV har sett «rekristning» av Europa som førsteprioritet for den katolske kjerka. Han skuldar Europas «farlege individualisme» på Europas historiske «sekularisering». Europa, seier han, «glir inn i kjetteri» og «mistar trua på si eiga framtid», og han definerer det som ein skikkeleg «kulturell kollaps».

Dei geopolitiske trendane ser ikkje ut til å spegle ønska til paven. Prosentdelen muslimar veks dagleg, og tallet på kristne som går i kjerka minkar for kvar dag. Så har paven rett - er det ein «kulturell kollaps» i Europa? Eller kan Europa utvikle ein ny, kraftfull kultur som faktisk blomstrar ut frå den demografiske omforminga? Svaret står opent.

Og til slutt, vil Europa i 2057 vere ei øy med relativ indre stabilitet, eller eit område med akutte indre konfliktar? Det er det sosiale spørsmålet - i kva grad Europa er i stand til å stå mot den auka indre polariseringa det nyliberale presset skaper.

Fram til no har Europa vore relativt motstandskraftig mot ropa om å bygge ned velferdspolitikken. Men presset minkar ikkje, det aukar. Det er usannsynleg at eit nyliberalt Europa blir eit roleg Europa. I eit verdssystem i strukturell krise, kan Europa spele ei rolle som ein positiv kraft for endring? Det spørsmålet står au opent.

Immanuel Wallerstein

[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage