Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

208, May 1, 2007

Afrikas framtid

 

Håpa har ikkje forandra seg.

 

Året 2007 markerer femtiårsjubileet for afrikansk sjølvstende. Då reknar eg frå 6. april 1957, då den britiske kolonien Gullkysten blei den sjølvstendige staten Ghana, den første kolonien i det som vart kalla subsaharisk Afrika som fekk slik status. Leiaren i rørsla som lykkast i sjølvstendekampen var Kwame Nkrumah. Verda hylla dagen som eit vendepunkt i Afrikas historie, og sende leiarane sine for å ta del i feiringa i Accra. Storbritannia sende prinsessa av Kent og statsministeren, sir Harold Macmillan. USA sende visepresident Richard Nixon.

Eg var sjølv i Afrika på den tida, og eg merka tydeleg entusiasmen og den positive haldninga som kom fram i all festivitasen, og den allmenne optimismen for framtida til Afrika, både i Ghana og over heile kontinentet. Nkrumah hadde sagt: «Søk først det politiske kongedømmet, og du skal få alt det andre i tillegg». Nå kom prøva.

Ghanas sjølvstende vart følgt av at Guinea på modig vis avslo å bli under Frankrike i 1958, og så med eit ras av sjølvstendige land i 1960, seksten land i alt. Året 1960 fekk tilnamnet «Afrikas år». 1960 var au året med Kongo-krisa. Det var den første borgarkrigen i det sjølvstendige Afrika, og første gongen etter sjølvstendet at europeiske troppar gjekk inn i Afrika igjen, og første drapet på ein afrikansk regjeringssjef - statsminister Patrice Lumumba.

Likevel feide den afrikanske frigjøringsbølgja sørover i atskillige år, til han støytte på hardt fjell i det mineralrike og settlarstyrte sørlege Afrika - dei portugisiske koloniane Angola og Moçambique, den settlarkontrollerte og sjølvproklamerte uavhengige staten Rhodesia (nå Zimbabwe), den Sør-Afrika-kontrollerte staten Sørvest-Afrika (nå Namibia), og apartheid-staten Sør-Afrika. Det tok nye tjue år å oppnå sjølvstendige afrikanske regjeringar i alle desse statane, men det vart gjort.

I mellomtida hadde lykkerusen frå 1957 - 1960 måtta vike for nye realitetar: militærkupp, borgarkrigar, jamvel krig mellom statar, pluss dei alvorlege økonomiske vanskane på 1970- og 1980-talet som vart utløyst av - men ikkje hadde årsak i - veksten i oljeprisane. Afro-optimismen veik for afro-pessimismen. Alt anna kom ikkje av seg sjølv når politisk sjølvstende var på plass. Hadde Nkrumah tatt feil?

Nkrumah hadde sjølv åtvara mot at slutten på kolonitida kunne bli følgt av nykolonialisme, fordi Afrika framleis var økonomisk avhengig av Vest-Europa og Nord-Amerika. Nkrumahs medisin var afrikansk einskap, som han ivrig sette seg i spissen for. Han klarte å få omdefinert Afrika til å inkludere Nord-Afrika. Men det berget som var rørsla for afrikansk einskap, skapt på 1960-tallet, var knapt ei mus: den veike reiskapen kalla Organisasjonen for afrikansk einskap (OAU). OAU vart seinare omdøpt til Afrikansk Union (AU), men blei ikkje sterkare.

I 2007 samsvarer ikkje det allmenne politiske og økonomiske biletet av Afrika med håpa og forventningane frå 1957. Her og der kan ein peike på nokre små økonomiske forbetringar. Men allment syner statistikken at Afrika har den svakaste utviklinga av alle kontinenta. Og her og der kan ein peike på fornya vitalitet på den politiske arenaen. Men allment er dei fleste statane i hendene på korrupte politikarar som ikkje toler meiningsfull opposisjon mot regima sine, og som ikkje gjør særleg mykje for å forbetre liva til det store fleirtallet.

Korleis vil Afrika sjå ut femti år frå no? Sjølvsagt kan ingen vite det sikkert. Men ein kan ha enkelte rimelege forventningar. For det første kan ting vanskeleg bli verre. I den internasjonale hakkeordenen statane mellom ligg dei afrikanske statane stort sett på botnen i dag. Dei yngre generasjonane reagerer på to måtar på det. Nokre emigrerer, og nokre byrjar bygge opp nye rørsler - freistar å skape ei ny bølgje med nasjonale frigjøringskampar.

For det andre vil den geopolitiske scenen vere svært ulik i 2057. USA og Frankrikes evne til å blande seg direkte inn i Afrika vil mest heilt sikkert vere borte. Enkelte seier dei kan vere erstatta av nye statar som blandar seg inn utanfrå, som Kina, eller jamvel Brasil som enkelte gjør framlegg om. For meg verkar det svært usannsynleg, sjølv om det ikkje er absolutt uråd.

Eg trur heller at Afrika dei neste tjuefem åra vil tene på at kontinentet relativt sett er geopolitisk neglisjert. Det vil gjøre at nye frigjøringsrørsler kan bli skapt og blomstre. Om desse rørslene studerer Afrikas historie frå 1957 - 2007 på grundig vis, kan dei bli i stand til å smi rørsler som tar alvorlegare på kva som må til for å omforme dei økonomiske strukturane, og kva som må til for å slåst mot indre klasseskilnader.

I åra før Nkrumah leia sjølvstendeseremoniane i 1957, vart tilhengarane hans hånande kalla «verandaguttar» av dei meir konservative motstandarane hans. Det viste til det faktum at mange av dei militante etter måten var fattige bybuarar utan fast bustad, og måtte sove på verandaene til andre folks hus. Det peikar på i kva grad afrikansk nasjonalisme i glanstida si hadde eit viktig element av klassekamp, noko som har vore tildekka i mykje av litteraturen om Afrika.

Klassemedvit kan igjen bli sentralt i afrikansk politikk. Og om det blir slik: gitt strukturkrisa i det moderne verdssystemet og dei kaotiske geopolitiske og verdsøkonomiske tilhøva ho fører til, kan dei afrikanske rørslene komme til å påverke resultatet av den politiske kampen i verda i mykje større grad enn dei fleste av oss trur i dag. La oss håpe det.

 

©Klassekampen

 

 

 

Immanuel Wallerstein

[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage