Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

209, May 15, 2007

 

Fransk forandring

 

Betyr valget av Nicolas Sarkozy slutten på gaullismen?

 

Nicolas Sarkozy, som for kort tid sidan blei valt til president i Frankrike, sa etter valet at Frankrike hadde valt forandring. Å hevde at ein står for forandring er ikkje uvanleg blant dei som kjem til makta. Om Sarkozy meinte det, kva la han i det? I Sambandsstatane blir han tolka som den mest vennlegsinna av dei franske presidentane i soga til den femte republikken. Det er han utan tvil, men betyr det at den franske utanrikspolitikken vil forandre seg?

Me bør starte med å analysere kva som førte til at han blei valt. I vestlege valsystem er det vanlegvis to hovudparti, eit meir til venstre og eit meir til høgre. Det er sant au i Frankrike, der det dominerande høgre er representert av Sarkozys parti Union pour un Mouvement Populaire (UMP), og det dominerande venstre av Sosialistpartiet, som hadde Ségolène Royal som kandidat. I dei fleste val vil veljarbasen i kvart enkelt parti røyste for sin kandidat. Også i Frankrike er det tilfelle.

For å vinne eit val er det tre stader der ein kan hente røyster i andre runde - til venstre, til høgre og i sentrum. Sentrum er dei veljarane som er klare til å bytte mellom dei to partia, og som ofte gjør det. Ytre venstre og ytre høgre vel normalt mellom hovudpartia og heimesitting.

Då François Mitterand vann som kandidat for Sosialistpartiet i 1981 og 1988, henta han heilt klart ekstra røyster frå sentrum. Då Jacques Chirac vann som kandidat for høgresida i 1995, stilte han på ei «sosial» plattform og klarte slik å hente røystene frå sentrum.

Det er ikkje det som skjedde denna gongen. Ytre venstre røysta for Royal.

Sentrum ser ut til å ha delt seg slik dei vanlegvis gjør - to tredjedelar til høgre og ein tredjedel til venstre. Sarkozy henta sine ekstra røyster lengst til høgre. Trass i det uttalte ønsket frå Jean-Marie Le Pen, hovudkandidaten for dei lengst til høgre, om at veljarane hans skulle la vere å røyste i andre omgang, lytta dei ikkje på han og røysta på Sarkozy.

Spørsmålet er korfor. Dei fleste av desse veljarane bryr seg ikkje om tilhøvet mellom Frankrike og Sambandsstatane. Og dei bryr seg stort sett ikkje om den typen konservativ økonomisk politikk som Sarkozy har lova. Dei røysta først og fremst på han fordi han i deira auge representerer den typen anti-muslimske haldningar som er viktig for dei.

Det gjorde han på tre måtar. Han lova å vere tøff mot kriminalitet i dei franske ghettoane. Han lova strammare kontroll med immigrasjonen. Og han lova å gå sterkt mot at Tyrkia skulle bli medlem i EU. Han vil mest sikkert oppfylle lovnadene, og gje veljarane lengst til høgre det dei ønska.

Men kva seier det om resten av programmet hans? Ikkje nødvendigvis særleg mykje.

UMP er eit parti med historiske røtter primært i gaullismen. Kva er, eller var, gaullismen? Då Charles de Gaulle først kom til makta, rett etter andre verdskrigen, stod han for tri ting: påstanden om at Frankrike hadde rett til å ha ei stor, uavhengig rolle i verdspolitikken; dirigisme, ein slags keynesiansk økonomisk politikk der den franske staten hadde ei stor rolle; og anti-kommunisme innanlands.

Då han igjen kom til makta i 1958 stod han framleis for dei same sakene. Når han snakka om franske atomvåpen, sa han dei var utforma for å forsvare Frankrike i alle retningar. Han drog Frankrike ut av kommandostrukturen i Nato. Likevel insisterte han alltid på at Frankrike var på same side som Sambandsstatane globalt, det vil seie anti-kommunistisk. Han stod framleis for den franske velferdsstaten.

Frankrike har hatt fire presidentar etter de Gaulle. Ingen av dei har i røynda avvike grunnleggande frå desse tre gaullistiske standpunkta - uavhengige franske styrkar, velferdsstaten, anti-kommunisme - sjølv om bare to av dei hevda å vere gaullistar.

Vil Sarkozys krav om forandring verkeleg bety å forkaste desse tre standpunkta? Eg tviler på det. Om Sambandsstatane har han sagt at Frankrike handterte kravet frå USA om intervensjon i Irak «arrogant», men at han var samd i dei grunnleggande standpunkta.

Lord Palmerston, utanriksminister i Storbritannia midt på 1800-tallet, er berømt for utsegna: «Storbritannia har ingen permanente allierte, bare permanente interesser.» Kva er interessene til Frankrike? Faktisk er det heller Sambandsstatane som treng fransk støtte. Frankrikes primære interesser er utforminga av Europa, og tilhøvet sitt til dei tidlegare koloniane sine i Afrika.

I Europa får Frankrike best gjennomslag for interessene sine gjennom eit nært samarbeid med Tyskland. Angela Merkel kan faktisk tjene som modell for han, langt meir enn Mrs. Thatcher. Når det gjeld dei tidlegare afrikanske koloniane, har dei opent vist at dei misliker valet av Sarkozy, nettopp på grunn av standpunkta hans i spørsmåla ytre høgre i Frankrike er opptatt av. Sarkozys viktigaste spørsmål i utanrikspolitikken vil bli å bygge opp tilhøvet sitt til Tyskland, og reparere biletet dei har fått av han i dei tidlegare franske koloniane.

Å forlate den gaullistiske arven vil ikkje hjelpe han i nokon av desse spørsmåla. Ein kan vente at han får gjennomført enkelte økonomiske tiltak, som å fjerne 35-timarsveka og ulike skattereformer, men det er langt frå å øydelegge velferdsstaten. Eit tema i valkampen hans var au å ta avstand frå arven frå 1968, som ser ut til å vere ein 2007-måte å vere antikommunist på. Kva det betyr i praktisk politikk er vanskeleg å sjå.

I innanrikspolitikken vil Sarkozy freiste plukke frå kvarandre så mykje som råd av den organiserte gruppa i sentrum, som ønsker ta avstand frå det store høgrepartiet ved å skape eit «verkeleg» sentrumsparti. Det vil han truleg klare. Og forvirringa i Sosialistpartiet vil utan tvil hjelpe han til å stabilisere veljarbasen sin til framtidige val.

Men det er langt frå eit grunnleggande brot med den politiske konsensusen som har styrt Frankrike sidan 1945.

Nederst i skjemaet

Immanuel Wallerstein

[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage