Fernand Braudel Center, Binghamton University
http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
210, June 1, 2007
Motstridande planar
Når alt har gått galt i Irak,
må Bush prioritera hardt.
Det finst bare to seriøse
planar - eller kanskje ein skulle kalle dei konspirasjonar - for å få slutt på Irak-krigen.
Det vil nok overraske mange at George W Bush står for den eine og Moqtada
al-Sadr for den andre. Dei to planane delar føresetnaden at Irak-krigen er ei
hengemyr der tilhengarane av desse planane tapar stadig meir for kvar dag. Men
elles er dei to planane/konspirasjonane ganske motsette.
Når alt går galt vil realistar gå frå flest moglege standpunkt for i
det minste å freiste sikre seg noko dei ser som svært viktig. Derfor er det
analytiske spørsmålet: Kva er absolutt avgjørande for George W Bush og kva er
absolutt avgjørande for Moqtada al-Sadr?
Om me startar med Bush, må me først og fremst glømme retorikken og det
som var måla hans då krigen starta. Ta utgangspunkt i kor han står i dag.
Krigen har mista støtta frå fleirtallet av folket i USA (ned til ein tredjedel
etter dei siste meiningsmålingane), og alt peikar på at om det ikkje kjem eit
militært oppsving, så blir talla endå verre på slutten av sommaren. Når det
gjeld den militære stoda, ser det ut som general Petraeus, sjefen for USAs styrkar
i Irak, er ein utmerkt kaptein på det synkande skipet, og ingenting av det USA
støtter politisk i Irak ser ut til å skje. Det republikanske partiet risikerer
å betale ein svært høg pris for det i 2008-vala.
Så om du var Bush, kva ville du freiste redde? På den lange lista over
USAs mål i Irak har det viktigaste vore etableringa av ein langsiktig
militærbase for USA i landet. Og i innanrikspolitikken vil Bush utan tvil
freiste minimere dei negative verknadene på 2008-vala. Og om det var dei to
høgast prioriterte måla, korleis kunne du oppnå det? Ein lekkasje nyleg
indikerer kva slags konspirasjon som blir kokt saman.
Om USA tidleg i 2008 kunngjorde at dei reduserer styrkane til
halvparten, og at dei i hovudsak drog styrkane sine attende frå kampane ved fronten,
kva ville konsekvensane bli? For det første ville det dempe åtaka frå
demokratane om at dei ikkje gjør noko for å redusere tapa og innsatsen til USA.
For det andre ville demokratane bli sett i den pinlege situasjonen at dei måtte
seie om dei var for langsiktige basar i Irak. Det er stor sjanse for at mange,
kanskje dei fleste, demokratiske leiarane er for det. Det er au sjanse for at
jamvel ein demokratisk president som vart valt i 2008 ville halde fram ein slik
politikk.
Kva ville USA tape på planen? Dei ville truleg miste evna til å blande
seg inn dag for dag i irakisk politikk. Dei kan godt tape oljelova Bush (og
demokratane) vil at det irakiske parlamentet skal vedta. Det ville auke det
mjuke iranske nærværet i Irak. Men Sambandsstatane ville ha basane, og det
ville dempe kritikken mot republikanarane for fiaskoen i Irak.
Kan USA få det til? Det er her motplanen (eller kontrakonspirasjonen) til
Moqtada al-Sadr kjem inn. Igjen må ein glømme retorikken, og glømme kva al-Sadr
kan ha ønska i 2003. Sjå på kva dilemma han er i. Han er sterk politisk og
militært, men han har mektige motstandarar i Irak. Han har ein organisasjon han
ikkje fullt ut kontrollerer. Om USA drar seg attende brått, er det slett ikkje
sikkert at han ville komme best ut av kaoset som ville oppstå.
Så kva står att på botnlinja? Han vil ha USA heilt ut, og han vil ha ei
rimeleg sterk irakisk sentralregjering. Han er ganske visst ein sjialeiar, men
au ein irakisk nasjonalist. Basen hans er Bagdad, og han ville få store problem
med å overleve om det blir for mykje føderalisme. Kva slags resultat ville han
vere fornøgd med? Kva er plottet hans?
Planen verkar klar nok, ettersom han kjem så tydeleg fram offentleg.
Han ønskjer ein avtale med den sunnimuslimske motstandsrørsla. Han og dei delar
tri mål: få styrkane til USA til å dra; hindre dei valdelege samanstøyta mellom
sunniar og sjiar som er komme ut av kontroll; og danne ei relativt sterk
sentralregjering. Avtalen måtte innebere markert sunni- (jamvel baathist-)
deltaking i regjeringa. Men det ville au innebere felles innsats for å bli
kvitt al-Qa'ida-element frå Irak. Og det ville bety nederlag for oljelova. Det
siste er truleg lett ettersom mest ingen i Irak er for lova, sjølv om dei er
mot av ulike grunnar. Og dei ville gå mot langsiktige basar for USA.
Kva ville al-Sadr gi opp? Primært den djupe fiendskapen mot
baathistane. Kan han lykkast med planen? Det er ulike indre hindringar:
sjia-rivalane hans; kurdarane; og Sambandsstatane, kanskje au iranarane. Men
han ville løfte fana til den irakiske nasjonalismen høgt, og det kan til
sjuande og sist finne djup klangbotn i Irak.
Desse to planane vil kollidere opent i 2008 og 2009. Det er ikkje
avgjort enno kven som vil sigre.
Immanuel Wallerstein
[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed
by Agence Global. For rights and permissions, including translations and
posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com,
1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward
electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the
copyright note is displayed. To contact author, write:
immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries