http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
211, June 15, 2007
Rakettskjoldet
Galskap
eller rasjonell politikk?
USAs
president George W. Bush har jobba hardt for å få på plass det han kallar eit
rakettforsvarsskjold i Tsjekkia og Polen. Svært få synest det er ein fornuftig
ide. Mens dei to austeuropeiske regjeringane ser ut til å stø planen
entusiastisk, viser meiningsmålingar at deira eigne innbyggarar er mot.
Russland har fordømt planen opent. Tyskland har slåst mot meir i det stille.
Iran har vore totalt likegyldige. Og Joseph Cirincione, som har vigd livet sitt
til å slåss mot spreiing av kjernefysiske våpen, seier Bush kjører fram «ein
teknologi som ikkje fungerer mot ein trussel som ikkje eksisterer».
Så er
det bare ein gal ide, nok eit bevis på at Bush-regimet er irrasjonelt og ikkje
særleg intelligent? Ikkje eigentleg. Det er eit rasjonelt mål bak alt saman, og
det er neppe hemmeleg. Start med den offisielle forklaringa. Bush seier at
Sambandsstatane vil hindre eit kjernefysisk trugsmål mot Europa frå ein
røvarstat (les Iran), i ytste fall jamvel mot USA.
Russland
seier at desse såkalla forsvarsskjolda faktisk er retta mot dei, noko dei ikkje
bare protesterer mot, men som dei vil svare på med å sette ut rakettar retta
mot Europa. Den tsjekkiske og polske regjeringa klarer ikkje heilt hisse seg
opp over den iranske trusselen, men dei ser verkeleg ut til å tru på ein
russisk trussel. Så grunnen til at dei sluttar opp om ideen er at dei er samde
med russarane - at det er tiltak retta mot Russland. Faktisk er det
standpunktet til Tyskland au; bak lukka dører. Og igjen bak lukka dører vil
truleg alle regjeringane i Vest-Europa dele det synet.
George
W. Bush insisterer på at det ikkje er sant, at russarane er venner, og at han
ikkje har som mål å true dei. Han seier at tsjekkarane og polakkane ikkje må
velje mellom Sambandsstatane og Russland. Dei kan (og bør) vere venner med
begge. Han trur kanskje verkeleg på alt saman, i den forstand at verken Bush
eller dei nykonservative ønskjer seg Russland som ein ny fiende i det
tjueførste hundreåret. Så kva er det som skjer?
Donald
Rumsfeld forklarte det for lenge sidan. Politikken til den noverande regjeringa
i USA er å bruke det såkalla nye Europa til å kue og avgrense den politiske
rolla til det såkalla gamle Europa - det vil seie å bruke dei austeuropeiske
regjeringane mot dei vesteuropeiske regjeringane. Sambandsstatane, særleg
Bush-regimet, ønskjer ikkje å sjå eit sterkt Europa, eit Europa som ville føre
ein anna politikk enn Sambandsstatane. Og ein kunne seie at Rumsfeld-doktrina
har hatt rimeleg suksess så langt. Poenget med å sette ut rakettforsvarsskjold
i Aust-Europa er å forsvare USA - ikkje mot Iran eller mot Russland - men mot
Vest-Europa, noko som forklarer den tyske haldninga.
Perioden
då Sovjet dominerte Aust-Europa var ei svært negativ erfaring for
satellittlanda så vel som for dei ulike Sovjet-statane som no er sjølvstendige.
Dei gjennomlever alle eit posttraumatisk stress-syndrom. Høgreorienterte
krefter i alle desse landa utnyttar frykta til å fremme eigne innanlandske mål.
Desse kreftene er ikkje verkeleg redde for direkte militært russisk press,
jamvel heller ikkje politisk press. Dei er redde for at Vest-Europa vil inngå
ein politisk avtale med Russland, og at dei vil få lite å seie om vilkåra i
avtalen.
Det er
ikkje fullstendig irrasjonelt sett frå deira side heller. Slike avtalar har
blitt inngått atskillige gonger dei siste få hundreåra, og heilt seriøst kan
det skje igjen. Så dei austeuropeiske landa proklamerer sin udøyelege kjærleik
til USA (vist så utruleg overdrive i Albania under åttetimarsvisitten til
George W. Bush 11. juni).
Målet
med flaumen av vennskapsproklamasjonar er tosidig: å svekke vesteuropearane, og
å skape ein situasjon der Sambandsstatane er tvinga til å støtte
austeuropearane. Det er ein klassisk taktikk frå veikare land mot sterkare land
som å sjå til er ideologiske allierte. Cuba og Vietnam brukte han vis-à-vis
Sovjetunionen. Nord-Korea brukte han vis-à-vis Kina.
Det er
ein taktikk som ofte verker. Men han har sine grenser. Akilleshælen til ein
slik taktikk er at han er avhengig av behova til det sterkaste landet, i detta
tilfellet Sambandsstatane, for å fungere. I augneblinken er Sambandsstatane med
på leiken. Men når Sambandsstatane drar seg ut av Irak og rekalibrerer sine
globale posisjonar ut frå minska geopolitisk makt, då kan støtte til det polske
eller tsjekkiske regimet sjå mindre nyttig ut, det kan til og med bli totalt
uviktig. På det tidspunktet vil dei austeuropeiske regjeringane vere aleine -
økonomisk og militært avhengige av det same Vest-Europa som dei foraktar i dag,
samtidig som det vil skje ei raskare tilnærming Paris-Berlin-Moskva.
På kort
sikt tener opprettinga av eit rakettforsvarsskjold behova til Sambandsstatane
og behova til dei austeuropeiske regjeringane. Men på lengre sikt ser det ut
som austeuropearane satsar på ein hest som sannsynlegvis ikkje fullfører løpet.
Immanuel Wallerstein
[Copyright by Immanuel Wallerstein,
distributed by Agence Global. For rights and permissions, including
translations and posting to non-commercial sites, and contact:
rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted
to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay
remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write:
immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries