http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
212, July 1, 2007
Dialog kan gi fred
Det kan bli fred i
Palestina, som i Sør-Afrika og Nord-Irland.
Det er lett å sjå kven
som er taparane. Det er vanskelegare å sjå om det finst vinnarar. I løpet av
juni var det dramatiske konfrontasjonar mellom Fatah og Hamas i Gaza. Det som
skjedde var følgande: President Abbas oppløyste den Hamas-leidde regjeringa
(der Fatah var med). Stasminister Ismael Haniyeh sa det var ulovleg, og nekta å
godkjenne oppløysinga. Begge sider brukte makt mot den andre. Hamas fekk
overmakta i Gaza. Alle Fatah-leiarane reiste frå Gaza til Vestbreidda der Abbas
utnemnde ei ny regjering leia av Salaam Fayyad, ei regjering utan
Hamas-medlemmer. Hamas kontrollerer no de facto Gaza fullstendig. Fatah
kontrollerer Vestbreidda, litt mindre fullstendig enn Hamas i Gaza. På
Vestbreidda eksisterer ikkje bare Hamas, noko under jorda for tida, men Al-Aqsa
martyrbrigaden, i namnet knytt til Fatah, handlar sjølvstendig, og er verken
under kontroll av Abbas eller samd i den noverande politikken hans.
Abbas står svakt. Han har
vendt seg til omverda - Sambandsstatane, Den europeiske unionen (EU), dei
«moderate» arabiske regjeringane (i utgangspunktet Egypt og Jordan), og Israel
- for å be om fire ting: kjærleik, pengar, våpen, og reell framgang i arbeidet
for ein uavhengig palestinsk stat. Så langt har han fått mange
kjærleikserklæringar; ein del, men ikkje alle pengane Israel skuldar dei
palestinske styresmaktene; ingen våpen (men det kan komme forsyningar i
avgrensa mengder); og ingenting når det gjeld ein såkalla endeleg avtale med
Israel.
Abbas treng å få på plass
autoriteten sin på Vestbreidda. Tony Blairs nye jobb er å hjelpe han å gjøre
det (og det er Tony Blairs einaste jobb). Gitt at det er svært lite sannsynleg
med forhandlingar om ein endeleg avtale, vil Abbas få det tøft i den jobben. Og
han har eit stort dilemma - kva skal ein gjøre med Gaza. Om han ignorerer Gaza
fullstendig, og ikkje syter for noko form for mat eller humanitær hjelp til
Gaza, då vil han i røynda gi avkall på einskapen i den potensielle palestinske
staten. Om han gir hjelp, kan han øydelegge sjansane sine til å få meir pengar
(for ikkje å snakke om våpen) frå støttespelarane sine ute i verda, særleg frå
Israel. Eg reknar Abbas og Fatah blant dei største taparane.
Mens Sambandsstatane, EU,
og både Egypt og Jordan freistar gjenskape ein situasjon der Hamas blir
utelukka frå dei palestinske sjølvstyresmaktene, kan dei snart komme til å
angre på suksessen dei har hatt. For om ikkje Abbas får til eit mirakel, er det
meir krig i komminga, med uklart resultat. Ettersom det skjer i same
augneblinken som Irak endeleg kollapsar og republikanske krav om
straks-reduksjon i US-troppane aukar kraftig (frå mektige republikanske senatorar
som Richard Lugar og John Warner), er meir krig i Israel/Palestina ikkje til
fordel for Sambandsstatane, EU, eller Egypt og Jordan. Så eg reknar denna
gruppa som taparar i tillegg.
Så er den verkeleg store
taparen - Israel. Sant nok ser ikkje Ehud Olmert og regjeringa hans ut til å
vere samde. Dei er så fiksert på å isolere Hamas for påståtte
terroristhaldningar at dei er ute av stand til å forstå sine eigne interesser.
Men sjå på situasjonen for Israel. Dei har vore i konflikt med palestinarane i svært
lang tid. Ein kan rekne denne konflikten tilbake til 1997 (den første
intifadaen), til 1967 (seksdagars-krigen), til 1948 (opprettinga av staten
Israel), til 1917 (Balfour-erklæringa). Det er ikkje den einaste langvarige
konflikten, men sjå korleis andre har blitt meir eller mindre løyste.
Me kunne samanlikne den
israelsk-palestinske konflikten med konflikten mellom boarane og dei svarte
afrikanarane i Sør-Afrika, med konflikten mellom unionistar og republikanarar i
Nord-Irland, med konflikten mellom Sambandsstatane og Kina etter 1949. I alle
desse konfliktane har dei to sidene hatt diametralt motsette standpunkt og
retorikk. I alle konfliktane har begge sider og deira den harde kjernen kalla
den harde kjernen på motsett side for «ekstremistar» (eller «terroristar»). I
alle desse konfliktane har det sett nærmast uråd ut å bygge bru mellom dei to
sidene. Likevel, i alle desse konfliktane, har ein oppnådd ein politisk avtale
til slutt, ein avtale som i det minste fekk slutt på valden.
Korleis blei det gjort?
Ein politisk avtale blei oppnådd først då det franskmennene kallar
interlocuteurs valables [dialogpartnarar med stor autoritet. GD] kom til makta
i begge leirar. Kva er interlocuteurs valables? Det er ei gruppe, ofte uttrykt
i ein særleg leiar, som har stor støtte, som er harde i politikken, og derfor
er i ein posisjon der dei kan garantere eit avtalekompromiss om motparten
sluttar seg til. I Sør-Afrika var avtalen mellom Frederik Willem de Klerk og
National Party på eine sida og Nelson Mandela og African National Congress på
andre sida. I Nord-Irland var avtalen mellom pastor Ian Paisley og Democratic
Unionist Party på eine sida og Gerry Adams og Sinn Fein på den andre. Spenninga
mellom USA og Kina blei gjort slutt på då president Richard Nixon drog til
Beijing for å møte Mao Zedong.
Legg merke til noko i
alle desse konfliktane. Heilt til siste minutt sa iallfall minst ei av sidene
at dei aldri ville gå inn på kompromiss med den andre fordi dei ikkje var til å
stole på, og fordi dei var kjeltringar. I alle sakene laga dei til slutt ein
avtale. Grunnane var mange, men realisme og utmatting var hovudårsaker til den
endelege avtalen. Og i alle sakene måtte begge sider gjøre smertelege
kompromiss, men var likevel i stand til å få tilhengarane sine med seg.
Finst det slike
interlocuteurs valables i Israel/Palestina i dag? På den israelske sida kunne
Ariel Sharon ha spela ei slik rolle. Ehud Olmert er alt for veik til å gjøre
det. Og i augneblinken ser det ikkje ut til at Sharon har nokon etterfølgar. På
den palestinske sida kan Hamas spele ei slik rolle no. Om dei kan gjøre det i
framtida er uklart. Det er grunnen til at ein knapt kan seie at Hamas vann
konfrontasjonen nyleg. Og det er grunnen til at ein knapt kan seie at
Saudi-Arabia som utforma ein felles avtale mellom Hamas og Fatah for få månader
sidan, var ein vinnar.
Kva no? Me ventar ikkje
bare på dialogpartnarar med stor autoritet, men me ventar på at spelarane skal
innsjå at ikkje noko anna kan gjøre ende på striden. Me kan enno måtte vente ei
god stund.
Immanuel Wallerstein
[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights
and permissions, including translations and posting to non-commercial sites,
and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606.
Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others,
provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write:
immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse kommentarene,
publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige
verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange
linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries