http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
213, July 15, 2007
Putins karisma
Putin
har gjer det godt som spelar på den geopolitiske arenaen.
Vladimir
Putin har ikkje fått positiv mediaomtale i Sambandsstatane, og heller ikkje i
Vest-Europa, det siste året eller så. Han har blitt skulda for å vere
autoritær, for å freiste attreise kontrollen det russiske imperiet hadde over
naboane sine, og for å blåse nytt liv i sabotasjen i FN frå den kalde krigen.
Derfor les me noko forundra
merknadene til Jean-Claude Killy, den store franske olympiameisteren og
noverande fransk medlem av IOC, den internasjonale olympiske komiteen. IOC
hadde møte 7. juli 2007 i Guatemala City for å avgjøre staden for dei olympiske
vinterleikane i 2014. Det var tre konkurrentar: Salzburg i Austerrike,
Pyongyang i Korea, og Sotsji i Russland.
Salzburg argumenterte med at det var
ein trygg, risikofri stad. Pyongyang sa dei var eit val som ville fremme fred
og forsoning på den koreanske halvøya. Sotsji sytte for at Putin i eigen person
møtte for å tale deira sak.
Den koreanske staden var favoritt, og leia faktisk
etter første runde. Men med Salzburg eliminert, vann Sotsji den andre og
avgjørande runden. Når ein høyrer Killy fortelle, så var det Putins personlege
karisma som gjorde skilnaden. Han snakka både engelsk og fransk, noko han aldri
gjør offentleg. Og han brukte sjarmen sin, det Killy kallar karismaen hans.
Sant nok, det å vinne i
IOC-samanhengar kan vere både hyggeleg og symbolsk viktig, men det er når alt
kjem til alt, eit sekundært spørsmål, det speglar framfor å skape politisk
innverknad.
Derfor må ein spørje om det er
einaste staden Putin har brukt karismaen sin. Svaret må vere nei. Først og
fremst er det den politiske styrken hans heime i Russland. Ja, han har opprørt
ein stor del av intelligentsiaen, men alt tyder på at han er ganske populær hos
dei fleste russarane, ulikt visse andre presidentar i store statar i dag.
Det verkar som om russarane ser han
som ein som har gjort mykje for å attreise styrken til den russiske staten,
etter det dei ser som audmjukande forverring i Jeltsin-æraen. I hovudsak veit
me at det den eine kallar autoritære tendensar, kallar andre ofte attreising av
orden. Det er svært vanleg å tolke slike ting ulikt, jamvel i nord-amerikanske
land. Nicholas Sarkozy har nett tjent på dette doble perspektivet.
Men endå viktigare er Putins
politiske framgangar i verdspolitikken. Han har så langt på vellykka vis stått
mot alle freistnader frå USA på å få godkjenning frå FN for reelle
straffetiltak mot Iran, Nord-Korea og Sudan.
Han har hindra vidare steg mot
sjølvstende for Kosovo. Sant nok har russarane hatt same standpunkt som
kinesarane i desse spørsmåla, så Russland er ikkje aleine. Men på 1990-tallet
var slike sterke – og så langt effektive – russiske standpunkt utenkelege.
Så er det Russlands handtering av Europa. Han har
gått mot planane til USA om å installere rakettskjold i Polen og Tsjekkia, og
har fått støtte for standpunktet sitt (om stillteiande) frå Vest-Europa. Han
har brukt kontroll av gass- og oljeeksporten frå Russland sjølv, og frå både
sentralasiatiske og kaukasiske land, ikkje bare for å oppnå større forteneste
for Russland (og dermed større makt globalt), men meir eller mindre for å
presse sine vilkår i energispørsmål på Vest-Europa.
Om ein nøytral dommar skulle gi
poeng for om Putins handlingar har gitt positive eller negative konsekvensar
for Russland, trur eg ein rettferdig observatør måtte seie at Putin har gjort
det godt som spelar på den geopolitiske arenaen. Kall det karisma, kall det kva
du vil, sigeren for Sotsji i Guatemala City speglar den positive vurderinga, og
styrkar ho.
Immanuel Wallerstein
[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed
by Agence Global. For rights and permissions, including translations and
posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com,
1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward
electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the
copyright note is displayed. To contact author, write:
immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries