Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

214, August. 1, 2007

Kan Musharraf bli?

 

 

Stakkars Pervez Musharraf! Han er ikkje særleg populær, og er under press frå mest alle kantar. Likevel strevar han vidare, freistar oppretthalde likevekta og makta mens han sit på toppen av ein sydande vulkan.

 

Han har faktisk gjort det betre enn ein skulle tru mogleg.

For å byrje med starten må me hugse bakgrunnen for staten Pakistan. Den viktigaste nasjonalistiske rørsla i det koloniale India var Den indiske nasjonalkongressen, leia av Mahatma Gandhi og Jawaharlal Nehru. Mohammed Ali Jinnah, ein sekulær advokat med muslimsk bakgrunn, var aktiv medlem. Men i aukande grad følte han at muslimar som gruppe (ein kunne seie som etnisk gruppe) vart degraderte til andreklasses borgarar. Han gjekk inn i Den muslimske ligaen, ei rørsle som arbeidde for autonomi/sjølvstende for ein «muslimsk» region. I 1934 vart Jinnah president for rørsla, og i sluttforhandlingane med britane om sjølvstende for India, lykkast han i å få sjølvstendig og separat status for Pakistan.

Den 14. august 1947, då Pakistan blei ein uavhengig stat, bestod landet av fleire provinsar i det nordvestlege koloni-India og ein bengalsk provins i nordaust, ganske langt frå den vestlege delen. Den 11. august det året heldt Jinnah ein innsettingstale framfor det som straks skulle bli den lovgivande forsamlinga i Pakistan, der han gjekk inn for eit «inkluderande og pluralistisk demokrati» som skulle garantere like rettar for alle borgarane uavhengig av religiøs eller etnisk bakgrunn.

Ikkje bare var Den muslimske ligaen i kjerna ei moderne sekulær nasjonalistrørsle, men hæren som skulle opprettast henta personell frå dei gamle britiske militærstyrkane i India, og offiserskorpset var likeins sekulært i stor grad.

Som me veit, førte sjølvstendet for India og Pakistan straks til grufull vald mellom folkegruppene, og mellom anna kamp om kontrollen over Kashmir. Sluttresultatet av den innleiande striden var ikkje bare ei de facto (og opptil i dag omstridd) deling av Kashmir, men au flytting av folkegrupper, slik at Pakistan i overveldande grad vart muslimsk. I 2007 var befolkninga på 165 millionar, noko som gjør Pakistan til den sjette mest folkerike staten i verda, og med ein av dei høgaste fødselsratane. Denna befolkninga er i dag 97 prosent muslimar, av dei er 20 prosent sjiamuslimar.

Pakistan har hatt ei stormfull politisk historie. Tilhøvet til den viktigaste grannen India har alltid vore spent og konfliktfylt. Den austlege delen av Pakistan braut ut i 1971, oppmuntra av India, for å bli Bangladesh. Det første militærkuppet skjedde i 1958. Sivilt styre, under eit stort sett sekulært urbant parti leia av Zulfikar Ali Bhutto, vart attreist i 1972, bare for å bli styrta fem år seinare. Kuppet vart leia av general Zia ul-Haq, ein ganske ortodoks muslim som innførte sharialover i landet. Han omdøpte au landet til Den islamske republikken Pakistan.

Sivil rett vart innført att nokre år seinare under Bhuttos dotter Benazir Bhutto, som så veik plassen for Nawar Sharif. I 1999 freista Sharif arrestere stabssjefen sin, ein general Pervez Musharraf; han lykkast i å arrestere Sharif i staden for, og plasserte seg som leiar for regjeringa. Han vart utnemnt til president i 2001, og valt til det embetet i 2002.

For å få meining i gjennomgangen må me finne dei viktigaste politiske aktørane i Pakistan og deira geopolitiske allierte. For å byrje med dei siste: India har alltid vore Pakistans største problem, og dei har derfor alltid søkt støtte frå to statar som hadde eit kjølig tilhøve til India under den kalde krigen - Sambandsstatane og Kina. Desse to statane såg på den indiske utanrikspolitikken som å vere for tett opp til den Sovjetunionen førte. Den indisk-pakistanske militære spenninga fekk begge til å nekte å underteikne ikkje-spreiingsavtalen om kjernefysiske våpen og til å utvikle kjernevåpen, noko som forarga Sambandsstatane.

Innanriks er stoda i 2007 ganske annleis enn i 1947. Islamisme som politisk kraft har blitt ekstremt sterk og gjennomsyrar store delar av dei væpna styrkane. Islamistane misliker Pakistans samband med Sambandsstatane, særleg dei siste fem åra. Dei urbane sekulære kreftene ønskjer presse bort Musharraf (og dei væpna styrkane) frå den politiske makta, og viste styrke nyleg då dei på vellykka vis støtta leiaren for høgsterett som Musharraf freista sparke. Dei væpna styrkane, sjølv om dei er islamistar, ønsker eigentleg ikkje vike plassen for jihad-element som al-Qa'ida, og freistar derfor spele ei rolle som brubyggarar - med ei forsonande men kontrollerande linje mot jihadstyrkane.

Då Sambandsstatane støtta jihadistane i Afghanistan på 1980-tallet, var Pakistan deira sterkaste allierte, og særleg etterretninga til dei væpna styrkane, ISI. På 1990-tallet hjelpte ISI Taliban med å komme til makta i Afghanistan. Derfor vart ISI ganske ulykkelege då Sambandsstatane kasta Taliban, og har ikkje vore særleg samarbeidsvillige når det gjeld Afghanistan, noko den noverande presidenten i Afghanistan, Hamid Karzai, klagar på i dag.

Det ser ut til å vere klart at då Osama bin Laden utførte åtaket sitt på Sambandsstatane 11. september 2001, var eit av hovudmåla hans, om ikkje det viktigaste, å styrte regima i Pakistan og Saudi-Arabia. Korfor og korleis? Bin Laden såg på regima i begge landa som for føyelege for Sambandsstatane, bak deira tvitydige islamistiske språkbruk. Han venta at Sambandsstatane skulle legge press på Musharrafs regime for å gå til full krig mot dei heimlege islamistane. Teorien til bin Laden var at om han gjorde det, då ville regimet til Musharraf falle.

Musharraf har stått mot presset (som Saudi-Arabia), samd med bin Laden i at det ville vere politisk sjølvmord å gjøre det Sambandsstatane ønska han skulle gjøre. På andre sida måtte han gjøre Sambandsstatane rimeleg tilfredse for at Pakistan ikkje skulle miste avgjørande økonomisk og militær støtte frå Sambandsstatane. Så no og då slenger han eit bein til Sambandsstatane, som i det nylege åtaket på Den raude moské, ein bastion for islamistane. Men han passar seg vel for å gå lenger.

Og den motseiinga er det som bringar oss dit me er i dag. Jihadistane er trygt etablerte i dei såkalla nordvestterritoria (som alltid de facto har vore autonome) og Musharraf vågar ikkje gå til verkelege åtak på dei. Jihadistane fordømmer Musharraf som for pro-amerikansk. Sambandsstatane på andre sida ser han som altfor imøtekommande mot jihadistane. Sambandsstatane mumlar stadig om direkte handling, men kan ikkje fullt ut gå mot Musharraf, for ikkje å få eit ennå verre regime etter han. I mellomtida pressar dei urbane sekulære klassane ein svekka Musharraf til å vike plassen for eit verkeleg sivilt regime.

Musharrafs nøkkelstøtte, i røynda den einaste støtta, er hæren. Men så lenge krigane i Afghanistan og Irak held fram, held islamistane sin styrke fram med å vekse. Og Pakistan har mange kjernevåpen. Skulle islamistane komme fullt ut til makta, ville det utgjøre ein verkeleg geopolitisk trussel mot Sambandsstatane, ulikt den påhitta trusselen frå Saddam Hussein.

Immanuel Wallerstein

[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage