Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

215, Aug. 15. 2007

Ei bombe til begjær

Farvel til ikkjespreiingsavtalen.

Tanken om ikkjespreiing av atomvåpen har vore i trøbbel sidan Hiroshima vart bomba 6. august 1945. Om det første sjokket førte til at mange verda over ønska å få bannlyst desse våpna på ein eller annan måte, så har tanken mista støtte heile tida etterpå. Ideen humpa av garde i 62 år, noko som er ganske lenge når ein tenker på kor usannsynleg det var at noko land skulle avstå frå å skaffe seg mektige våpen som andre land hadde. Men det felles initiativet mellom USA og India om sivil kjernekraft, som offisielt vart kunngjort 27. juli 2007, kan ein sjå som den endelege spikaren i kista til ein håplaus ide.

Historia om kjernevåpna er historia om frykt for dei andre. Sommaren 1939, jamvel før andre verdskrigen hadde starta, var den leiande fysikaren Leo Szilard djupt uroa for at Nazi-Tyskland skulle lage atombomber, og det langt raskare enn Sambandsstatane. Han peika på at Tyskland alt hadde stansa eksporten av uran frå det tysk-okkuperte Tsjekkoslovakia. Han overtalte Albert Einstein til å skrive det vidgjetne brevet til president Franklin D. Roosevelt der Einstein gjorde presidenten merksam på stoda og gjorde framlegg om at regjeringa straks måtte støtte forsking på området.

Det førte til Manhattan-prosjektet, der atomforskarar under heile krigen arbeidde med å produsere ei atombombe. Tyskland klarte aldri å løyse dei tekniske problema, men det gjorde Sambandsstatane. Den 16. juli 1945, to månader etter at Tyskland hadde overgitt seg, gjennomførte Manhattan-prosjektet den såkalla Trinity-testen i Los Alamos, den aller første kontrollerte kjernefysiske sprenginga. Sambandsstatane hadde bomba.

Sambandsstatane var framleis i krig med Japan. Japan utvikla ikkje kjernefysiske våpen på den tida. Spørsmålet var om bomba skulle brukast i krigen mot Japan eller ikkje. Som me veit bestemte president Truman at det skulle sleppast to bomber, ei på Hiroshima 6. august og ei på Nagasaki 9. august. Japan ba om å få overgi seg 10. august.

Det har lenge vore ein debatt om årsaka til at Sambandsstatane sleppte dei to bombene. Den offisielle forklaringa er at det forkorta krigen og slik sparte amerikanske liv. Det er ingen tvil om at ein kortare krig sparte amerikanske liv - på openbar kostnad av mange japanske liv.

Det har alltid vore noko mistenkeleg med tidspunktet. Me veit at Sovjetunionen hadde forplikta seg til å gå inn i krigen mot Japan nøyaktig tre månader etter at krigen mot Tyskland slutta. Tyskarane overgav seg 8. mai, og etter planen skulle derfor Sovjetunionen erklære Japan krig 8. august, noko dei gjorde. Bomba over Hiroshima vart sleppt 6. august. Det er rimeleg å tru at ei av meldingane med tidspunktet gjekk frå Sambandsstatane til Sovjetunionen: Me har bomba - som virkar - og de har ikkje. Så pass dykk!

I talen sin til det amerikanske folket 6. august sa president Truman at Roosevelt og Churchill i 1940 blei samde om eit fellesprogram for å utvikle kjernefysiske våpen, og at han derfor ville dele den kjernefysiske teknologien med Storbritannia. I den augneblinken vart Storbritannia den andre kjernefysiske makta. Sambandsstatane freista stanse spreiinga der. Sovjetunionen var openbart ikkje samde, og i 1949 fekk dei til si første atomsprenging, og så ei hydrogenbombesprenging i 1953. Verda hadde nådd perioden med terrorbalanse. Denne «balansen» mellom USA og Sovjet er etter manges meining årsaka til at den såkalla kalde krigen aldri vart ein varm krig.

Både Sambandsstatane og Sovjetunionen ville vore godt fornøgde med å ha stansa spreiinga der. Det passa i det heile tatt ikkje deira mest høgrøysta allierte - Frankrike og Kina. Begge meinte det var viktig å skaffe seg kjernevåpen som eit middel til å halde sine mektigare allierte i sjakk politisk. Frankrike gjennomførte si første sprenging i 1960 og Kina i 1964. Verda hadde nådd punktet der alle dei fem permanente medlemmene av Tryggingsrådet i FN hadde kjernevåpen. Dei fem heldt fram med å prøve å stanse vidare spreiing.

I 1968 blei ikkjespreiingsavtalen om kjernefysiske våpen underteikna av eit stort antall land. Avtalen «erkjente» at dei fem medlemmene av tryggingsrådet var kjernefysiske makter. Den føresette at avtalen vart sett i verk når USA, Storbritannia, Sovjetunionen og førti andre statar ratifiserte han, noko som skjedde i 1970. Til slutt ratifiserte Frankrike og Kina avtalen i 1992, og på sitt høgaste hadde 187 land ratifisert avtalen.

Avtalen hadde tre hovudpunkt: (1) Dei fem «erkjente» kjernemaktene forplikta seg til at dei ikkje på noko vis skulle hjelpe andre til å bli kjernemakter; (2) Dei same fem landa forplikta seg til å ta steg mot effektiv nedrusting; (3) alle andre land fekk lovnad om hjelp til fredeleg bruk av atomenergi.

Ingen av vilkåra har blitt særleg respekterte. Først, om ikkje dei «erkjente» fem direkte har hjelpt andre til å bli kjernemakter, så ville og klarte desse andre statane det på eiga hand. For det andre har det ikkje skjedd merkbar nedrusting. Tvert om. Dei fem «erkjente» maktene har utvida dei kjernefysiske arsenala sine, særleg Sambandsstatane. Og det tredje vilkåret om fredeleg bruk av atomenergi har blitt ekstremt kontroversielt, ettersom Sambandsstatane har byrja sjå på det som eit smutthol som lar «andre» land gå vegen ut i kjernefysisk utvikling utan hindringar.

Uansett så veit me at tre land heile tida nekta å underteikne avtalen: India, Pakistan og Israel. Alle tre utvikla kjernefysiske våpen. I teorien tok USA steg for å straffe India og Pakistan (som aldri har nekta for utviklinga av kjernefysiske våpen). USA har aldri sagt noko om Israel (som aldri har vedgått utviklinga av kjernefysiske våpen, jamvel om alle veit det). I 2003 trekte Nord-Korea seg frå avtalen og vedgjekk å ha atomvåpen.

USA hevdar at Iran utviklar kjernefysiske våpen, og det er gode grunnar til å tru at det er slik. Det har komme tvitydige erklæringar dei siste åra frå mange andre land som anten er i ferd med å utvikle slike våpen eller i ferd med å sette i verk slike prosjekt. Når det gjeld den siste avtalen mellom USA og India gir han betydeleg hjelp til India med å utvikle fredeleg bruk, men utan på noko vis å hindre India i vidare utvikling av kjernefysiske våpen. Slik løner han India framfor å straffe dei. Og alle tolkar avtalen heilt korrekt slik at når det passar politiske mål, då vil ikkje USA gå mot spreiing. Så korfor skal alle andre legge band på seg?

Romarane hadde eit munnhell: De mortuis nihil nisi bonum dicandum est. Snakk ikkje dårleg om dei døde. Ikkjespreiinga er død - nihil nisi bonum!

Immanuel Wallerstein er seniorforskar i sosiologi ved Yale University.

© Immanuel Wallerstein.

Omsett av Gunnar Danielsen.

 [Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage