http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
217, 15.09.2007
Å bombe eller ikkje
Er det eit Iran-åtak på USAs saksliste?
Iran er toppoppslag i media igjen. Nesten kvar einaste dag kan me høyre
talspersonar for regjeringa i Sambandsstatane fordømme iranske misgjerningar,
med ein klar undertone om at det snart er tid for militære handlingar. Me les
stadig at USAs flyvåpen og flåte rustar seg til åtak. Bloggverda er overfylt av
protestar. Vil det skje? Og vil det vere «fornuftig»?
Fornuft avheng av dei måla ein har. Så la oss først analysere kva som kan vere
måla til dei som synest gå inn for eit slikt åtak, og for dei maktpersonane som
er mot tanken. La oss så sjå på sannsynlege konsekvensar av eit åtak, om det
kjem. Det ser ut til å vere to hovudgrupper som er tilhengarar av eit åtak:
visepresident Dick Cheney og vennene hans, og den noverande regjeringa i Israel
og hennar venner.
Israelarane har ikkje lagt skjul på at dei lenge har meint at Iran raskt nærmar
seg å få kjernefysiske våpen, og at det er ein enorm trussel mot staten Israel.
Dei ønskjer at nokon skal bombe dei iranske installasjonane. Dei vil føretrekke
at det blir Sambandsstatane som gjør det framfor dei sjølve, både fordi
Sambandsstatane har større tilgang til luftvåpen og fordi det ville vere til
mindre politisk skade for Israel. Men dei har trua med å gjøre det sjølve, om
ikkje Sambandsstatane gjør det snart. Frå israelsk synspunkt ville det vere
repetisjon av det dei ser som den vellykka bombinga av irakiske installasjonar
i Osirak i 1981. Dette målet er så viktig for israelarane at det nyss har blitt
offentleg kjent at Israel i 2002 - 2003 ivra for at Sambandsstatane skulle gå
til åtak på Iran før Irak.
Cheney har sannsynlegvis eit anna mål. Han og vennene hans er nok mindre trygge
på at eit åtak på Iran ville bli like vellykka som det israelske åtaket på Irak
i 1981. Cheneys mål er i mindre grad kva som ville bli resultatet i Iran enn
kva som ville skje i Sambandsstatane. Han ventar truleg at eit åtak på Iran vil
gi republikanarane betre utsikter i 2009, fremme militariseringa heime i
Sambandsstatane, ytterlegare styrke presidentskapet og ytterlegare svekke
borgarrettane. Om det er målet, så vil eit begrensa resultat i Iran vere
irrelevant.
Det er klart at mektige krefter er mot eit slikt åtak. Innanfor regjeringa i
USA har dei ny-konservative blitt svekka. Det ser ut til at utanriksminister
Condoleezza Rice, forsvarsminister Robert Gates og dei militære stabssjefane
til presidenten alle meiner det er ein dårleg ide. Det er sannsynleg at viktige
næringslivsleiarar tenker slik au, og det tyder truleg at finansminister Henry
Paulson au er mot. USA sine allierte, medrekna britane, ser au ut til å vere
mot militære tiltak. Og det er openbart at den irakiske regjeringa er mot. Så
det er Cheney og israelarane mot resten.
Resonnementet til motstandarane er i hovudsak basert på ein analyse av kva som
vil bli konsekvensane av eit åtak. Det første spørsmålet er kor effektivt det
ville bli. Det er klart at iranarane har lært ei lekse av det israelske
luftåtaket på Irak. Dei har spreidd dei kjernefysiske anlegga, som ser ut til å
vere mange, og plassert dei godt under bakken. Dei etterretningane
Sambandsstatane sit på er truleg ganske begrensa, og det er slett ikkje sikkert
at USAs luftvåpen ein gong kan lokalisere alle anlegga, eller øydelegge alle
dei kan lokalisere. Om Sambandsstatane ikkje kan sende bakkestyrkar, så kan det
militært bli ein flopp. Og dei kan ikkje sende bakkestyrkar ganske enkelt fordi
dei ikkje har dei.
For det andre er det sannsynleg at iranarane ville sette i verk militære eller
politiske mottiltak av eit eller anna slag, enten i Irak eller Afghanistan
eller begge stader. Det ville vere svært negativt for Sambandsstatane. I
Afghanistan har Sambandsstatane og Iran meir eller mindre samarbeidd , og
Sambandsstatane er slett ikkje slik stilt at dei kan miste den tause støtta frå
Iran.
For det tredje er verknadene på Irak vanskelege å sjå for seg i detalj. Men det
vil ganske visst ikkje hjelpe på den svake politiske stillinga Sambandsstatane
har i Irak om dei skulle tvinge al-Maliki-regjeringa til å ta velje side. Om
dei blir tvinga, er det svært lite sannsynleg at dei store sjia-partia vil
gjøre anna enn å stø Iran, i det minste i det stille.
For det fjerde vil reaksjonane frå dei andre stormaktene i beste fall bli
reserverte. Kanskje Vest-Europa vil seie lite offentleg, men dei stør heilt
sikkert ikkje bombing. Og Russland og Kina vil truleg fordømme ho. Og same kor
mykje ulike såkalla moderate arabiske regime måtte frykte iransk styrke, verkar
det usannsynleg at dei har råd til å applaudere aggressive handlingar mot eit
muslimsk land. Der det er større sjia-minoritetar vil det vere fare for
folkelege demonstrasjonar som regjeringane kan få vanskar med å slå ned.
Til sist er det sannsynleg at dei pågåande diplomatiske forhandlingane mellom
Nord-Korea og Sambandsstatane ville stanse opp som ein umiddelbar konsekvens av
eit bombeåtak på Iran, fordi det ville stadfeste Nord-Koreas verste frykt.
Kort sagt ville det bli eit diplomatisk kaos, og fare for auka valdshandlingar
i Midtausten. Og om det ikkje er klare militære fordelar, kan fordelen for
Israel bli svært begrensa. Alt det her blir utan tvil sagt i diskusjonane
innanfor regjeringa i USA akkurat no. Det einaste veike punktet til dei i regjeringa
som er mot militære tiltak, er at alt dei har å tilby i staden for er vidare
diplomatiske forsøk og kanskje vidare økonomisk press. Cheney hevdar sikkert at
det heller ikkje vil verke. Og han har truleg rett.
Vil det av den grunn vere «fornuftig» at Sambandsstatane bombar Iran? Mest
heilt sikkert ikkje, ikkje bare sett frå den noverande regjeringa sitt
standpunkt, men jamvel frå Israels side. Det kan vere «fornuftig» om hovudmålet
er å forandre den noverande politiske stemninga i Sambandsstatane, men då til
ein svært høg pris.
Mange kommentatorar frå venstresida seier at Sambandsstatane til sjuande og
sist kan sleppe unna konsekvensane av bombing, ettersom reaksjonane eg har
peika på kan vise seg å bli langt svakare enn eg ser for meg. Og enkelte seier
at handlingane til desperate folk (det er slik dei ser på Cheney og den
israelske regjeringa) ikkje let seg halde tilbake av den slags analysar av
konsekvensar som eg har lagt fram her.
Kanskje! Men etter mitt syn er det ganske lite sannsynleg at slike «desperate»
handlingar vil lykkast, om ikkje heilt uråd.
Immanuel Wallerstein er seniorforskar i sosiologi ved Yale University.
© Immanuel Wallerstein.
Omsett av Gunnar Danielsen.
[Copyright
by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and
permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and
contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission
is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided
the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact
author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse kommentarene, publisert
to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige
verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange
linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go
to List of Commentaries