http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
218, 01.10.2007
Enkeltfaktoren
Den 4.
november 2008 vel Sambandsstatane ny president, nytt Representanthus, og
tredjedelen av Senatet. Det store problemet alle veit at alle
kjenner til, men som ingen eigentleg
vil snakke om, er krigen i Irak. Alle veit at han
er der.
Alle
veit at han blir den enkeltfaktoren som vil ha mest å seie for valresultatet. Og ingen er
heilt trygg på korleis dei
skal handtere han for å vinne vala.
Dei fleste politikarane uroar seg først
av alt for sitt eige (att)val, dernest for om partiet får
fleirtal, og først på tredjeplass
kjem ideologiske spørsmål. Svært få set ideologiske spørsmål først. Hovudkandidatane til presidentnominasjonen, og dei fleste som
stiller til val for Kongressen, vurderer kor dei skal
plassere seg for å tape færrast muleg av
dei som vanlegvis
ville røyste på dei, og
trekke til seg så mange som
råd «i sentrum». Sett utanfrå
La oss starte med dei mulege presidentkandidatane.
Det er ei vanleg
oppfatning at Irak-krigen har flytta veljarane
over mot kandidaten til Demokratane, kven det no blir. Det blir stadfesta av stadige meiningsmålingar.
Men kva slutningar
drar ein potensiell kandidat av det? Det ser ut til
at alle dei viktigaste republikanske kandidatane konkluderer med at dei må vere
regelrette haukar om dei ikkje skal miste
dei siste trufaste veljarane, det såkalla grunnfjellet.
Men dei ser au ut til å konkludere med at dei må ha ein
viss distanse til Bush: ikkje skulde han
for feilaktig politikk, men
for manglande evne til å sette han
ut i livet. Og dei håper openbart at dei viktigaste demokratiske kandidatane skal gjøre eller
seie noko dei
Dei ventar seg kanskje dramatiske hendingar som
Det er ganske
tydeleg at dei viktigaste demokratiske kandidatane gjer seg meir
eller mindre same tankar. Dei ønskjer å framstå lett
dueaktige i krigsspørsmålet
for å tekkast grunnfjellet sitt, men ikkje så mykje at dei
blir oppfatta som «illojale» på noko vis,
for ikkje å tape misnøgde republikanarar og uavhengige. Dei er varsame, og
føler dei lett
I den siste debatten mellom dei demokratiske
kandidatane var ingen av dei
klare til å krevje fullstendig tilbaketrekking av alle styrkane i 2013. Naturlegvis blir dei meir
militante delane av grunnfjellet deira meir og
meir irriterte over slik varsemd. Likevel
er det ikkje
så langt noko teikn på
at den sterke antikrigsstemninga
blant desse meir militante
veljarane vil føre til stort
fråfall i støtta til den demokratiske presidentkandidaten.
Det verkelege problemet er i vala til
Kongressen. Alt i 2006 var
dei demokratiske strategane djupt usamde; på eine
sida dei som meinte sigeren
var tryggare dess meir
«moderate» dei var, på andre dei
som argumenterte nøyaktig motsett, at berre dei kandidatane
som modig tok opp ideologiske
spørsmål kunne samle veljarane. Dei faktiske resultata
frå 2006 indikerer at ingen av linjene
hadde vore rett i alle distrikta.
Derfor må me vente at den taktiske debatten held fram.
I to-partisystem (eller jamvel fleirpartisystem) er ikkje det
viktige taktiske spørsmålet om
det å vere «sentrist» eller meir «radikal» er mest effektivt.
Det verkelege spørsmålet er kva som
blir definert som «sentrum». I Sambandsstatane har republikanarane dei siste 25 åra vore
i stand til å flytte definisjonen av «sentrum» lenger og lenger ut
til høgre. I 2006 svinga pendelen
litt tilbake. Det er ikkje
avklart om
det som blir
definert som «sentrum» i Sambandsstatane vil flytte seg
vidare til venstre fram til
vala i 2008. Her speler den offentlege retorikken ei nøkkelrolle,
likeins dei «uventa» politiske hendingane. På eit vis er det Cheney mot MoveOn (ei progressiv
organisasjon danna i 1998 som svar på
forsøka på å stille Bill Clinton for riksrett.
Har samla inn millionar av dollar til Demokratane,
red. anm.) i retorisk nærkamp.
Skulle MoveOn vinne fram, om berre litt, ville det
ha lite å seie om den demokratiske kandidaten følgde ei «sentrums»-linje
i valkampen. Valresultata ville i hovudsak
avgjøre politikken etter valet. Men om Cheneys retorikk skulle seire, vil det
ikkje hindre valet av ein demokratisk
president, men det vil gjøre det svært
vanskeleg for ein slik president å dra seg raskt ut
av Irak.
Immanuel Wallerstein
Omsett av Gunnar
Danielsen.
[Copyright
by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and
permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and
contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission
is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided
the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact
author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries