http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
219, 15.10.2007
USA sakkar akterut i høve til Japan, Sør-Korea og
Frankrike.
Innimellom
er overraskande og avslørande nytt gøymd bort i media. Tredje oktober trykte
New York Times ein liten tabell i næringslivsdelen i avisa om internettilgang.
Det var lista opp ti økonomisk sterke land, med to tall: gjennomsnittsfart på
breibandtilgang i megabits per sekund, og pris per månad (ein megabit per
sekund). Det raskaste og billigaste landet var Japan (61,0 megabits per sekund
og 0,27 dollar). Sør-Korea var på andreplass (45,6 megabits per sekund og 0,45
dollar).
Det interessante med tabellen var kor Sambandsstatane stod i høve til Japan.
Med 4,8 var Sambandsstatane 14 gonger så sakte som Japan, og med 3,33 dollar
tolv gonger dyrare. Interessant nok kunne ein sjå at Frankrike, ofte håna i
Sambandsstatane for å vere økonomisk tilbakeståande, rett nok ikkje var på
Japans nivå, men var over tre gonger raskare enn Sambandsstatane (17,6) og
halvparten så dyr (1,64 dollar).
Forklaringa på skilnaden er tilhøvet til det kapitalistiske næringslivet i
Japan og Sambandsstatane. For å bli det New York Times kallar eit
«breibandparadis», har japanske foretak måtta gjøre tunge investeringar og gi
kraftige rabattar til kundane. Det gjør dei ut frå ein teori om at det å sjå
bort frå kortsiktige profittar og pøse milliardar inn i langsiktige prosjekt
til slutt vil lønne seg. Det var den filosofien som gjorde at Japan kunne skape
ein av dei to raskaste jernbanane i verda - Shinkansen.
Den einaste konkurrenten på området er Frankrikes TGV - train à grande vitesse.
Sambandsstatane har som alle veit eit elendig jernbanesystem kjent som Amtrak,
som knapt nokon bruker og som alltid tapar pengar.
Dei to avgjørande skilnadene mellom Japan og Sambandsstatane er at
næringslivsleiarane i Sambandsstatane blir hardt pressa for å forsvare alle dei
kapitalinvesteringane som kan tære på resultatet for inneverande år; og at
regjeringa i Sambandsstatane er uvillig til å hjelpe selskapa til langsiktige
investeringar med finansielle incentiv.
Grunnane er openbare i begge tilfella. Selskapa i Sambandsstatane er i dag
dominerte av eit spekulativt etos, der utskifting i toppleiinga er konstant og
oppkjøp alltid ligg på lur. Botnlinja for inneverande år er alt som betyr noko
for ein administrerande direktør som kanskje ikkje er i posisjon til tenkje på
botnlinja neste år (for ikkje å snakke om botnlinja det neste tiåret). Og
regjeringa i Sambandsstatane brukar alle pengane sine på militære investeringar
og skattekutt for dei svært rike. Det er ikkje noko igjen til langsiktige
investeringar. Japanarane investerer i staden i «forvandling
ein-gong-i-hundreåret» ifølge Kazuhiko Ogawa, direktør for nettverksstrategien
til Nippon Telegraph & Telephone.
Bobla i aksjemarknaden i Sambandsstatane kan kanskje halde fram ei lita stund
til. Men på eit tiår kan Sambandsstatane bli pinleg langt bak Japan (og
Sør-Korea, og jamvel Frankrike) på informatikk, som alle heile tida seier er
ein av nøkkelsektorane i den kapitalistiske økonomien i dag.
Det er slik eit svinnande hegemoni forsterkar eigen nedgang. Det leiande landet
konsentrerer seg om kortsiktige tiltak, og overinvesterer i ufruktbare militære
utgifter. Spekulasjon erstattar innovasjon som kjelde til profitt. Og før ein
veit ordet av det, raser dei andre (i vårt tilfelle japanarane, men ikkje bare
dei) forbi og tar kontrollen med framtidas teknologi. Det er det
Sambandsstatane gjorde då dei - for så lenge sidan! - var ei stigande økonomisk
makt.
Einaste måten å snu det på, jamvel bare delvis, er ei kraftig kulturendring i
Sambandsstatane. George W. Bush er ikkje ein gong klar til å tenke på det. Er
Hillary Clinton eller Barack Obama klare til å bruke leiarskapen sin i den
retninga? Ingenting er mindre sikkert.
Immanuel Wallerstein
Omsett av Gunnar Danielsen.
[Copyright by Immanuel Wallerstein,
distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations
and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com,
1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward
electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the
copyright note is displayed. To contact author, write:
immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er
ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut
fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries