Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

220, Nov. 1, 2007

 

Støtten til ei to-statsløysing for Israel og Palestina minkar.

 

Det rådande synet verda over på korleis ein skal løyse den politiske konflikten mellom palestinarane og israelarane er den såkalla to-statsløysinga - det vil seie å opprette to statar, Israel og Palestina, innanfor grensene til det som ein gong var det britiske mandatområdet Palestina. Det var det rådande synet verda over i det tjuande hundreåret.

Balfour-erklæringa til den britiske regjeringa frå 1917 gjekk inn for at det skulle opprettast ein «jødisk nasjonalheim» innanfor Palestina, noko som tok utgangspunkt i ideen om to statar. Då FN vedtok sin resolusjon i 1947, kravde han i klartekst at det skulle opprettast to statar (med særstatus for Jerusalem). Deling vart den gongen støtta både av Sambandsstatane og Sovjetunionen, så vel som dei sosiale rørslene verda over som støtta dei. Osloavtalen frå 1993 kravde to statar. Og i dag insisterer Condoleezza Rice på at ein endeleg avtale om to statar er eit kjernespørsmål ho vonar få på plass i konferansen som skal gå føre seg i Annapolis i Maryland (på ein enno ikkje fastsett dato, truleg i november i år).

Korleis reagerte sionistrørsla (og staten Israel) på den eine sida og tilsvarande representantar for dei arabiske palestinarane på den andre, på tanken om permanent deling - det vil seie to statar? I praksis likte ingen av sidene tanken.

Blant sionistane/israelarane var det opphavleg tre ulike syn, ingen av dei for deling. Det var dei såkalla revisjonistane (og arvtakarane etter dei, som Likud i dag) som kravde ein fullstendig rein jødisk stat (opprinneleg medrekna Jordan). For mange av tilhengarane innebar det å drive ut ikkje-jødar frå landet. I andre enden av spektret var det ei lita gruppe intellektuelle (som Judah Magnes og Martin Buber) som kravde at det blei oppretta ein felles arabisk-jødisk to-nasjonal stat, eit standpunkt som døydde ut etter at staten Israel vart oppretta i 1948. Og så var det det store fleirtalet sionistar som dei viktigaste politiske leiarane i Israel kom frå. Dei godtok tanken om deling som ein nødvendig realitet, mens dei freista sette i verk ei snikande utviding av grensene til den jødiske staten, og mens dei håpte dei ein dag kunne okkupere mesteparten eller heile landet. Det var i hovudsak standpunktet til viktige personar som David Ben-Gurion, og Ariel Sharon seinare.



Dei einaste sionistiske eller israelske gruppene som stod for ei permanent og endeleg to-statsløysing var rørsler som «Peace now», som voks fram etter 1967, som gjorde framlegg om å bytte «land for fred». Desse gruppene var aldri i stand til å vinne reint fleirtal i israelske val, og i dag er dei meir enn nokon gong ein minoritet.

På arabisk/palestinsk side har motstanden mot ideen om to statar alltid vore stor. Frå først av hadde ideen ingen tilhengarar i det heile tatt. Det er grunnen til at då FN gjekk inn for deling i 1947, var det ingen til å følge opp på den arabisk/palestinske sida. Den palestinske frigjøringsorganisasjonen PLO vart skapt i 1964 spesifikt som ein organisasjon som var mot deling. PLO endra sakte standpunktet sitt på 1980-tallet, og som del av Oslo-avtalen frå 1993 godtok dei formelt ideen om to statar. Mange israelarar såg like fullt det endra standpunktet som taktisk og ikkje ekte - eit slags speilbilete av den pragmatiske godtakinga av deling som Ben Gurion-Sharon stod for: realisme i notida, mens dei heile tida håpte å kunne gå i retning av ei ein-statsløysing seinare.

Men i dag er president Mahmoud Abbas frå dei palestinske sjølvstyresmaktene ein høglytt og sterk tilhengar av ei to-statsløysing. Og dei arabiske statane, leia av Saudi-Arabia, er tydeleg klare til å støtte standpunktet. På andre sida ser den israelske statsministeren Ehud Olmert i beste fall ut til å vere ein lunka tilhengar av å opprette ein palestinsk stat.



Så kva er utsiktene til å nå fram til ein avtale? Ikkje store, slik det går fram av erklæringa frå åtte tungvektarar i USA som nettopp har offentleggjort eit brev i magasinet The New York Review of Books. Ein kan seie dei her gir kravet om ei to-statsløysing ein siste sjanse. Dei kallar fråsegna noko lagnadstungt for «Fiasko kan gi øydeleggjande konsekvensar». Kven har underteikna fråsegna? Første namnet er Zbigniew Brzezinski, som var nasjonal tryggingsrådgivar for Jimmy Carter og no ein nøkkelrådgivar for Barack Obama. Det er tre andre høgtståande demokratar: Lee Hamiton, som var ein av leiarane i Iraq Study Group; Thomas Pickering, viseutanriksminister for Bill Clinton; og Theodore Sorensen, spesialrådgivar for John F. Kennedy. Den republikanske sida er likeins framståande folk: Brent Scowcroft, tryggingsrådgivar for både Gerald Ford og George H. W. Bush (ofte rekna for å vere den uoffisielle røysta til den første president Bush); Carla Hills, handelsutsending for George H. W. Bush; tidlegare senator Nancy Kassenbaum-Baker; og Paul Volcker, tidlegare styreleiar i sentralbanken Federal Reserve System i USA.

Den framståande gruppa har ein ting felles: Dei har ikkje noko å gjøre med den noverande Bush-administrasjonen. Brevet vart sendt til president Bush og til Condoleezza Rice. Dei legg fram eit detaljert forslag - det alle veit er den einaste moglege to-statsløysinga: to statar basert på grensene frå 1967, to hovudstader i Jerusalem med særlege løysingar for dei heilage stadene, og «ei løysing på flyktningproblemet som passar saman med to-statsløysinga, som tar omsyn til at dei palestinske flyktningane kjenner seg djupt urettferdig behandla, og som gir dei relevant økonomisk og anna hjelp til å etablere seg på nytt.» Dei krev au at Syria og Hamas må ta del i forhandlingane, og omgåande stans i israelske busettingar. Det var framlegget som nesten vart godtatt på Taba-møta i desember 2000 i dei siste dagane til Clinton-administrasjonen. Men nesten er ikkje godt nok. Framlegget er utan tvil akseptabelt for Abbas, og til og med kanskje for Hamas. Men det er offentleg avvist i kraftige ordelag av Olmert-regjeringa, i lang tid.



Korfor den desperate tonen? Fordi forfattarane veit at framlegget sannsynlegvis ikkje vil bli akseptert verken av den israelske regjeringa eller av George W. Bush. Det israelske Knesset har tydeleg stritta mot alle avtalar, og det er ingen teikn til at dei er klare til å skifte meining. Heller ikkje er det teikn til at Bush-administrasjonen skal presse dei hardt til å gjøre det. Tvert om.

Korfor bryr då dei åtte underskrivarane med å gjøre det siste utspelet? Fordi den internasjonale semja om ei to-statsløysing frå det tjuande hundreåret er i ferd med å bleikne bort. Sympatien for Israel som ein gong var så sterk, dalar jamvel hos dei som ein gong var dei sterkaste støttene til det israelske standpunktet, og med det aukar kravet om ein felles stat.

Gitt noverande gjensidig frykt og fiendskap, vil israelarane aldri akseptere ei ein-statsløysing. Dei vil utan tvil heller halde fram med endelause valdshandlingar. Det Brzezinski og dei andre sju implisitt åtvarar mot er at feilen israelarane (og regjeringa i USA) gjør ved ikkje å godta framlegget no vil gi øydeleggjande konsekvensar, med ein kraftig opptrappa borgarkrig som kan halde fram tretti år til, med uvisst resultat når det gjeld sjølve eksistensen til staten Israel. Det er eit dystert bilete for alle.


© Immanuel Wallerstein.

Omsett av Gunnar Danielsen.

 [Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage