http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
221, Nov. 15, 2007
Kva vil Putin?
Trygg på framtida legg presidenten i Russland fram
sine vilkår for samarbeid.
Ønsker Putin det same som
Russland ønsker? Eg trur svara på begge spørsmåla ligg ganske nære kvarandre. I
alle tilfelle har ikkje Putin lagt det minste skjul på kva han ønsker på vegner
av Russland. Han nytta nyleg to viktige europeiske konferansar til å forklare
detaljert kva som uroar han. Første gongen var talen hans på den 43.
Munchen-konferansen om tryggingspolitikk 2. oktober 2007, med kanslar Angela
Merkel frå Tyskland til stades. Og andre gongen var på pressekonferansen etter
EU-toppmøtet i Lisboa 26. oktober. I Munchen opna han med å seie han ville
unngå å vere «overdriven høfleg» og ville «seie det eg verkeleg tenker om
internasjonale tryggingsproblem». Han starta talen med vurdering og kritikk av
utanrikspolitikken til USA. Han kalla ideen om ei einpola verd «øydeleggande»
ikkje bare for andre men for «herskaren sjølv». Modellen med ei einpola verd
var ikkje bare «uakseptabel, men i tillegg umauleg i verda i dag». Han snakka
om den aukande forakten for grunnleggande prinsipp i internasjonal lov, og sa
at «det først og fremst er USA som har trakka over sine nasjonale grenser på
alle måtar». Han sa det var «ekstremt farleg». Han insisterte på at maktbruk
bare kan rettferdiggjørast om han er «sanksjonert av FN» og at «Nato eller EU
ikkje kan erstatte FN». Han åtvara spesielt mot «militarisering av det ytre
rommet». Han minna alle på ein tale som dåverande generalsekretær i Nato
Manfred Wörner heldt 17. mai 1990, der han gav Russland «ein fast
tryggingsgaranti» om at Nato ikkje ville plassere Nato-styrkar «utanfor tysk
territorium». Putin spørte: «Kor er no denne garantien?» Så gjekk han over til
spørsmålet om kampen mot fattigdommen i verda. Han hevda at ressursar som blir
sett av til det formålet er knytte til utvikling av næringslivet i givarlanda.
«Og la oss seie tinga som dei er - den eine handa delar ut støtte og den andre
sørger ikkje bare for at mottakarlanda framleis blir økonomisk tilbakeliggande,
men dei hankar inn profitten av det.» Putin var enno meir provoserande i Lisboa
der han sa at USAs politikk i Europa, og særleg framlegget om
rakettinstallasjonar, var ein parallell til rakettkrisa på Cuba. «Ein trussel
blir sett opp ved grensene våre.» Etter samanlikninga sa han at det ikkje var
ei slik krise no fordi Russland hadde andre tilhøve til EU og USA. Han la til
(med eit smil?) at «med president Bush, er det eit forhold bygd på tillit. Eg
synest eg har rett til å kalle han ein personleg venn, slik han gjør med meg.»
Putin har sagt tydeleg til USA og EU at om dei ønskar ei ny militær opprusting
i Europa, så skal dei få det. Viss ikkje så må dei revurdere den noverande
politikken sin. Men Putin la ikkje egga sine i den korga, fordi han er trygg på
at den geopolitiske situasjonen endrar seg raskt, slik verdsøkonomien endrar
seg. Putin peika på at den samla kjøpekrafta i India og Kina alt er større enn
den i USA. Og om ein gjør same reknestykket for dei såkalla BRIC-landa -
Brasil, Russland, India og Kina - overstig dei samla BNP i EU. Og han la til at
«i følge ekspertane vil avstanden bare auke i framtida». Som Putin sa, er det
openbart at eit slikt økonomisk potensial «uunngåeleg vil bli omforma til
politisk innverknad og vil styrke multipolaritet». Putin heldt jamvel opp den
økonomiske gulrota. Han peika på at «utanlandske selskap deltar i alle dei
store energiprosjekta våre». I oljeutvinninga står utanlandsk kapital for 26
prosent. «Prøv, prøv å finne eit tilsvarande eksempel der russiske selskap i
omfattande grad deltar i nøkkelsektorar i vestlege land. Slike eksempel
eksisterer ikkje! Det finst ikkje slike eksempel.» Putin ønskar, slik Russland
har ønska i hundreår, å bli akseptert som ein hovudspelar i verdssystemet.
Openbart meiner han at USA og jamvel Vest-Europa nytta mellomspelet med Jeltsin
til å ignorere Russland. Han verkar trygg på at tidevatnet har snudd, primært
på grunn av endringane i verdsøkonomien. Og trygg på framtida legg Putin fram
sine vilkår. Han ber Europa om å få eit aktivt samarbeid, og USA om ei de facto
våpenkvile. Framtida vil vise kor vellykka ein slik politikk vil vere. Immanuel
Wallerstein er seniorforskar i sosiologi ved Yale University © Immanuel Wallerstein.
Omsett av Gunnar Danielsen. «Ønsker Putin det same som Russland ønsker?»
Immanuel Wallerstein
[Copyright by Immanuel Wallerstein,
distributed by Agence Global. For rights and permissions, including
translations and posting to non-commercial sites, and contact:
rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is
granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the
essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact
author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries