http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
222, Dec. 1, 2007
Den
amerikanske valkampen er prega av falske problemstillingar.
I Sambandsstatane går det føre seg to debattrundar med
presidentkandidatane, ein runde for demokratane og ein for republikanarane. I
desse debattane er det vanlegvis journalistar som er debattleiarar og stiller
spørsmål, og journalistane freistar presse kandidatane til å gi klare svar på
det ein reknar med er vanskelege spørsmål. Desse «vanskelege» spørsmåla blir
som regel formulert som reine lurespørsmål, enkelte gonger med vond vilje.
Eit typisk eksempel er det som skjedde 14. november i ein debatt for demokratane,
styrt av Wolf Blitzer. Han stilte spørsmålet «Er menneskerettar viktigare enn
amerikansk nasjonal tryggleik?» Blitzer ville tydeleg presse fram det
pseudo-patriotiske svaret om at nasjonal tryggleik gjekk framfor alt anna.
Richardson gjekk modig inn for menneskerettar. Men Dodd, Biden og Clinton sa
alle at sjølvsagt var nasjonal tryggleik det første ein måtte ta omsyn til. Og
Obama sa dei to sakene utfylte kvarandre. Kucinich vart hindra i å svare.
Ingen sa at det var eit absurd spørsmål, på to ulike måtar. For det
første, var det eit spørsmål om utanrikspolitikk? Eller var det eit spørsmål om
innanrikspolitikk i Sambandsstatane? Blitzer og kandidatane gjekk ut frå at det
var eit utanrikspolitisk spørsmål, for augneblinken eit spørsmål om USAs politikk
i Pakistan. Ein av deltakarane freista snakke om innanrikspolitikk, men det
fekk han ikkje lov til.
Det er sjølvsagt først og fremst eit spørsmål om innanrikspolitikk i
Sambandsstatane. George W. Bush har einvist vore opptatt av å svekke
menneskerettane i USA fordi noko kalla «nasjonal tryggleik» krev det, og fordi
nasjonal tryggleik alltid kjem først. Dei fleste republikanske politikarane og
presidentkandidatane stør standpunktet entusiastisk, og dei fleste demokratiske
politikarane og presidentkandidatane blir skremde til å vere samde, om dei
ikkje skal sjå veike eller upatriotiske ut.
Men det er eit openbart spørsmål som mest ingen nemner: Kva er det
nasjonen freistar «trygge»? Det vanlege svaret når spørsmålet ein sjeldan gong
blir tydeleg stilt, er at nasjonen freistar trygge «fridom» eller «sjølvstende»
eller «menneskerettar» som det blir sagt Sambandsstatane nyt godt av, og som er
kjelda til nasjonal sjølvmedvit.
Den manglande logikken i å «trygge» fridom eller menneskerettar ved å
minske fridom eller menneskerettar ser ikkje ut til å bli lagt merke til, slik
det ikkje blei då Wolf Blitzer stilte det håplause, for ikkje å seie
vondskapsfulle spørsmålet. Obamas svar om at dei to utfyller kvarandre, er
meiningslaust. Det logisk naudsynte svaret er at det er fridom eller
menneskerettar regjeringa, media og folket alltid må freiste å «trygge». Det
finst ikkje anna å trygge. Det er iallfall ikkje «liv» ein freistar trygge. Om
det var det, korfor skal me gjøre Patrick Henry til ein amerikansk helt fordi
han sa «Gi meg fridommen eller gi meg døden»?
Om ein stiller dette pseudo-spørsmålet som eit spørsmål om
utanrikspolitikk, blir det likeins eit lurespørsmål. Er regjeringa i
Sambandsstatane, eller andre regjeringar, faktisk i stand til å «trygge»
menneskerettane i Pakistan, eller i noko anna land? Og om regjeringa
gjennomfører tiltak med det påståtte målet, vil det som resultat føre til at
menneskerettane blir «trygga» i desse andre landa?
Det klare svaret etter fem hundre år med det moderne verdssystemet er
at slike intervensjonar no og då gir positive resultat, men oftast gjør det
stoda verre, sett på noko lengre sikt. Invasjonen i Irak stadfestar tydeleg
denna grunnleggande observasjonen. Den grunnleggande observasjonen me kan gjøre
om geopolitikken i den moderne verda er at stormaktene mest aldri har gått til
intervensjon av andre grunnar enn å bevare makta og fordelane sine på lengre
sikt. Retorikken dei brukar - enten menneskerettar eller nasjonal tryggleik -
er for det meste tomt prat, og blir brukt primært for å kaste blår i augene
våre. Ulykkelegvis er det å kaste blår i augene våre, slik at me ikkje ser
røyndommen, oftast ein vellykka taktikk på kort sikt.
© Immanuel Wallerstein.
Omsett av Gunnar Danielsen.
[Copyright
by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and
permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and
contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission
is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided
the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact
author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries