Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

223, Dec. 15. 2007

Ein snuoperasjon?

 

 

Etteretningsrapporten om Iran blir kalla eit «kupp» mot Bush.

 

Direktøren for den nasjonale etterretninga i Sambandsstatane sende ut ein nedgradert rapport 3. desember, kalla eit nasjonalt etterretningsestimat (National Intelligence Estimate - NIE) om Iran og kjernefysiske våpen. New York Times kalla rapporten «ein stor snuoperasjon». Rapporten «snudde» ein tidlegare NIE-rapport frå 2005. Han signaliserte eit skifte i politikken til USA. I 2005 «vurderte [NIE-en det] som svært sannsynleg at Iran vil utvikle kjernefysiske våpen.» I 2007 «bedømmer [NIE-en det] som svært sannsynleg at Teheran stansa det kjernefysiske våpenprogrammet sitt hausten 2003.»

Det meste av analysar som er gjort i media eller offentleg om rapporten går ut frå at vurderinga er gjort av direktøren for den nasjonale etterretninga, og at han så blir lesen av Bush-administrasjonen og Kongressen som først no legg han til grunn. Enkelte har jamvel kalla han eit «kupp» mot Bush og/eller Cheney og dei nykonservative. Det trur eg ikkje på eit sekund. Eg går ut frå at vurderinga alt er diskutert internt i Bush-administrasjonen. Det blir jo sagt at rapporten vart skrive alt for eit år sidan. Eg trur rapporten er resultatet av diskusjonane i Bush-administrasjonen, som fatta vedtak med vitande og samtykke frå Bush om at rapporten skulle offentleggjørast. Rapporten vil ikkje føre til eit politikk-skifte. Han signaliserer at skiftet alt har skjedd.

Kva kan me slutte av det? Me kan slutte at den debatten som har gått føre seg i lang tid mellom fløya som har gått inn for omgåande militære aksjonar mot Iran (Cheney og vennene hans, den israelske regjeringa og vennene hennar) har tapt for ein mykje større fløy som av ulike grunnar meinte slike militæraksjonar var ukloke. Eg er ikkje overraska over resultatet, ettersom eg lenge har hevda at fløya innanfor administrasjonen som ikkje ønsker åtak straks er langt sterkare enn Cheney-fløya, særleg fordi fløya som ikkje ønsker åtak straks har med seg den militære overkommandoen.

Kva vil skje no med Iranspørsmålet? Truleg ikkje særleg mykje. Russland, Kina og Tyskland har stritta tydeleg mot vidare sanksjonar mot Iran. Det er usannsynleg at det blir vidare sanksjonar. Iran har stått fast på at dei har rett til å halde fram med uranopprikingsprosjektet sitt, mens dei samtidig frys programmet for utvikling av kjernefysiske våpen. Slik vil det halde fram å vere ei tid.

Det grunnleggande faktum som me alltid må ha klart for oss er at den noverande administrasjonen i USA har hendene fulle - oppretthalde nærværet i Irak, oppretthalde nærværet i Afghanistan, og uroe seg for at det kan komme eit svært sannsynleg samanbrot i Pakistan. Jamvel George W. Bush kan nok sette pris på at desse bekymringane ikkje blir forstyrra av Irans maulege utvikling av kjernefysiske våpen det første tiåret fram.

Sambandsstatane vil utan tvil halde oppe ein fasade med verbal kritikk av Iran. Sjå dei offentlege kommentarane presidenten har av rapporten. Retorikken er likeverdig med den verbale støtta til at det skal skipast ein palestinsk stat i slutten av 2008. Men ingen bryr seg særleg mykje - ikkje eingong dei ulike presidentkandidatane frå begge parti. Desse fråsegnene er bare det - verbale fasadar. Bush ender opp med kjende freistnader på å redde fjeset mens han slit seg gjennom det som utan tvil blir eit ulykkeleg siste år i stolen.

I mellomtida tenker alle andre verda rundt på kva dei bør gjøre i Midtausten etter 2009, med ein sannsynleg demokrat som president i Sambandsstatane. Det må vere openbart for alle at i augneblinken er Iran den eine stabile staten i Midtausten. Iran har ganske visst sine interne konfliktar og Ahmadinejad-fløya kan godt komme til å tape dei neste vala. Men Iran - oljemakt, sjiamakt, militær og demografisk makt i regionen - er ein hovudaktør som ein må rekne med. Land vil ønske å ha Iran på si side og ikkje mot seg. Iran vil ikkje forsvinne.

Iran har over tid komme med fleire tilbud til Sambandsstatane om ein avtale, der dei gjør framlegg om samarbeid om Irak og andre spørsmål. Bush-administrasjonen ville ikkje eingong tilkjenne Iran ære for at dei freista. No er det truleg for seint for Sambandsstatane å få til ein slik avtale - men det er ikkje for seint for Kina eller Russland eller jamvel Vest-Europa. Det er ikkje ein gong for seint for Pakistan og Saudi-Arabia; eit samanbrot i dei to landa ville verkeleg uroe regionen på ein måte som vil få fiaskoen i Irak til å sjå ut som ein liten plage.

No har eg faktisk kjensla av at Condoleezza Rice og Robert Gates forstår alt det betre enn Hillary Clinton eller Barack Obama, men kanskje ikkje. Uansett har eg kjensla av at vurderinga i NIE-rapporten er ein elegant måte å seie: Bush-doktrinen - Requiescat in pace!

© Immanuel Wallerstein.

Omsett av Gunnar Danielsen.

«Land vil ønske å ha Iran på si side og ikkje mot seg. Iran vil ikkje forsvinne»

Immanuel Wallerstein

[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage