Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

224, Jan. 1, 2008

Kva har dei oppnådd?

 

 

Zapatistane sa at deira protest var knytt saman med kampen mot ny-liberalismen.

 

Den 1. januar 1994 leia Ejército Zapatista de Liberación Nacional (EZLN), vanlegvis kalla zapatistane, eit opprør i San Cristobal de las Casas i staten Chiapas i Mexico. Snaue fjorten år seinare samla EZLN eit internasjonalt kollokvium 13.-17. desember i den same byen med emnet «Planeten jorda: Systemkritiske rørsler» - ei slags samanfatting, både globalt og lokalt om måla deira. Eg deltok sjølv på konferansen på linje med mange andre aktivistar og intellektuelle. I løpet av konferansen heldt subcommandante Marcos seks talar; dei er tilgjengelege på internett.

På eit vis var spørsmålet alle stilte, medrekna Marcos: Kva har zapatistane oppnådd og kva framtidsutsikter har dei systemkritiske rørslene - i Chiapas og verda? Svaret på spørsmålet er ikkje enkelt. La oss byrje historia 1. januar 1994. Dagen vart valt som start på opprøret fordi det var dagen det nordamerikanske frihandelssambandet Nafta vart sett ut i livet. Slagordet den dagen var «¡Ya basta!» (Nok er nok!) Zapatistane sa heilt frå starten at deira femhundre år lange protest mot urett og audmjuking og for kravet om autonomi i dag var organisk knytt saman med den verdsomspennande kampen mot ny-liberalismen og imperialismen som Nafta både var ein del av og eit symbol på.

La oss hugse at Chiapas kanskje er den fattigaste regionen i Mexico og at befolkninga i overveldande grad består av såkalla urfolk. Den første katolske biskopen i Chiapas var Bartolomé de Las Casas, dominikanarpresten frå 1500-tallet som via livet sitt til eit kraftfullt forsvar for indianarane sin rett til lik behandling (mot kjerka og det spanske monarkiet). Frå Las Casas tid fram til 1994 fekk ikkje indianarane denne retten. EZLN bestemte seg for å freiste andre metodar. Hadde dei då større suksess? Me må sjå på verknaden rørsla hadde på tre område: i Mexico som politisk arena; i verdssystemet som eit heile; og for utviklinga av teori for systemkritiske rørsler.

Først Mexico: Væpna opprør som taktikk vart avslutta etter omlag tre månader. Det har aldri vore tatt opp igjen. Og det vil det ikkje bli om ikkje den meksikanske hæren eller høgreorienterte paramilitære set i verk massive åtak på autonome zapatistsamfunn. På andre sida vart aldri våpenkvileavtalen som vart inngått med den meksikanske regjeringa - dei såkalla San Andrés-avtalane som skulle gi sjølvstyre for urfolksområde - sett ut i livet av regjeringa.

I 2001 leia zapatistane ein fredeleg marsj gjennom Mexico til hovudstaden, med det håpa dei å presse den meksikanske kongressen til å vedta kjernepunkta i avtalane. Marsjen vekte stor oppsikt, men den meksikanske kongressen reagerte ikkje. I 2005 sette zapatistane i verk «den andre fasen», eit forsøk på å skape ein allianse mellom zapatistane med grupper i andre provinsar som hadde meir eller mindre same mål - oppsiktsvekkande igjen, men det endra ikkje den faktiske politikken til den meksikanske regjeringa.

I 2006 avslo zapatistane skarpt å stø den venstreorienterte presidentkandidaten Andrés Manuel López Obrador; han tapte knapt mot den utropte vinnaren, den svært konservative Felipe Calderón. Det var den handlinga som skapte mest kontroversar blant tilhengarane til zapatistane i Mexico og i resten av verda, mange av dei meinte det kosta López Obrador sigeren. Standpunktet til zapatistane bygde på ei djup overtyding om at det ikkje er lønt å drive politikk gjennom val. Zapatistane har vore kritiske til alle presidentkandidatane i Latin-Amerika til venstre for sentrum, frå Lula i Brasil til Chávez i Venezuela, ut frå at dei alle var rørsler ovanfrå og ned som ikkje endra noko grunnleggande for det undertrykte fleirtallet. Den einaste latin-amerikanske regjeringa zapatistane snakkar positivt om er den cubanske, fordi det er den einaste regjeringa dei vurderer som verkeleg anti-kapitalistisk.

På andre sida, heime i Mexico har zapatistane klart å etablere de facto velfungerande autonome samfunn for urfolk, sjølv om dei er beleira og konstant trua av den meksikanske hæren. Desse samfunna er politisk sett imponerande avanserte og målretta. Men vil det vare ved, i fråvær av verkelege politiske endringar i Mexico, særleg i lys av aukande press på rettane indianarane har til å kontrollere si eiga jord? Det er det uløyste spørsmålet.

På verdsscena er biletet noko annleis. Det er ikkje tvil om at zapatist-opprøret i 1994 vart ein stor inspirasjon for systemkritiske rørsler verda over. Det var utan tvil eit viktig vendepunkt i prosessen som førte fram til demonstrasjonane i 1999 i Seattle, som igjen førte til nederlaget for møtet til Verdas handelsorganisasjon (WTO), eit nederlag WTO aldri har henta seg opp frå. Om WTO i dag kjenner seg halvdøyande fordi nord-sør-tilhøvet er i ei bakevje, så kan zapatistane ta ein del av æra for det.

Seattle førte i sin tur til at Verdas sosiale forum (WSF) vart danna i 2001, det har blitt viktigaste møteplassen for dei systemkritiske rørslene i verda. Og om zapatistane sjølv aldri har deltatt på noka WSF-samling fordi dei teknisk sett er ein væpna hær, så er zapatistane framleis eit forbilete i WSF, ein slags inspirasjonskilde.

Zapatistane har frå starten sagt at målet og interessene deira er globale - intergalaktisk i deira sjargong - og dei tilbaud støtte til alle og ba aktivt om støtte frå rørsler over alt. Det har dei hatt stor suksess med. Og om den internasjonale støtta har bleikna noko i det siste, så var samlinga i desember 2007 eit klart forsøk på å live opp att desse alliansane.

Men på mange måtar er det viktigaste bidraget frå zapatistane - og det mest omstridde - på det teoretiske området. Det var slåande at i dei seks talane Marcos heldt i desember, så var den første via til kor viktig det var med teori i samfunnsvitskap. Kva seier zapatistane om korleis ein skal analysere verda?

Først og fremst legg dei vekt på at det som er grunnleggande galt med verda i dag er kapitalismen, og at det er det som grunnleggande må endrast, noko dei insisterer på vil kreve verkeleg kamp. Nå er zapatistane sant nok ikkje dei første som hevdar det. Så kva meir seier dei? Dei er ein del av eit post-1968-syn som hevdar at dei tradisjonelle analysane til den gamle venstresida var for snevre, fordi dei tilsynelatande bare la vekt på problema og kampen til det urbane industriproletariatet. Marcos via eit heilt foredrag til kvinnenes kamp for sine rettar. Han via eit anna til den avgjørande vekta ein må legge på landarbeidarane sin kontroll over jorda.

Og ganske slåande sette han overskrifta «verken sentrum eller periferi» på fleire av talane - avviste tanken om at det eine hadde prioritet framfor det andre, enten det gjeld makt eller intellektuelle analysar. Zapatistane hevdar at alle undertrykte grupper fører ein likeverdig viktig kamp, og at kampen må kjempast på alle frontar samtidig.

Dei seier au at rørslene sjølve må vere demokratiske. Slagordet er «mandar obedeciendo», som ein kan omsette til å «leie ved å lyde røysta og ønska til dei ein leier». Det er lett å seie og vanskeleg å gjennomføre, men det er eit protestskrik mot den vertikale oppbygginga venstreorganisasjonar historisk har hatt. Det fører dei til ein «horisontalisme» i forholdet mellom ulike rørsler. Enkelte av tilhengarane seier dei er heilt mot å ta statsmakt nokon sinne. Mens dei er djupt skeptiske til å ta makta over staten som «det minste vonde», er dei villige til å gjøre unnatak, som når det gjeld Cuba.

Var zapatistopprøret ein suksess? Det einaste svaret ligg i den tvilsame historia om svaret Zhou En-Lai skal ha gitt på spørsmålet: «Kva meiner du om den franske revolusjonen?» Svar: «Det er det for tidleg å kunne svare på.»

© Immanuel Wallerstein.

Omsett av Gunnar Danielsen.

«Om WTO kjenner seg halvdøyande fordi nord-sør-tilhøvet er i ei bakevje, kan zapatistane ta ein del av æra for det»

 

Immanuel Wallerstein

[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage