http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
225, Jan. 15, 2008
Kenya: Stabilt demokrati
eller kollaps?
Odinga vann valet fordi han gjekk mot den nyliberale korrupsjonen til
Kibaki.
Den 27. desember
2007 var det president- og parlamentsval i Kenya. Omverda var stort sett
likegyldig. Men brått kom det overskriftar om etnisk vald i stort omfang.
Vestleg presse skreiv om faren for ein «kollaps» og at etniske konfliktar var
utbreidde i Afrika. Det kom sterke appellar til dei to motstandarane om å komme
saman og inngå kompromiss. Det har ikkje skjedd til no, og det er usannsynleg
at det vil komme til å skje.
Kva skjedde? Om
me startar med den umiddelbare situasjonen, verkar det ganske klart at
opposisjonspartiet - Orane Democratic Movement (ODM) leia av Raila Odinga -
gjorde reint bord i parlamentsvalet, og at regjeringspartiet - Party of
National Unity (PNU) leia av den avgåande president Mwai Kibaki - gjekk på eit
stort nederlag. Visepresidenten i Kenya og over tjue ministrar i den avgåande
regjeringa vart slått ut då dei stilte i parlamentsvalet. PNU fekk 42 mandat,
mindre enn ein femdel av seta og ODM vann 99.
Det er rimeleg å
anta at Odinga slo Kibaki i presidentvalet. Men etter tri dagars telling, hevda
valkommisjonen at Kibaki hadde vunne ein knapp siger. Den umiddelbare
reaksjonen i Kenya var at Kibaki stal valet. Den hemmelege eidsavlegginga hans
30. desember, avslaget hans på å la seriøse uavhengige folk å sjå over
resultatet, den opne tvilen frå dei internasjonale observatørane såg alt saman
ut til å peike på eit forsøk på å skape eit fait accompli i håp om at uroa
skulle legge seg. Vil den det?
I mange år, men
særleg dei siste fem åra, vart Kenya framstilt i vestleg presse og av vestlege
regjeringar som eit «stabilt demokrati», ulikt mange andre afrikanske statar.
Ein kan huske at den andre staten som brukte få dette riddarslaget var
Elfenbeinskysten, eit land som har endt opp i stadig borgarkrig dei siste åra.
Kva betyr det å bli kalla eit «stabilt demokrati»? Det ser ut til å bety ei
regjering som er påliteleg pro-vestleg og vidopen for vestlege investeringar.
Kenya har passa til den merkelappen, som Elfenbeinskysten gjorde.
Elfenbeinskysten har kollapsa, og no ser det ut til at Kenya kan gjøre det
same.
Eit blikk på
historia etter 1945 kan forklare kor naiv og unyttig ei slik vurdering er.
Blant dei sju statane i Britisk Aust- og Sentral-Afrika, var Kenya den einaste
som hadde ei sterk geriljarørsle. Ho vart kalla Mau Mau, og det tok britane
mange år å kue ho. Mau Mau var ei bonderørsle frå den største etniske gruppa i
Kenya, kikuyuane. Kikuyuane meiner dei har krav på noko som gjengjeld for
opprøret. Mwai Kibaki er kikuyu.
Kort etter
frigjøringa døydde Jomo Kenyatta, kikuyu og den første presidenten i Kenya. Han
vart etterfølgt av visepresidenten, Daniel arap Moi, ein kalenjin, som byrja
med å etablere eit kleptokratisk, diktatorisk regime som varte ganske lenge.
Kikuyuane vart meir eller mindre pressa bort frå all makt. Det same gjaldt den
nest største gruppa, luoane. Leiaren for luoane var Oginga Odinga (faren til
Raila Odinga). Programmet var sosialistisk, og rørsla hans blei undertrykt.
I 2002 hadde det
kenyanske folket fått nok av arap Moi, og dei vestlege støttespelarane hans
meinte det var på tide å oppmuntre til ein demokratisk fasade.
Eittparti-regimet veik plassen for valkamp. Kibaki og Raila Odinga slo seg
saman med andre for å danne ein nasjonal regnbuekoalisjon (NRC), med mål, sa
dei, å få slutt på korrupsjonen og likeins det at stillingar og pengar bare
gjekk til ei etnisk gruppe. Kibaki vann valet. Folket feira.
2002 var au tida
for Bush sin krig mot terrorisme. Sambandsstatane skaffa seg Kibaki som ein
nøkkelalliert. Han vart belønna med mykje pengar utanfrå, og endelaus hyllest
frå Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet. Åra 2002 til 2007 var ein
periode med betydeleg økonomisk vekst på nyliberale premiss. Men Kibaki gjekk
tilbake på alle lovnadene sine. Den økonomiske veksten dryppa ikkje ned på dei
fattige på landsbygda eller dei mange i urbane ghettoar. Kibaki sparka mannen
han hadde peika ut til å avsløre korrupsjon. Og han pressa ut Odinga og andre
allierte i NRC.
Så då det blei
nye val i 2007, vann ODM og Odinga lett. Det faktum at arap Moi no støtta
Kibaki var ikkje til hjelp. ODM framheva den skarpe ulikskapen i Kenya. Dei
kravde fornya krig mot korrupsjon, og dei fekk i stand ei semje med det
muslimske samfunnet i Kenya om å stoppe samanstøytane. Det var openbart at
programmet appellerte til veljarane, men ikkje til Kibaki. Så han stal valet.
Og Sambandsstatane og Storbritannia prøver hardt å få valtjuveriet til å
fungere.
Og stilt framfor
slik skamlaus oppførsel braut det sjølvsagt ut vald. Han tok etnisk drakt. På
eit eller anna vis ser det ut til at vestleg presse meiner det er spesielt
afrikansk. Har dei nokon gong høyrt om raseopptøyar i Sambandsstatane? Har dei
aldri sett katolsk-protestantisk vald i Nord-Irland? Det som skjer i slike
situasjonar er at dei fattige i byghettoane og på landsbygda går laus på
kvarandre, medan dei øvre sjikta umedvite driv med sitt i sine
tilgangskontrollerte område.
Raila Odinga er
ingen engel og ingen revolusjonær. Men han vann valet, og grunnen til det var
at han gjekk mot den nyliberale korrupsjonen til Kibaki. Odinga spelar ei
begrensa rolle, litt som Al Gore i 2000, og han kan få like lite suksess.
Kibaki seier han vil halde nyval om rettsapparatet seier han må, men Odinga
seier han har rettsapparatet i lomma.
Så mykje for
stabile demokrati.
© Immanuel
Wallerstein.
Omsett av Gunnar
Danielsen.
«Sambandsstatane skaffa seg Kibaki som ein nøkkelalliert. Han vart
belønna med mykje pengar utanfrå»
[Copyright
by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and
permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and
contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission
is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided
the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact
author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries