Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

226, 01.02.2008

 

2008 blir året då den politiske pendelen svingar attende

 

Den nyliberale globaliseringsideologien har hatt suksess sidan tidleg på 1980-tallet. Det var ingen ny idé i det moderne verdssystemet, sjølv om han hevda seg vere det. Det var ein svært gammal idé; om at regjeringane i verda måtte vike til sides for store, effektive selskap i deira kamp for å vinne fram på verdsmarknaden. Den første konsekvensen for politikken var at regjeringane, alle regjeringane, skulle tillate desse selskapa fritt å krysse alle grenser med varer og kapital. Den andre konsekvensen var at regjeringane, alle regjeringane, skulle gi avkall på alt eigarskap sjølv i slike produktive selskap, og privatisere det dei måtte eige. Og den tredje konsekvensen var at regjeringane, alle regjeringane, skulle minimere, for ikkje seie eliminere alle slags sosiale velferdsordningar for befolkninga.

Denne gamle ideen har vore på moten i bølgjer gjennom historia.

På 1980-tallet vart desse ideane sett opp mot dei like gamle keynesianske og/eller sosialistiske ideane som hadde rådd grunnen i dei fleste landa i verda: at det måtte vere ein blandingsøkonomi (staten pluss privat næringsliv); at regjeringane skulle verne borgarane sine mot herjingane til utanlandsleigde kvasi-monopolistiske selskap; og at regjeringane skulle prøve å gi alle like sjansar i livet (særleg utdanning, helse og garantiar for inntekt heile livet) ved å overføre fordelar til dei dårlegare stilte borgarane, noko som sjølvsagt kravde skattlegging av betrestilte borgarar og av næringslivet.

Nyliberalismen fekk fordel av fallet i profitten, som starta over heile verda etter ein lang periode med eineståande vekst i åra etter 1945 fram til byrjinga av 1970-åra. Veksten hadde gitt keynesianismen og/eller sosialistiske idear leiarskap i politikken. Stagnasjonen i profitten skapte problem med betalingsbalansen for svært mange regjeringar over heile verda, særleg i sør og i den såkalla sosialistiske blokka. Den nyliberale motoffensiven blei leia av dei høgreorienterte regjeringane i Sambandsstatane og Storbritannia (Reagan og Thatcher) pluss dei to viktigaste internasjonale finansinstitusjonane - Det internasjonale pengefondet (IMF) og Verdsbanken; dei skapte og pressa i fellesskap gjennom det som kom til å bli kalla Washington-konsensusen.

Slagordet til denne globale felles politikken var utforma av Mrs. Thatcher: TINA, eller There Is No Alternative (Det finst ikkje alternativ). Slagordet skulle overtyde alle regjeringane om at dei måtte rette seg etter dei politiske tilrådingane, elles ville dei bli straffa med låg vekst, og bli nekta internasjonal hjelp same kva problem dei måtte møte.

Washington-konsensusen lova fornya vekst til alle og ein veg ut av profittstagnasjonen. Politisk hadde tilhengarane av nyliberalismen stor suksess. Regjering etter regjering - i sør, i den sosialistiske blokka, og i sterke vestlege land - privatiserte industri, opna grensene for handel og finanstransaksjonar, og kutta i velferdsordningane. Sosialistiske idear, jamvel keynesianske idear blei stort sett diskreditert i opinionen og avvist av den politiske eliten. Den mest dramatiske synlege konsekvensen var fallet til kommunistregima i aust-sentral-Europa og det tidlegare Sovjetunionen, pluss innføringa av ein marknadsvennleg politikk i det framleis i namnet sosialistiske Kina.

Det einaste problemet med den store politiske suksessen var at han ikkje vart følgt av økonomisk suksess. Stagnasjonen i profitten i industriselskapa heldt fram verda over. Veksten på børsane var ikkje basert på profitt frå produktiv verksemd, men i hovudsak på spekulative finansielle manipulasjonar. Inntektsfordelinga på verdsbasis og innanfor nasjonsgrensene heldt fram med å vere svært skeiv - med massiv auke i inntekta til dei ti prosentane som låg på toppen, og særleg den øvste prosenten på toppen i verda, men nedgang i realinntekta til store delar av resten av befolkninga.

Midt på 1990-tallet byrja illusjonane om den herlege uhemma «marknaden» bli svekka. Det kunne sjåast i mange utviklingstrekk: meir velferdsorienterte regjeringar kom til makta igjen i mange land; krav om proteksjonistiske tiltak frå regjeringane dukka opp igjen, særleg frå arbeidarrørsla og organisasjonane til landarbeidarane; i framveksten av den alternative globaliseringsrørsla verda over, som hadde slagordet «ei anna verd er mogleg».

Dei politiske motkreftene voks sakte, men stødig. Imens hadde tilhengarane av den nyliberale globaliseringa ikkje bare heldt ut, men auka presset med regimet til George W. Bush. Regjeringa til Bush sette på ein gong i verk tiltak for større skille i inntekt (gjennom svært store skatteletter for dei betrestilte) og ein utanrikspolitikk bygd på einsidig macho-militarisme (invasjonen i Irak). Det vart finansiert gjennom ein fantastisk lånevekst (gjeld) via sal av statlege gjeldsbrev til dei som kontrollerte verdas energikjelder og produksjonsutstyr i lågkostland.

Det såg fint ut på papiret, om alt ein las var børstalla. Men det var ei superkredittboble som måtte sprekke, og no sprekk ho. Invasjonen i Irak (pluss Afghanistan pluss Pakistan) viser seg som ein stor fiasko militært og politisk. USA er diskreditert som stabil økonomi, med eit fundamentalt fall i dollarkursen som resultat. Og børsane i verda skjelv framfor stikket i bobla.

Så kva er dei politiske konklusjonane trekt av regjeringar og folk? Det ser ut til å vere fire på gang. Den første er slutten på at dollaren er reservevalutaen i verda, noko som gjør det uråd å halde fram politikken med supergjeld for både regjeringa og forbrukarane i USA. Den andre er tilbakevending til ein større grad av proteksjonisme, både i nord og i sør. Den tredje er tilbakevending til statlege oppkjøp av vaklande selskap og iverksetting av keynesianiske tiltak. Den siste er ein meir velferdsorientert fordelingspolitikk.

Den politiske pendelen svingar attende. Om ti år vil nyliberal globalisering bli omtalt som ein syklisk bølgje i historia til den kapitalistiske verdsøkonomien. Det verkelege spørsmålet er ikkje om denne fasen er over eller ikkje, men om det er råd å komme tilbake dit ein var, med relativ balanse i verdssystemet. Eller er det gjort for mykje skade? Og står me no framfor meir valdeleg kaos i verdsøkonomien og derfor i verdssystemet som eit heile?

Immanuel Wallerstein er seniorforskar i sosiologi ved Yale University

© Immanuel Wallerstein.

Omsett av Gunnar Danielsen.

 

 

Immanuel Wallerstein

[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage