Fernand Braudel Center, Binghamton University
http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
Kommentar 228, 1. mars 2008
Kva
Det er no svært sannsynleg, om det ikkje er heilt avgjort enno, at Barack Obama blir presidentkandidat for Demokratane. Og det er svært sannsynleg at han vil vinne kampen med John McCain. Det ser au mest sikkert ut at den demokratiske majoriteten vil vekse både i Senatet og Representanthuset. Slik ser det ut til at Obama vil starte jobben med eit relativt sterkt mandat frå veljarane.
Om ein spør korleis Obama - som kom med i kampen for om lag seks månader sidan som ein ung og usannsynleg vinnar - har vore i stand til å oppnå det, ser svaret klart ut. Han har understreka temaet "forandring" og det ser ut til å ha funne gjenklang hos veljarane, medrekna mange som ikkje har røysta før. Sjølvsagt er forandring eit tvitydig omgrep, og dei som likar det legg ulikt innhald i ordet. Men det ser ut til at "forandring" gir svar til dei mange i Sambandsstatane som er svært uroa over den noverande stoda i landet og i verda. Dei to områda der uroa er størst er krigen i Irak og stoda i økonomien.
Det ser ut til at eit fleirtall av veljarane meiner krigen i Irak er ei hengemyr, og at det var eit mistak å invadere landet. Når det gjeld økonomien, ser det ut til at veljarane seier at den faktiske levestandarden deira har gått ned og at dei er svært redde for at han vil halde fram med det. Så grunnleggande avviser dei hovudargumentasjonen frå Bush-regimet, og legg i stor grad skulda på han for uroa si. Kva for spesifikke forandringar veljarane ønsker seg er mindre klart, men dei ønsker noko.
Obama appellerer til veljarane utanom det at folk vil ha forandring. Det er eit spørsmål om stil. Han seier seg villig til å snakke med alle - med sannsynleg uvennlege krefter internasjonalt, med sannsynleg allierte internasjonalt, og med folk av alle politiske avskyggingar internasjonalt. Det står i kontrast til stadige fråsegner frå Bush om alle dei gruppene Sambandsstatane aldri må "forhandle" med.
Obama appellerer til stil på eit område til. Han seier, om att og om att:
"Ja, me
Så no som Obama ser ut til
å vere nær å bli president, byrjar det bli mykje diskusjon i avisene, på
internett, og i den offentlege debatten om kva for forandringar Obama faktisk
har tenkt seg sette i verk. For meg ser det ut til å vere feil spørsmål.
Det verkelege spørsmålet er kva slag forandringar Obama
Obama har ei historie som
liberal demokrat som var mot Irakkrigen, og heile tida med eit handlingsmønster
til venstre for sentrum, enkelte gonger energisk, enkelte gonger svært forsiktig.
Han ønsker sikkert å innføre ein ny stil i Det Kvite Huset. Kor radikalt
annleis politikk han vil innføre er langt frå så klart. Men jamvel om ein går
ut frå at han er meir radikal enn ein
I utanrikspolitikken er det mest brennande og tyngande spørsmålet Midtausten
- ikkje bare vis-à-vis Irak, men au med omsyn til
Anti-amerikansk
nasjonalisme veks jamt og trutt til enorm styrke i Irak. Taliban kryp
tilbake til faktisk makt i
Om virvelvinden øydelegg
Sambandsstatane sin politikk i regionen, jamvel om USA trekk styrkane ut av
Irak, vil det føre til at Vest-Europa, Russland, Kina og Latin-Amerika faktisk
vil komme nærmare USA, sjølv om dei vil sette pris på ein vennlegare og meir
intelligent stil frå Obama? Dei underliggande geopolitiske trendane er
mot Sambandsstatane. Obama
Det er ikkje mykje
annleis om me ser på stoda i økonomien i Sambandsstatane. Demokratane
vil utan tvil føre ein annan skattepolitikk, ein annan helsepolitikk, ein annan
miljøpolitikk. Og kanskje dei fattigaste åtti prosenta av befolkninga vil få
det betre. Men industrijobbane kjem ikkje tilbake, sjølv om Sambandsstatane
torpederer dei nyliberale handelsavtalane sine. På det området er det au ein
virvelvind, som kanskje er kraftigare enn den geopolitiske virvelvinden i
Midtausten, og Sambandsstatane
Det betyr at det er ein
arena att der Obama har litt spelerom, den eg lauseleg kalla den kulturelle
arenaen. Valkampen hans har mobilisert ei folkeleg kraft som veks i både
styrke og autonomi. Det er når folk seier "Ja, me
Det er svært vanskeleg å
seie nøyaktig kor denne krafta vil presse Obama. Men verknaden
Forandring er verkeleg
mauleg, og potensielt svært positiv forandring. Alt avheng langt mindre
av Obama enn av alle oss andre. Men Obama
Immanuel Wallerstein
[Copyright by Immanuel Wallerstein,
distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations
and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com,
1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward
electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the
copyright note is displayed. To contact author, write:
immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries