http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
230, 15.04.2008
Wall Street er bygd på pengebegjær
Det er ikkje eg som seier at Wall Street er bygd på pengebegjær, men Stephen Raphael. Og kven er Stephen Raphael? Han er tidlegare medlem av styret i Bear Sterns, Wall Street-banken som kollapsa sist månad. Og kor sa Raphael dette? I eit intervju med Wall Street Journal, som meir eller mindre er husorganet til Wall Street. Og kva var poenget til Raphael? Det var å forklare (eller var det å unnskylde?) kollapsen til selskapet. «Det kunne hendt kva selskap som helst,» sa han.
Ja, det kunne det sanneleg. Og det gjorde det. Mens det skjedde spelte styreleiaren i selskapet, Jimmy Caynes, på nonsjalant vis i ei bridgeturnering. Ikkje altfor lurt av ein grådig bankmann. Resultatet var at han mista stordelen av den personlege formuen sin, og eit anna grådig selskap, JPMorgan Chase, kom som ein blodsugar og utførte drapet. Å ja, tilfeldigvis så er rundt 14.000 tilsette i Bear Sterns utan arbeid, eller vil snart bli det.
Er kapitalismen då ikkje anna enn pengebegjær? Jau, det er sjølvsagt meir enn det, men pengebegjær speler ei svært stor rolle. Og per definisjon er det slik at pengebegjæret hos nokon går ut over andre. Så enkelte selskap går konkurs desse dagane - på Wall Street og andre stader i verda - og andre gjør det ikkje. Sambandsstatane som stat går konkurs og andre gjør det ikkje. Sambandsstatane kallar det ikkje det, men det er sanninga.
Er det alltid slik? Nei, ikkje alltid. Bare halvparten av tida. La oss sjå
på korleis Wall Street og Sambandsstatane kom opp i ein slik katastrofal
situasjon. Det starta så bra - for Wall Street og USA i 1945. Krigen var over.
Krigen var vunne. Og Sambandsstatane var den einaste industrinasjonen som hadde
fabrikkane sine intakte, urørte av krigsøydeleggingane. Det var øydelagde byar
overalt andre stader, og faktisk svolt i Europa og
Alt låg til rette for at Sambandsstatane skulle gjøre det godt, og dei gjorde det godt, svært godt. Dei kunne konkurrere ut verda produksjonsmessig, og hente ut vinsten. Sambandsstatane gjorde ein avtale med Sovjetunionen - det me kallar Jalta-avtalen - slik at Sambandsstatane ikkje skulle bli skadd av atomkrigar. Og heime gjorde dei store fabrikantane ein avtale med dei store fagforeiningane for å unngå destruktive streikar som ville hindre den lønnsame produksjonen. Rosenraude tider låg framfor, og levestandarden gjekk dramatisk opp. Åra etter krigen viste seg vere ganske rosenraude tider for mesteparten av verda. I historia til den kapitalistiske verdsøkonomien er det tida då produksjonsveksten, profitten, befolkninga, og den allmenne velferden auka mest. Franskmennene kalla det «tretti strålande år».
Må alle gode ting ta slutt? Vel, periodisk, i dei 500 åra til det moderne verdssystemet, er eg redd det alltid har vore sant. Når alle byrjar tene på den økonomiske ekspansjonen, må profittraten gå ned. Profitten frå produksjon avheng av relativ monopolisering i dei leiande industriane. Men om for mange land har stål- eller bilfabrikkar (dei leiande industriane i perioden), blir det for mykje konkurranse. Og trass i alle latterlege slagord er ikkje konkurranse bra for kapitalistar. Det reduserer profitten.
Og når profitten blir ramma for hardt, går verdssystemet inn i ein av sine periodiske stagnasjonsperiodar. Det skjedde rundt 1970. Og om de ikkje har lagt merke til det, så har det ikkje vore rosenraudt etter det, igjen trass i alle latterlege slagord. Kva skjer i ein periode med verdsfemnande økonomisk stagnasjon? Fabrikkane byrjar flytte ut frå tidlegare område (som Sambandsstatane, men òg Tyskland, Frankrike, Storbritannia, og Japan) til andre land (som Sør-Korea, India, Brasil og Taiwan) for å få lågare produksjonskostnader. Det viser seg bra for dei nye produksjonsområda for stål og bilar, men det betyr oppseiingar i dei tidlegare produksjonsområda.
Men fabrikkar som stikk av er ikkje heile historia. Kva gjør dei store kapitalistane om dei ønskjer tene pengar i tider med lågare profitt frå produksjon? Dei byrjar flytte pengane sine frå produktive selskap til finansselskap. Det betyr at dei byrjar spekulere. Og i spekulasjonstider kjenner pengebegjæret ingen grenser. Me får søppelaksjar og oppkjøp og rotne bustadlån og hedgefond og alle desse underlege tinga med underlege namn. Til og med Robert Rubin, ein av dei verkeleg store i finansverda, innrømde nyleg at han ikkje veit kva ei «liquidity put» er.
Den underliggjande historia - frå 1970 - har vore gjeld, større og større gjeld. Selskap låner, privatpersonar låner, statar låner. Alle bruker meir enn dei faktisk tener. Om du er i posisjon til å låne (det blir kalla å vere kredittverdig), då kan du leve på stor fot, som dei seier. Men gjeld har ei lita ulempe. På eit eller anna tidspunkt blir det venta at du skal betale gjelda tilbake. Om du ikkje gjør det, blir det «gjeldskrise» eller «konkurs» eller - om du er eit land med valuta - ein dramatisk nedgang i kursen.
Det er det me kallar ei boble. Og om du bles opp ein ballong nok, same kor gildt det måtte vere, så vil ballongen sprekke på eit eller anna punkt. Den sprekk no. Og alle er redde, som dei har god grunn til å vere. Når bobla verkeleg sprekk, gjør det verkeleg vondt. Poenget er at det vanlegvis gjør meir vondt for enkelte enn for andre, jamvel om det gjør vondt for alle.
I augneblinken ser det ut til å bli mest smertefullt for Sambandsstatane - som land, og for kapitalistane der, og framfor for vanlege borgarar. Det viser seg at Sambandsstatane har brukt ikkje milliardar, men billionar av dollar på krigar i Midtausten som dei har tapt. Og det viser seg at jamvel det rikaste landet i verda ikkje har billionar av dollar på kistebotnen. Derfor har dei lånt dei. Og det viser seg at dei ikkje er like kredittverdige i 2008 som dei var i 1945. Det viser seg at kreditorane i dag er motvillige til å kaste gode pengar etter dårlege. Det ser ut til at Sambandsstatane kan gå konkurs, som Bear Sterns.
Vil USA bli kjøpt opp av Kina eller Qatar eller av Norge, eller av alle dei i fellesskap, til to dollar eller til og med ti dollar per aksje? Kva vil skje med dei svært dyre leikene Sambandsstatane stadig kjøper, som militærbasar i hundre land, og desse flya og skipa og superdupre skytevåpna som landet heile tida bestiller for å erstatte leikene frå i går? Kven skal gi folka i matkøane mat?
Kom attende om ti års tid og fortel meg det.
© Immanuel Wallerstein.
Omsett av Gunnar Danielsen.
[Copyright
by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and
permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and
contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission
is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided
the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact
author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries