http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
231, April 15, 2008
Er Frankrike tilbake i Nato?
Nicolas Sarkozy har gått langt for å høyrest pro-amerikansk ut. Han var på spesialbesøk i Kennebunkport i 2007 for å koseprate med George W. Bush. Ettersom ingen av dei snakka språket til den andre, måtte dei ha tolkar. Så kanskje eg kan få prøve meg på å tolke kva som har gått føre seg.
For amerikanarane lyder språket Sarkozy brukar mykje betre for øyra deira enn språket til nokon av forgjengarane hans, på svært lang tid. Ja, det er no gamle pålitelege Tyskland med konservativ kanslar som ser ut til å bekymre regjeringa i Sambandsstatane langt meir enn gamle upålitelege anti-amerikanske Frankrike. Og ja, Sarkozy ser ut til å bruke same retorikken som Bush om Iran, Afghanistan og Israel (men enno ikkje om Irak).
Men legg merke til nokre få reservasjonar som har snike seg inn. Frankrike sender 800 nye soldatar til Afghanistan, men bare til den austlege regionen. Det frigjør amerikanske soldatar som kan bli sendt heilt i sør, som verkeleg er ein farleg region. Kanadiarane har insistert på å få forsterkningar i sør, der dei har vore så godt som aleine, elles ville dei trekke seg heilt ut. Tyskarane, britane og nederlendarane har alle avvist å sende styrkar til den sørlege delen. Forsvarsminister Robert Gates i Sambandsstatane fordømte dei for det. No har Frankrike vore så vennlege å gjøre det råd for amerikanarane å fylle den oppgava dei har bede andre om å gjøre. Quelle générosité d'esprit!
Og ja, på Nato-møtet røysta Frankrike for framlegget frå Sambandsstatane om å sette opp rakettinstallasjonar i Polen og Tsjekkia. Men Frankrike slutta seg høglytt til Tyskland (og Storbritannia, Benelux-landa, Spania og Italia) - og gjekk mot - å behandle søknaden frå Georgia og Ukraina om Nato-medlemskap fordi det ville vere provoserande for Russland. Slik lot Frankrike George W. Bush få prøve lykka ved å løyse spørsmålet direkte med Vladimir Putin. Quelle générosité d'esprit!
Og Frankrike sa dei «fullt og heilt» ville bli deltakar i Nato, fordi - eller var det på vilkår av - at Sambandsstatane no stør ein felles europeisk forsvarsstyrke, som dei var trygge på ville vere knytt til Nato på eit eller anna vis. Når ein veit at Sambandsstatane har kjempa med nebb og klør mot tanken om ein felles europeisk hær dei siste tjue åra, er det ikkje kva for vilkår som helst. Det er sant at president Bush verbalt støtta tanken på det siste Nato-møtet i Bucuresti. Men som Le Monde åtvara i leiaren sin 4. april om «Frankrike og Nato», så var talen til Bush berre ein tale. «Før ein går attende på 1966-vedtaket [om å trekke Frankrike ut av felleskommandoen i Nato], må herr Sarkozy få verkelege garantiar frå amerikanarane, ikkje bare ein tale.» Uansett sa Sarkozy i talen sin i Bucuresti at ein europeisk forsvarsstyrke både var hans «ambisjon» og «prioritet». Så det er klart at spørsmålet enno ikkje er heilt avklart.
Då general de Gaulle trekte Frankrike ut av den felles kommandostrukturen i Nato 7. mars 1966, fullførte han ei viktig sak. Alle amerikanske troppar pluss Nato-hovudkvartera måtte forlate Frankrike. Vedtaket kom faktisk ikkje brått på. Frankrike hadde sakte trekt seg frå kommandostrukturen gjennom fleire år. Og då Frankrike sprengte dei kjernefysiske bombene sine, erklærte de Gaulle at dei skulle brukast til å forsvare Frankrike tous azimuts (i alle retningar), noko som ikkje akkurat var hyggeleg å høyre for Sambandsstatane. Men de Gaulle var nøye med seie at Frankrike framleis var ein del av Nato - bare ein suveren del av Nato, utan franske troppar under amerikansk kommando.
På same vis som uttrekkinga av Nato var ein gradvis prosess, så har re-integreringa vore det. Det var Jacques Chirac, ikkje Nicolas Sarkozy, som starta prosessen i 1995, då Frankrike igjen slutta seg til militærkomiteen i Nato. Og som me kan sjå, har ikkje Frankrike gått særleg lenger enn det. På same vis som Frankrike ikkje verkeleg gjekk ut av Nato, går dei no heller ikkje heilt inn.
Kva er då poenget med den høglytte framsyninga av politisk skifte? Le Monde starta leiaren sin med uttrykket «Symbol er viktige». De Gaulle kom med ei symbolsk viktig fråsegn - det om ein uavhengig fransk utanrikspolitikk. Kva vil Sarkozy symbolisere i dag? Det er ikkje, som Le Monde peika på, faktisk re-integrasjon, ettersom Frankrike for alle praktiske formål i hovudsak alt er re-integrert.
Det er to mulege svar på spørsmålet, På den eine sida har Sarkozy gjennomført ei generasjons-oppussing på den franske høgresida. På sin veg mot makta møtte han motstand frå alle dei gjenverande (og aldrande) gaullist-kadrane. Han prøver tydeleg reinske ut de Gaulle som er over alt i fransk politikk, og degradere han til museumsstatusen han nyleg fekk på det såkalla de Gaulle historial i militærmuseet Les Invalides i Paris. Det kan vere eit farleg spel for Sarkozy, ettersom symbolet de Gaulle kan halde fram med å sveve over den franske høgresida eit tiår til eller meir.
Det andre mulege svaret er at han prøver å føre vidare de Gaulles politikk i smug. Ein felles europeisk forsvarsstyrke er heilt klart i de Gaulles ånd. Når alt kjem til alt, kan ein kan uttrykke kva for forsikringar som helst om at styrken vil komplementere og aldri stå mot Nato. Men når han først er oppretta, kan europearane røyste for å oppløyse NATO, og stå att ikkje bare med Den europeiske unionen og euroen, men med ein sterk hær. Og ein kan tenke seg at den væpna styrken kan gjøre ein avtale med Russland.
I alle tilfelle er det alt for tidleg for dei nykonservative i Sambandsstatane å hovere over at dei har fått Frankrike tilbake i folden.
© Immanuel Wallerstein.
Omsett av Gunnar Danielsen.
[Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed
by Agence Global. For rights and permissions, including translations and
posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com,
1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward
electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the
copyright note is displayed. To contact author, write:
immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries