http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
233,
15.05.2008
Kva vil det seie at Latin-Amerika har gått til
venstre?
Om ein ser på vala i
Latin-Amerika, har partia til venstre for sentrum vunne dei i mange av landa
sidan 2000 - mest markante er Brasil, Uruguay, Argentina, Chile, Ecuador,
Venezuela, Nicaragua, og nyleg Paraguay. Det er sjølvsagt viktige skilnader på
situasjonen i desse landa. Nokre av regjeringane står ganske nær sentrum. Andre
snakkar eit meir revolusjonært språk. Og det er nokre få unntak - særleg
Colombia, Peru og Mexico (sjølv om den konservative regjeringa i Mexico vann
det siste valet med om lag like stor legitimitet som Bush vann vala i 2000 i
Sambandsstatane). Det verkelege spørsmålet er ikkje om Latin-Amerika har gått
til venstre, men kor langt til venstre dei har gått.
For meg ser det ut til å
vere fire ulike typar prov ein kan legge fram for å dokumentere at Latin-Amerika
har bevega seg til venstre. Det første er at alle desse regjeringane på eit
eller anna vis har freista distansere seg frå Sambandsstatane, i større eller
mindre grad. Bush-administrasjonen ville i alle desse tilfella ønska at
valmotstandarane hadde vunne. Når uvennlege regjeringar kom til makta
tidlegare, arbeidde Sambandsstatane for å få bytta dei ut, å styrte dei
faktisk. Men nedgangen i USAs makt i verdssystemet, og spesielt det at dei har
vore så opptatt med krigane dei har tapt i Midtausten, ser ut til å ha
underminert den politiske energien som før fekk dei til å vise handlekraft i
Latin-Amerika. Det mislykka kuppet mot Chávez i 2002 er godt bevis på det.
Korleis har desse
regjeringane distansert seg frå Sambandsstatane? Det er gjort på mange måtar. I
2003 var Sambandsstatane ute av stand til å overtyde dei to latinamerikanske
medlemmene i Tryggingsrådet i FN den gongen (Chile og Mexico) om å støtte
resolusjonen dei ønska for å legitimere USAs invasjon i Irak. Ved det siste
valet på generalsekretær i Organisasjonen av amerikanske statar (OAS) tapte den
USA-støtta kandidaten, noko som aldri hadde hendt før i historia til OAS. Og då
Colombia - den einaste sikre vennen Sambandsstatane har i Latin-Amerika i dag -
kom i alvorleg krangel med Venezuela og Ecuador i år, tok dei andre
latinamerikanske landa i praksis parti for Ecuador og Venezuela. Ecuador avslår
no å fornye den militære basen Sambandsstatane har der.
Den andre typen prov på
venstretendens har vore den brå veksten i politisk tyngde og makt til rørslene
til urfolk over heile Latin-Amerika - mest markant i Mexico, Ecuador, Bolivia
og Sentral-Amerika. Urfolka i Latin-Amerika har lenge vore den mest undertrykte
delen av befolkninga, og har for det meste vore halde utanfor dei politiske strukturane.
Men i dag har me ein president frå urfolk i Bolivia, noko som er ein veritabel
sosial revolusjon. Styrken desse rørslene har både i Andesområdet og i
maya-området i Sentral-Amerika har blitt ein hovudfaktor i det politiske livet
her, og ein varig faktor.
Den tredje typen prov er
at frigjøringsteologien har overlevd, og vakse. Vatikanet tok tiltak for å
undertrykke desse rørslene under alle dei tre siste pavane, med minst same
kraft som Sambandsstatane brukte mot venstre-regjeringane på 1950- og 60-tallet.
Teologar vart tystna og symaptiserande biskopar erstatta med tydeleg
ikkje-sympatiserande. Likevel held katolske rørsler inspirert av
frigjøringsteologien fram med å blomstre i Brasil. Presidentane i Ecuador og
Paraguay kjem frå ein slik tradisjon. Og inntrenginga til protestantiske
evangeliske grupper i Latin-Amerika kan føre til at Vatikanet kan bli meir
tolerante mot frigjøringsteologane, som i det minste er katolikkar, og som kan
bidra til å demme opp for tapet av truande frå kjerka.
Sist: Brasil har gjort
eit rimeleg vellykka arbeid for å bli leiar i ei regional Sør-Amerika-blokk.
Det kan i seg sjølv ikkje sjåast som eit steg til venstre. Men sett saman med
multipolariseringa som går føre seg over heile verda, svekkar opprettinga av
slike regionale sonar makta ikkje bare til Sambandsstatane, men til heile nord
sett i ein nord-sør-samanheng. Brasils leiarskap for dei såkalla G-20-landa er
ein hovudårsak til at WTO har mist evna til å sette ein nyliberal dagsorden ut
i livet.
Så kva blir summen av alt?
Ganske visst ikkje ein «revolusjon» i den tradisjonelle betydninga av ordet.
Det betyr at medianpunktet i latinamerikansk politikk, plasseringa av
«sentrum», er flytta betydeleg til venstre for der det var for berre eit tiår
sidan. Det må settast i samanheng med ei verdsomspennande rørsle. Skiftet til
venstre går au føre seg i Midtausten og Aust-Asia. Faktisk går det føre seg i
Sambandsstatane. Verknaden av tilbakeslaget i verdsøkonomien, som truleg snart
blir enno meir alvorleg, vil utan tvil forsterke tendensen.
Vil det ikkje komme
reaksjonar frå høgrekreftene? Utan tvil. I Latin-Amerika ser me i dag at dei
meir velståande og “kvitare” austlege regionane i Bolivia freistar skille seg
ut og komme seg bort frå urfolkmajoriteten som endeleg har fått makt i
sentralregjeringa.
Me står framfor ustadige
tider politisk, i Latin-Amerika som andre stader. Men venstresida i
Latin-Amerika står i ein langt sterkare posisjon til å kjempe desse kampane i
dag enn dei har gjort på femti år.
Immanuel Wallerstein
[Copyright by Immanuel Wallerstein,
distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations
and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com,
1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward
electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the
copyright note is displayed. To contact author, write:
immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries