http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
235, June 15, 2008
Valet av Barack Obama vil
markere slutten på 80-tallets kontrarevolusjon.
Nytt håp
Barack Obama. Ikkje
bare vann han nominasjonen som presidentkandidat for demokratane. Med stort fl
eirtal I valmannskollegiet vil han gjøre reint bord og få betydeleg auka
demokratisk styrke i begge husa i Kongressen. Før me vurderer kor langt han vil
og kan gå – det vil seie kor stor endring det faktisk vil bety, må me sjå nøye
på valtriumfen hans. I den langdryge kampen med Hillary Clinton, viste både
målingar og resultat at begge stod sterkt i ulike veljargrupper. Obama stod
sterkare blant dei unge, dei med meir utdanning, sjølvsagt hos afroamerikanarane,
og dei mest venstreorienterte. Men han var tydeleg meir attraktiv for
uavhengige og for republikanarar som kan røyste demokratisk. Clinton stod
sterkast blant dei eldre, dei med mindre utdanning, hos kvinnene sjølvsagt, hos
latinos, og dei som star politisk i sentrum. Men det var superdelegatane som verkeleg
avgjorde valet. Og dei røysta på heilt anna grunnlag, overtydde om at han ville
vere den sterkaste kandidaten, som faktisk kunne vinne nokre tradisjonelt republikanske
område. Og om han ikkje kunne få fl eirtal i desse statane, kunne han hjelpe
demokratiske kongresskandidatar vinne. Det er slåande korleis han fekk sterk
støtte frå superdelegatar nettopp i desse statane, mange av dei var sentrums-
og slett ikkje venstreorienterte. Med eit lokalt forankra utgangspunkt, fortel
desse superdelegatane noko om politiske realitetar i 2008.
Eg har nettopp analysert og
samanlikna McCains tall i dei siste målingane og dei faktiske talla til Bush I 2004.
I 45 av dei 50 statane står McCain svakare, ofte mykje svakare enn Bush gjorde.
I dei andre 5 står han om lag likt. Om Bush vann ein stat med stor margin, vil
McCain sjølvsagt vinne, men med mindre margin. Men i dei statane der det var
jamnt i 2004, er valvinden i Obamas favør. McCain er på sitt sterkaste no. Det demokratiske
partiet samlar seg igjen og er svoltne på siger. Obama vil tape lite av dei
tradisjonelle røystene blant kvinnene og jødane. Han vil auke prosentdelen frå
latinos, og få fram svært mange unge og afroamerikanarar som elles ikkje ville
røysta. Han vil få ein betydeleg del
røyster frå uavhengige og republikanarar som er frustrerte over Bush. Dei som
vil røyste mot Obama fordi han er afroamerikanar ville mest alle uansett røysta
republikansk. Det spørsmålet er alt avgjort. Republikanarane på andre sida er djupt
splitta og ganske bitre. Det kristne høgre stolar framleis ikkje på McCain, og strittar
mot. Og me gløymer for lett at liberalarane har hoppa av. Ron Paul planlegg
kamp på konventet. Den vil han sjølvsagt tape, og tilhengarane er alt misnøgde.
Med Bob Barr som kandidat for Libertarian Party, vil han få mange av røystene
til Paul. Barr kan bli for McCain det Nader var for Gore i 2000 – akkurat sterk
nok til at McCain mistar nokre få statar. Generelt vil McCain miste mykje støtte
han reknar med blant såkalla Reagan-demokratar pga. den økonomiske politikken
sin. Detaljert analyse stat for stat syner at den einaste staten demokratane
vann I 2004 der McCain kan tevle i dag er Michigan. Statane Bush vann i 2004
der Obama kan tevle er mange – Ohio, Indiana, Iowa, Missouri, New Mexico, Colorado,
Virginia, og kanskje Nevada, North Carolina, og Montana. Han gjør det jamvel så
godt i Mississippi at republikanarane må satse tid og pengar på valkampen der. Vinn
Obama alle vippestatane unntatt Michigan, har han 310-333 valmannsrøyster. Han
treng 270. Biletet er enno betre i senatvala, der demokratane kan vinne i
statar der Obama ikkje kan – td. Kentucky, der den republikanske
minoritetsleiaren I Senatet er i alvorleg trøbbel i ein svært republikansk
stat.
Kva betyr det? Obama planlegg ingen
revolusjonære vendingar i politikken til USA. Han er omgitt av mange
konvensjonelle demokratiske politikarar og rådgivarar. Men han blir feid inn I presidentembetet
på ei entusiastisk endringsbølge som USA ikkje har sett sidan valet av Kennedy.
Sant nok er det svært lite han kan gjøre i verdspolitikken, trass i at heile
verda vil heie på han. Det geopolitiske anarkiet er langt utanfor kontrollen
til presidenten i USA i dag. Men han vil bli pressa til å gjøre viktige
endringar i USA. Sjølvsagt er valet av ein afroamerikanar ei markant kulturell
endring, og må få stor effekt. Veljarane vil vente at han set i verk eit tilnærma
New Deal – offentleg helsestell, endring av skattesystemet,
sysselsettingstiltak, redde pensjonane. Kor mykje han kan gjøre avheng dels av
tilbakeslaget i økonomien globalt, som i hovudsak er utanfor hans kontroll, men
kraftfullt leiarskap kan opp til eit punkt likevel bety mykje. Eksempler
Roosevelt syner det. Det viktigaste ukjende punktet er kor langt han vil gå for
å løyse opp kvasipolitistatstrukturen som Bush-regimet har oppretta under dekke
av krigen mot terror. Det betyr langt meir enn å peike ut betre dommarar:
radikal omlegging av både lovgiving og utøvande politikk; å utsette
ultra-hemmelege reglar og praksis for dagslys. Mykje kan gjørast, som me veit
frå det som vart gjort i 70-åra; få kontroll på CIA og FBI. Men stoda er verre no
og krev meir. Historia kan komme til å dømme Obama framfor alt ut frå kva han gjør
på området her. Til no har han vore ganske taus om desse spørsmåla. Obama har
vunne stort. Valet av han vil markere – ikkje vere årsak til – slutten på
80-tallets kontrarevolusjon frå høgresida verda over. Han har tent håpet på nytt,
og skapt rom for ei meir progressive verd. Men det rommet er strukturelt avgrensa
av eit stadig meir anarkistisk verdssystem. Det grunnleggjande spørsmålet er
ikkje om han vil omforme verda og/eller sette USA i førarsetet att I verda –
ingen av delane vil skje – men om han vil gjøre så mykje som råd for at me alle
kan ha framgang. Sjølv om det er mindre enn verda ønskar han kunne.
Immanuel
Wallerstein,
© Immanuel
Wallerstein.
Omsett av Gunnar Danielsen.
[Copyright
by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and
permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and
contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission
is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided
the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact
author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries