Fernand Braudel Center, Binghamton University

http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm

 

236, July 1, 2008

USA og Israel har ikkje lenger midler til å tvinge gjennom vilja si.

Mot meir diplomati?

 

President George W. Bush og den nykonservative klikken gjorde eit poeng ut av at dei ar toffee mot regime dei ikkje likte, utan noko såpemjukt diplomati. I årstalen sin i 2002 fordømde Bush «vondskapens akse» – med Irak, Iran, Nord-Korea – og antyda at USA ville ta tiltak for å velte regima, og ikkje forhandle med dei. Kort etter suspenderte Bush

rammeavtalen frå 1994 som Clinton hadde laga med Nord-Korea, med den følgje at  Nord-Korea starta opp att kjernereaktoren sin og gjorde slutt på samarbeidet med IAEA. Etter det nekta USA tosidige samtalar med Nord-Korea, og insisterte på såkalla sekspartssamtalar (USA, Nord-Korea, Sør-Korea, Kina, Japan og Russland) som einaste

kontakt.

 

I 2006 kunngjorde Nord-Korea ei kjernefysisk sprenging. Straks etter starta USA tosidige samtalar med Nord-Korea, som dei tidlegare hadde avvist. I juni 2008 vart dei første resultata av forhandlingane kunngjorte. Nord-Korea øydela eit kjernefysisk tårn og USA fjerna Nord-Korea frå sanksjonslista til «Trading-with-the-enemy»-lova, og sendte mathjelp. USA såg det som «gradvise framsteg». Nykonservative utanfor regjeringskrinsane i USA fordømde at USA gjekk tilbake til diplomati og gradvis utvikling. Som John Bolton sa: «ein svært trist dag» der USA vart «slått I støvlane». Vurderinga er at visepresident Cheney har tapt den interne kampen med dei forhandlingsvillige, som utanriksminister Rice og forsvarsminister Gates. Tilhengarane deira I administrasjonen hylla det som ein «diplomatisk suksess». Andre peika på at om USA ikkje hadde sett til sides rammeavtalen, ville Nord-Korea kanskje ikkje kunna prøvesprengje. Derfor, sa dei, hadde ikkje-forhandlingar fremma, ikkje hindra Nord-Korea i å bli ei kjernefysisk makt.

 

Kva hadde endra seg mellom 2002 og 2006, slik at USA gjekk frå den «tøffe linja» til den «diplomatiske » tilnærminga? Det er lett å sjå. Krigen i Irak var ein fi asko, som (saman med Afghanistan) bandt heile militærmakta til USA. Då Nord-Korea prøvesprengte bomba si, gjorde militæret i USA det klart for Bush at dei på ingen måte kunne handtere Nord-Korea militært I tillegg. Når så Nord-Korea først hadde bomba, var diplomati einaste reelle val. Bush svelga hardt, men kva anna kunne han gjere? Vil diplomatiet fungere, slik at Nord-Korea kvittar seg med alle kjernefysiske våpen? Kanskje ikkje. Men kva anna kan USA gjere?

 

Sjå så på Israel. Dei har alltid valt den tøffe linja framfor diplomati. Først ville dei ikkje vedgå at det fanst palestinarar dei kunne forhandle med. Så ville dei ikkje snakke med Yassir Arafat og PLO før dei «godkjente» Israel og oppgav all vald. Når så den første

intifadaen synte Israel at dei stod framfor eit alvorleg opprør blant palestinarane, gjekk dei med på den såkalla Oslo-avtalen, som oppretta ein svært avgrensa de facto-kontroll for palestinske styresmakter på delar av Gaza og Vestbreidda. Så etter den andre intifadaen boikotta dei Arafat igjen, og tok bare opp att periodiske forhandlingar med etterfølgjaren til Arafat, Mahmoud Abbas. I 2006 var det val i Palestina. Partiet til Abbas, Fatah, vart slått av Hamas, som offi sielt var mot godkjenning av Israel. Israel sette i verk den «tøffe» linja att. Dei ville ikkje på noko vis forhandle med Hamas-regjeringa før dei endra den grunnleggjande haldninga si. USA støtta Israel heile vegen.

 

I 2007 rakna Palestina. President Abbas sparka statsministeren frå Hamas. Hamas sa det var ulovleg. Nettoresultatet var at Hamas tok full kontroll over Gaza og at styrkane til Abbas meir eller mindre kontrollerte Vestbreidda. Det var no to regjeringar. Israel og USA godkjente bare regjeringa til Abbas og freista isolere Hamas og Gaza på alle måtar,  og oppretta striks tilgangskontroll av folk og varer inn og ut av Gaza. På verdsbasis insisterte Israel og USA på at alle andre skulle følgje boikotten av Hamas, nook EU og FN i hovudsak gjorde. Dei insisterte jamvel på at enkeltindivid skulle følgje boikotten. Ein av rådgivarane til Barack Obama avslørte at då han måtte mote Hamas, så lot Obama seg presse til å slutte samarbeidet med rådgivaren. No har Israel brått endra den tøffe linja til diplomati. Den 18. juni avtalte Hamas og Israel ei formell våpenkvile, der begge partar lova å innstille alle militæraksjonar mot den andre parten, og grenserestriksjonane skulle lettast. Regjeringa i USA støtta avtalen. Den israelske regjeringa gjekk inn for avtalen med bare fi re blanke stemmer. Sant nok fordømde haukane i Israel og det jødiske samfunnet i USA straks avtalen på same grunnlag som dei nykonservative hadde fordømd avtalen med Nord-Korea. Dei sa våpenkvila ikkje ville fungere fordi den ikkje ville vare. Kanskje. Og 29. juni følgde Israel opp med neste diplomatiske avtale med Hizbollah. Israel gjekk med på ei svært omstridd fangeutveksling. For to fanga israelske soldatar som no truleg er døde skal Israel sette fri ein sentral medlem av Hizbollah, ansvarleg for mord på israelarar.  

 

Korfor gjekk Israel frå tøff linje til diplomati? Utan tvil var vala i Israel ein grunn. Men den verkelege grunnen er at israelarane forstod at dei militært ikkje var i stand til å stanse palestinsk bombing av israelske byar. Alle drog konklusjonar av det. Abbas opna forhandlingar med Hamas att. Egypt pressa Israel og USA til å forhandle med Hamas. Sjølvsagt var Israel veikare diplomatisk enn dei ville vore to år tilbake, for ikkje snakke om I Arafats tid. Imens drog franskmennene konklusjonen at det no var trygt å krevje større konsesjonar av Israel. Vil politikarar I USA, i og utanfor regjeringa, vere like modige? Israel freista knuse Hizbollah militært og feila totalt. Det var ei pinleg  framsyning av grensene for kva den israelske militærmakta kan utrette. Tøff linje fungerer om du kan sette makt bak. Diplomati er noko som blir påtvunge den sterkaste av to sider i ein konfl ikt. USA i Nord-Korea og Israel i Gaza/Palestina og Libanon lærer det no – litt seint. Men betre seint enn aldri. Vil me andre få lov til å forsvare og ta del i same slag diplomatiske relasjonar som Bush-regimet og den israelske regjeringa no har gjort legitime?

 

Immanuel Wallerstein

© Immanuel Wallerstein.

Omsett av Gunnar Danielsen.

 [Copyright by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.

Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.

_____

Email this Commentary to a colleague

______________________________________________

Go to List of Commentaries

Go to Fernand Braudel Center Homepage