http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
239, 15.08.2008
Geopolitisk sjakk
Georgias president Mikhail Saakasjvili blei
desperat – og USA utmanøvrert.
Verda har
siste månaden vore vitne til ein minikrig i Kaukasus, med kjensleladd, men i
hovudsak irrelevant retorikk. Geopolitikk er ei rad med to-parts sjakk, der
spelarane freistar skaffe seg fordelaktige posisjonar. I desse spela, er det
viktig å kjenne reglane. Springarar kan ikkje flyttast diagonalt.
Frå 1945 til 1989 gjekk det viktigaste
sjakkspelet mellom USA og Sovjetunionen. Det vart kalla den kalde krigen, og
dei grunnleggande reglane vart metaforisk kalla «Jalta». Den viktigaste regelen
galdt ei linje som skilte Europa i to innflytelsesområde. Winston Churchill
kalla det «jernteppet», og ho gjekk frå Stettin til Trieste. Regelen var at
uansett kor mykje uro bøndene i Europa skapte, så skulle det ikkje føre til
krig mellom USA og Sovjetunionen. Når uroa var over, skulle brikkene flyttast
tilbake til start. Desse reglane vart nøye følgt heilt opp til kommunismen
kollapsa i 1989, markert med øydelegginga av muren i Berlin.
Jalta-reglane
vart avskaffa i 1989 og spelet mellom USA og (1991) Russland endra seg
radikalt. Hovudproblemet er at USA misforstod dei nye reglane. Dei erklærte seg
sjølv, og av mange andre, som den einaste supermakta. Omsett til sjakkterminologi
betydde det at USA kunne flytte som dei ville på sjakkbrettet, og spesielt at
dei kunne flytte tidlegare Sovjet-bønder inn under sin innflytelsessfære. Under
Clinton, og enno meir tydeleg under George W Bush, heldt USA fram dette spelet.
Det var bare eit problem: USA var ikkje den
einaste supermakta, dei var ikkje lenger ei supermakt i det heile tatt. Slutten
på den kalde krigen betydde at USA var degradert frå å vere ein av to
supermakter til å vere ein sterk stat blant mange statar i verda. Mange store
statar kunne no spele sitt eige sjakkspel utan å klarere trekka sine med ein av
dei to tidlegare supermaktene. Og dei byrja gjøre det.
To store
geopolitiske avgjerder kom i åra med Clinton. For det første pressa USA på med
meir eller mindre suksess for at tidlegare Sovjetsatelittar skulle bli
Nato-medlemmer. Desse landa ivra sjølv for å bli medlem, jamvel om dei viktige
vest-europeiske landa – Tyskland og Frankrike – var noko motvillige. Dei såg på
USAs linje som retta delvis mot at dei skulle avgrensast sitt ny-vunne
geopolitiske handlingsrom.
Den andre nøkkelbeslutninga til USA var å vere
aktiv grenseflyttar i den tidlegare føderale republikken Jugoslavia. Det
kulminerte i beslutninga om å godkjenne, og trygge med militære styrkar, ei de
facto utskilling av Kosovo frå Serbia.
Russland var jamvel under Jeltsin ganske
misfornøgde med framferda til USA. Men det politiske og økonomiske rotet i
Russland under Jeltsin var slik at dei i beste fall kunne klage, litt veikt må
ein legge til.
George W.
Bush og Vladimir Putin kom til makta meir eller mindre samtidig. Bush valte
kjøre fram som einaste supermakt langt sterkare enn Clinton. Først drog han seg
attende frå rakettavtalen mellom USA og Sovjet frå 1972. Så kunngjorde han at
USA ikkje ville ratifisere to nye avtalar underteikna under Clinton:
Prøvestansavtalen og endringane i den kjernefysiske avrustningsavtalen SALT II.
Så kunngjorde han at USA ville halde fram med sitt nasjonale
rakettforsvarssystem.
Og Bush invaderte sjølvsagt Irak i 2003. Som
ein del av det, søkte og fekk USA rett til basar og overflyging i
sentral-asiatiske republikkar som tidlegare var ein del av Sovjetunionen. I
tillegg fremma USA bygging av ei røyrleidning for olje og gass utanom Russland
frå Sentral-Asia og Kaukasus. Og sist, USA gjorde avtale med Polen og Tsjekkia
om å etablere rakettforsvarsanlegg, i namnet forsvar mot iranske rakettar.
Russland såg dei som retta mot seg.
Putin slo
meir resolutt tilbake enn Jeltsin. Som ein forstandig spelar styrka han først
heimebasen sin – gjenoppretta effektive sentrale styresmakter og fornya det
russiske militæret. På det tidspunktet hadde verdsøkonomien snudd, og Russland
vart brått ein rik og mektig kontrollør ikkje bare av oljeproduksjon, men au
naturgassen vest-europeiske land sårt trengte.
Så handla Putin. Han inngjekk avtalar med
Kina. Han heldt fram tett samband med Iran. Han byrja trenge USA ut av dei
sentralasiatiske basane sine. Han hadde eit fast standpunkt mot utvidinga av
Nato til to nye område – Ukraina og Georgia.
Oppløysninga
av Sovjetunionen hadde ført til etniske separatistrørsler i mange tidlegare
republikkar, medrekna Georgia. Då Georgia freista endre den autonome statusen
til dei ikkje-georgiske områda i 1990, erklærte desse seg straks som uavhengige
statar. Ingen godkjente dei, men Russland garanterte for de facto autonomi.
Dei umiddelbare årsakene til den noverande
minikrigen var to. I februar endra Kosovo sin de facto autonome stilling til
juridisk sjølvstende. Det trekket vart støtta og godkjent av USA og mange vesteuropeiske
land. Russland åtvara den gongen mot at logikken i det trekket samsvarte med
den faktiske stoda i dei tidlegare sovjetrepublikkane. I Georgia gjorde
Russland straks og for første gong framlegg om sjølvstende for Sør-Ossetia som
direkte svar på Kosovo.
I april i
år gjorde USA framlegg for Nato-møtet om at Georgia og Ukraina skulle bli tatt
inn i den såkalla medlemsplanen. Tyskland, Frankrike og Storbritannia sette seg
alle mot, fordi det ville provosere Russland.
Georgias nyliberale og sterkt pro-amerikanske
president, Mikhail Saakasjvili blei no desperat. Han såg for seg at georgisk
autoritet i Sør-Ossetia (og Abkhasia) var borte for alltid. Han nytta høvet då
Russland ikkje følgte med (Putin i OL, Medvedev på ferie) til å invadere
Sør-Ossetsa. Sjølvsagt kollapsa dei små sør-ossetiske styrkane totalt.
Saakasjvili trudde han skulle styra handa til USA (og Tyskland og Frankrike).
Istadenfor
fekk han på flekken eit russisk militært svar som overvelda dei georgiske
styrkane. Frå Bush fekk han retorikk. USA hadde sine styrkar var bunde opp i to
tapsprosjekt i Midtausten. Og viktigast av alt så hadde USA meir behov for
Russland enn omvendt. Den russiske utanriksministeren Sergei Lavrov påpeika i
kommentarspalta i Financial Times at Russland var «partnar med Vesten i [...]
Midtausten, Iran og Nord-Korea».
Russland
kontrollerer i hovudsak dei vest-europeiske gassforsyningane. Det var ikkje
tilfeldig at det var president Sarkozy i Frankrike og ikkje Condoleezza Rice
som forhandla våpenkvila mellom Georgia og Russland. Våpenkvila inneheldt to
viktige konsesjonar frå Georgia. Georgia forplikta seg til å avstå frå meir
maktbruk i Sør-Ossetia, og avtalen hadde ingen referansar til georgisk
territoriell integritet.
Slik sto
Russland fram langt sterkare enn før. Saakasjvili hadde satsa alt og var no
geopolitisk bankerott. Og som ein ironisk fotnote drar Georgia som ein av USAs
siste allierte ut sine 2000 soldatar frå Irak. Desse styrkane har spela ei
avgjørande rolle i sjiaområde, og må no erstattast av styrkar frå USA, som
igjen må hentast frå andre område.
Om ein spelar geopolitisk sjakk, må ein kjenne
reglane, viss ikkje blir ein utmanøvrert.
Immanuel
Wallerstein,
[Copyright
by Immanuel Wallerstein, distributed by Agence Global. For rights and
permissions, including translations and posting to non-commercial sites, and
contact: rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission
is granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided
the essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact
author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse kommentarene, publisert to ganger i måneden, er
ment å være refleksjoner rundt den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut
fra dagsaktuelle overskrifter men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go
to List of Commentaries