http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
240, 01.09.2008
Kan Nato overleve Georgia?
I alt mediehysteriet om
ny kald krig misser dei fleste analysane den verkelege krisa som kjem ut av
Saakasjvilis uforstandige utfart til Sør-Ossetia: Sjølve eksistensen til Nato
står på spel. For å forstå må me gå attende til starten på Nato, som
institusjon og ide.
Det byrja i 1947 då
Storbritannia og Frankrike underteikna Dunkirk-traktaten og forplikta seg til
gjensidig hjelp mot eventuell ny tysk militær aggresjon. I 1948 vart han til
Brussel-traktaten, med Nederland, Belgia og Luxembourg. Seinare same året skipa
dei fem den vestlege forsvarsunionen, med felles hovudkommando. Det er to ting
å merke seg. USA var ikkje med i unionen, og han var framleis primært retta mot
Tyskland, ikkje Sovjetunionen.
Grunnlegginga av Nato i
1949 kom etter Berlin-blokaden i 1948. For USA tente Nato fleire formål. Det
var ei melding til Sovjet om at USA forplikta seg til å stå på grensene den
gjeldande maktdelinga i Europa gav, som ein hadde sett truga av
Berlin-blokaden. Det var ein måte å få Frankrike og Storbritannia med på å
ruste opp Vest-Tyskland. Og det var ein måte å kontrollere dei allierte
militæroperasjonane på, ved å stanse gryande vest-europeiske militærstrukturar
og underordne troppane deira under USA.
Dei politiske leiarane og
folkefleirtalet i Vest-Europa såg Nato garantere at USA ville forsvare dei om
Sovjet skulle finne på å bruke vald for å omgjere Jalta-avtalen. Frankrike var
no budd på å godta ny opprusting av Vest-Tyskland som del av ei historisk
forsoning. Men Frankrike irriterte seg over det tredje punktet – franske
troppar under USA-kommando. Det leia til at Charles de Gaulle drog landet ut av
Nato-kommandoen i 1966 og at hovudkvarteret flytta frå Paris til Brussel.
På 1970-talet hadde ikkje
bare Vest-Europa slutta uroe seg over Tyskland, men au byrja tenke at Sovjet
ikkje lenger var eit overhengande invasjonstrugsmål. Ulike land og ikkje bare
Frankrike byrje tenke på korleis dei kunne få eit fredelegare, poststalinistisk
Sovjet med på meir intenst samarbeid med Vest-Europa. Det var særleg tilfelle
med Vest-Tysklands Ostpolitik. Og då ideen om ei gassrøyrleidning frå
Sovjetunionen til Vest-Europa vart lansert på 1980-talet, vart det godt mottatt
jamvel av Storbritannia under Margaret Thatcher.
USA vart skremt av
utviklinga. Utan suksess gjekk dei mot gassleidningen. Dei freista undergrave
alt snakk om gjenoppliving av europeiske styrkar utanfor Nato.
Presset auka med
samanbrotet til kommunismen i 1989 og oppløysinga av Sovjetunionen i 1991.
Ettersom Nato vart skapt for å forsvare Vest-Europa mot eit Sovjet styrt av
kommunistar, kva funksjon skulle Nato no ha? USA var bestemte på ikkje å
tillate framveksten av sjølvstendige europeiske strukturar, frikopla frå USA,
eller verre, kanskje den «felles europeiske heimen» som inkluderte Russland,
som Mikhail Gorbatsjov hadde gjort framlegg om. Det umiddelbare
strukturspørsmålet for Nato galdt ekspansjon – å inkludere eller ikkje
tidlegare Sovjet-satellittar som no var frigjorde frå lenkene til
Sovjetunionen/Russland. USA pressa hardt mest frå starten for at dei skulle inn
i Nato. Vest-Europa var mindre entusiastisk. Dei tidlegare satellittane såg
innmelding som band til USA; som vern mot Russland; som opning for økonomisk
framgang. USA såg innmelding som eit hinder for at Russland kunne reise seg
att, men enno meir som garanti mot at «Europa» skulle bli i stand til å
frikople seg frå det nære sambandet med USA.
Krigen i Irak forverra
stoda kraftig. Donald Rumsfeld håna to Europa – «det gamle», utan kraft og
samarbeidsvilje, og «det nye» som forplikta seg til same mål som USA. Frå
starten i 2003 var det faktisk tri Europa: Rumsfelds «nye» Europa (dvs dei
tidlegare Sovjet-satellittane); dei som avslo å vere med i «koalisjonen av
villige» (særleg Frankrike og Tyskland); og dei vest-europeiske landa som
støtta invasjonen i 2003 (særleg Storbritannia, Spania og Italia). Frankrike og
Tyskland kom politisk nærmare Putins Russland gjennom felles motstand mot USA i
FN.
Presset heldt fram. Då
USA i år pressa på for å starte prosessen med å inkludere Ukraina og Georgia i
Nato, møtte dei sterk motstand ikkje bare frå Frankrike og Tyskland, men frå
Storbritannia, Spania og Italia. Det var faktisk støtte bare i fire av dei
aust-europeiske landa – Polen og dei tri baltiske statane.
Så kom Saakasjvilis marsj
inn i Sør-Ossetia og Russlands kraftfulle og framgangsrike motstøyt. Polen og
dei tri baltiske statane gav straks full støtte til Georgia, og USA heva litt
mindre raskt det retoriske nivået, og sendte inn krigsskip med humanitær hjelp.
Kva gjorde Vest-Europa?
Straks og utan å konsultere nokon forhandla president Sarkozy i Frankrike fram
ei våpenkvile og fekk så støtte frå EU. Kanslar Merkel i Tyskland forhandla så
vidare med Russland. Jamvel Silvio Berlusconi i Italia telefonerte Putin. Alt
medan Condoleezza Rice var borte frå det verkelege diplomatiske biletet.
Fungerte diplomatiet?
Sjølvsagt bare til eit punkt ettersom striden framleis står om kor dei russiske
styrkane er og den umiddelbare russiske godkjenninga av sjølvstendet til
Sør-Ossetia og Abkhasia. Men vest-europeiske statsleiarar held fram med fråsegner
om at ein må unngå å kutte band til Russland.
Mest slåande av alt er
ein kommentarartikkel i Financial Times av Kishore Mahbubani, akademikar frå
sterkt vestorienterte Singapore. Mahbubani seier at 10 prosent av verda
fordømmer Russland, og at dei andre 90 prosentane «morer seg over vestleg
moralisme i Georgia». Han seier Mao Zedong hadde rett i ein ting – å skilje
mellom hovudmotseiinga og dei underordna motseiingane der ein alltid må
kompromisse. «Russland er ikkje i nærleiken av å vere hovudmotseiinga Vesten
står framfor.» Han avsluttar med å seie at det er vestleg «feilaktig
(strategisk) tenking» som gjør verda farlegare.
USA er enno ikkje klar
til å lytte til vise råd frå eigne venner i den ikkje-vestlege verda.
Vest-Europa strir seg fram til å forstå kva som står på spel. Nato kan ikkje
overleve med den ubrukelege strategien i det Mahbubani kallar «æraen etter den
kalde krigen».
Immanuel Wallerstein
© Immanuel Wallerstein.
Omsett av Gunnar Danielsen.
[Copyright by Immanuel Wallerstein,
distributed by Agence Global. For rights and permissions, including
translations and posting to non-commercial sites, and contact:
rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is
granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the
essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact
author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries