http://fbc.binghamton.edu/commentr.htm
Kommentar nr 241, 15.09.08
Ny verdsorden: Slutt på første akt
Det ville
vere eit mistak å undervurdere kor viktig avtalen fungerande EU-president,
Nicolas Sarkozy i Frankrike, gjorde med Dimitri Medvedev, president i Russland.
Avtalen markerer den endelege slutten på første akt i den nye geopolitiske
verdsordenen.
Kva
avtalte dei? Russarane sa seg einige i å trekke alle troppane sine ut frå det
som er kalla "sentrale georgiske område" eller "sjølve
Georgia", dvs dei delane av Georgia som russarane ser som Georgia. Desse
troppane skal erstattast av 200 observatørar frå EU. EU garanterer at det ikkje
vil bli brukt makt mot Sør-Ossetia og Abkhasia.
Spørsmålet
om russisk godkjenning av sjølvstendet til Sør-Ossetia og Abkhasia har ein latt
heilt ope. Sarkozy og utanriksministeren i EU, Javier Solana, "håper"
at Russland i framtida vil sleppe EU-observatørar inn i desse to områda.
Utanriksministeren i Russland, Sergei Lavrov, sa at dei ikkje hadde lova noko
slikt og at "all framtidig observatørverksemd ville kreve godkjenning av
regjeringene i Abkhasia og Sør-Ossetia". Lavrov sa russiske troppar ville
bli i dei to områda "i overskueleg framtid". Sekretæren i det
georgiske nasjonale tryggingsrådet, Alexander Lomaia, merka seg samtidig som
han bifalt klare fristar for russisk tilbaketrekking frå sjølve Georgia, at
"den dårlege nyheten er at [avtalen] ikkje viser til [georgisk]
territorial integritet".
Avtalen
vart inngått mellom Europa og Russland, og USA spela inga rolle i det heile
tatt. Medvedev klaga USA for å ha velsigna den opprinnelege georgiske inngangen
i Sør-Ossetia. I motsetning til det, sa han, er europearane "våre
naturlege partnarar, nøkkelpartnarane våre". Den georgiske presidenten
fekk sterk oppmuntring frå John McCain, og visepresident Cheney fløy dit for å
fortelle at USA gav 1 mrd dollar til georgisk attreising. Men forsvarsminister
Robert Gates sa då han skulle forklare korfor militær hjelp ikkje var med og
korfor det ikkje kom på tale med sanksjonar mot Russland at "om me handlar
overilt, kan me ende opp som dei som blir isolerte".
Så kva
med resultatet? Russland har fått det meir eller mindre som dei ønska i
Georgia. Den "definitive" godkjenninga av Sør-Ossetia og Abkhasia kan
godt bli noko dei vil kjøpslå med i framtida som del av eit grunnleggande
skifte i Georgias relasjonar til Russland. Eller ikkje. Faktum er at Europa
trur seg nøydd til å komme overeins med Russland og har utelukka fornying av
det kinesarane kaller "den europeiske borgarkrigen".
USA ser
seg ikkje ha noko verkeleg kort å spele ut. Imens blir dei offentleg avviste av
sine nærmaste allierte i Midtausten. I Irak er statsminister al-Maliki ein tøff
forhandlar i spørsmålet om USA-troppane skal bli, og det er ikkje umauleg han
vil hindre vidare konsesjonar til USA, at den noverande avtalen som sluttar 31.
desember ganske enkelt går ut.
I
Afghanistan er president Karzai så forbitra på bombinga til spesialtroppane til
USA at han har kravd "ei vurdering av nærværet til troppane frå USA og
Nato i landet" i det CBS kallar "ei skarpt forma fråsegn". Den
umiddelbare provokasjonen var eit luftåtak i Azizabad som USA sa hadde få
skadde og var eit åtak på ei Talibangruppe. Afghanarane insisterte på at det
ikkje var talibanarar der og at eit større tall sivile vart drepne. Då FN-folk
og andre støtta den afghanske versjonen, gjekk øvste USA-generalen i
Afghanistan, David McKiernan attende på USAs framstilling og ba om ei vidare
undersøking på høgt nivå av ein general som skulle komme frå USA.
Og i
Pakistan gav president Bush løyve til at USA-troppar kunne forfølge Taliban frå
Afghanistan inn i Pakistan, mot rådet frå Det nasjonale etterretningsrådet som
sa det ville innebere "ein stor risiko for vidare destabilisering av
Pakistans militære og regjering". Inntrenginga førte til det New York
Times kalla "ei uvanleg sterk fråsegn" frå hærsjefen i Pakistan,
general Ashfaq Kayani, som sa styrkane hans ville forsvare Pakistans
suverenitet "uansett kostnad". Ettersom regjeringa i USA har sett på
general Kayani som ei sterk støtte i Pakistan, er det ikkje akkurat dette USA
håper å høyre.
Så,
ignorert i Georgia og under åtak frå sine nærmaste allierte i Irak, Afghanistan
og Pakistan, går USA noko ulykkeleg inn i røyndommen i verda etter den kalde krigen,
der dei må spele etter nye reglar som dei finn heller uappetittelege.
Imens,
som ein ironisk men ikkje uviktig fotnote, på 10. september vart det feira ei
viktig utvikling i partikkelfysikken i Geneve. Her klarte det europeiske
labaratoriet kalla CERN eit vitskapleg gjennombrot etter 14 års arbeid og 8 mrd
dollar. Det var ein så viktig augneblink i vitskapshistoria i verda at
motpartane deira i USA ved Fermilab i Batavia, Illinois, opna sjampanjeflaskene
kl 0438 om morgonen for å feire. Likevel innrømte direktøren for Fermilab, Pier
Oddone at det var ein "bittersøt augneblink". Til 1993 styrte USA
partikkelfysikken. Fylt av sjølvtillit etter å ha "vunne" den kalde
krigen, trudde Kongressen i USA det året at det vart for dyrt - og ikkje lenger
geopolitisk naudsynt - å bygge ein slik superkollisjon som var naudsynt for nye
framsteg i partikkelfysikken. Europearane fatta ein annan type vedtak, og USA
finn seg no på andreplass her au.
Eg kallar
det slutten på første akt fordi det har stadfesta at me no har ein verkeleg
multilateral geopolitisk arena. Sjølvsagt vil det bli fleire akter. Og alle
trufaste teatergjengarar veit at første akt bare presenterer spelarane. Det er
i andre akt me verkeleg får sjå kva som skjer. Og så er det tredje akt med
oppklaringa.
Immanuel Wallerstein
[Copyright by Immanuel Wallerstein,
distributed by Agence Global. For rights and permissions, including
translations and posting to non-commercial sites, and contact:
rights@agenceglobal.com, 1.336.686.9002 or 1.336.286.6606. Permission is
granted to download, forward electronically, or e-mail to others, provided the
essay remains intact and the copyright note is displayed. To contact
author, write: immanuel.wallerstein@yale.edu.
Disse
kommentarene, publisert to ganger i måneden, er ment å være refleksjoner rundt
den samtidige verdenssituasjonen, sett, ikke ut fra dagsaktuelle overskrifter
men de lange linjer.
_____
Email this Commentary to a colleague
______________________________________________
Go to List of Commentaries